YMIST

Passiv (bok-)mållæring

Professor i målvitskap Curt Rice hevdar i eit innlegg i Dag og Tid 20. juli at det norske målordskiftet hev køyrt seg fast i gamle spòr. Han meiner at det finst berre tvo standpunkt: «Nokre insisterer på at norske born må ha kompetanse til å skriva både bokmål og nynorsk, medan andre tykkjer at det held med berre den eine målforma.» Når det er råd å ynskja nynorsk til einaste riksmål, og samstundes vera tilhengjar av sidemålsstilen (det hev m.a. vore vanleg i målungdomskrinsar), syner det at framstellingi åt Rice treng nyansering. Det er helder ordskiftet um den påbodne sidemålsupplæringi i framhaldsskulen (vidaregåande) han tenkjer på, og ikkje målordskifte i vid meining.

Rice meiner at ei løysing på sidemålsspursmålet kann vera å driva det han kallar «passiv språklæring». Det tyder at elevarne skal lesa tekstar på hitt målet, men ikkje læra å meistra det i skrift. Dette minner mykje um dei mange utspeli frå Unge Høgre, same kor mykje Rice freistar å byggja uppunder syni si vit­skapleg. «Sidan ein oppnår passiv kompetanse ved å verta utsett for ein varietet, vil oppgåva til skulen verta å utsetja elevane for den andre skriftnorma», segjer Rice, og ulikt Unge Høgre avgrensar han ikkje framgangsmåten til berre norsktimarne. Elevarne skal kunna få lærebøker på det «passive» målet i andre fag òg, og Rice nemner biologi og geografi til døme.

No er det berre det at me hev ei slik passiv mållæring i Noreg alt, og den er i fleirtalsmålet bokmål. I Noreg møter folk bokmålet alt frå dei er småborn, og det fylgjer deim gjenom heile uppvoksteren. Fyrst munnleg gjenom fjerrsjå, radio og filmar av ymse slag, seinre skriftleg på skulen og i samfundet elles. Eg torer hevda at so godt som alle norske seksåringar er i stand til å tala bokmål nokolunde reint når dei byrjar på skulen. Ein treng ikkje ha gått mykje sandkasseleik for å skyna det. Framleides greider alle born med eit minstemål av tame å tileigna seg bokmål skriftleg, anten dei fær skikkeleg upplæring i det elder ikkje. Det tyder sidemålsundervisningi i nynorskumråde på, som mesta ikkje krev røynleg upplæring i grammatikk og ordval. Rice ser berre på skulen, og med di lausriv han mållæringi åt elevarne frå samfundet ikring deim.

Med grunnlag i denne stoda må ein spyrja seg kva godt det skulde føra med seg at nynorskelevar fekk geografibøkerne sine på bokmål. Nynorsk er mindretalsmålet, og alle etterrøknader som hev vorte gjorde på dette umkvervet dei seinste åri (og mange av deim er vitskaplege!), syner at elevar i nynorsk­­­umrådi hev vanskar med å læra seg og halda ved like skrivedugleiken i nynorsk. No kann noko av dette koma av at nynorsken so som han er i dag, hev ei for innfløkt og inkonsekvent rettskriving (sist peika på av Lars Bjarne Marøy i eit innlegg i Dag og Tid 13. juli), men ein viktug grunn til at nynorskelevarne hev vanskar med å meistra eige mål er stoda for dette målet: Dei møter rett og slett for lite nynorsk i dei tekstarne dei les; elder sagt med ordi åt Rice: Dei vert for lite «utsette» for nynorsk. Å få lærebøker i mange fag på bokmål hadde berre vore til meins for desse elevarne, attåt at det hadde gjenge ut yver nynorsken ålment, som truleg hadde mist endå fleire brukarar.

Ein stad i innlegget sitt skriv Rice: «For å bu elevane på dette [at dei kann møta båe måli i skrift] bør dei ideelt sett verta utsette like mykje for kvar av målformene.» Dersom Rice hadde fenge sett framlegget sitt ut i livet, hadde det motverka dette «endemålet» for nynorskelevarne sin part. Derimot kunde framgangsmåten ha dugt til å gjera bokmålselevarne betre kjende med mindretalsmålet, som dei møter endå sjeldnare enn nynorskelevarne, må vita. Men det er vel politisk uråd å få til ei slik tviskifting av nynorsk- og bokmålselevar i eit land der likskap og rettferd stødt vert førd ut til det absurde, jamvel um det hadde vore det beste


Klaus Johan Myrvoll, 20040720

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag