YMIST

Frå (tal-)magi til røyndom

I eit innlegg i Dag og Tid 22. juni knip Helge Sandøy meg i å ha mistydt ”uppgåveordlyden” hans. Det er greidt; eg ser skilnaden på å telja ord og bokstavar. Men når alt kjem i hop spyrst det um nokon av framgangsmåtarne gjev eit fullgodt bilæte av røyndomen. Hugodden hans Sandøy er at ein misser viktuge likskapar med å halda seg på ordplanet (”nynorsk” bedriftsforsamlingi vert kunstigt ulikt ”bokmål” bedriftsforsamlinga), men samstundes kann rein bokstavteljing gjera irrelevante slumpetreff til likskap. Eg skal gjeva eit døme: Tri av åtte bokstavar i ordet framlegg stend på same plass som i ordet forslag (f, l og g). Med bokstavteljingi hans Sandøy skulde det gjeva ein likskap med bokmål på 37,5%!

Når ein tel bokstavar, som Sandøy, er det ikkje beinkløyvt kva for nokre bokstavar som skal mælast upp mot einannan. Skal ein byrja framanfrå og setja ein og ein bokstav upp mot einannan, elder skal ein sjå meir stort på det? Slike vurderingar er avgjerande for um det i det heile er nokon likskap millom ord som veke og uke, hvor og kor. Og kor stor er likskapen millom ordi avgjerd og avgjørelse i røyndi? 56%? 71%? Bokstavteljemåten reiser fleire spursmål enn han gjev svar. Kann henda bør det utarbeidast ein tridje måte å telja på, som tek umsyn til både ord, ordrøter og endingar, og som vektar deim på forsvarleg vis. Men det skal eg lata Sandøy få taka seg av.

Same korso ein vrid og vender på tali (og ordi), er det ei kjensgjerning at Sandøy ynskjer å fremja ein nynorsk som likjest meir på bokmålet enn t.d. den nynorsken eg vil fremja. Det stend fast anten me tel ord elder bokstavar. I det fyrre innlegget mitt sette eg det på spissen og sagde at folkemålslina hans Sandøy fører nynorsken beint inn i bokmålet. Sandøy segjer ikkje noko på den skildringi i svaret sitt, og det gjev grunn til undring. Kann henda tykkjer han det er heilt greidt at nynorsken vert gjenomsyrd av bokmål, so lenge det fører honom nærare ”folkemålet”? For bokmålet er åt å verta det eine store og rettelege folkemålet, so skilnaden er ikkje so stor.


Klaus Johan Myrvoll, 20040720

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag