YMIST

Mistydingar um høgnorsk

I Dag og Tid 3. mai skuldar Daniel Ims meg for å koma med «herlege sjølvmotseiingar og logisk harakiri» i ein utspurnad vika fyrr. Eg kann ikkje sjå at Ims hev påvist nokon sjølvmotsegjingar i det heile.

  1. Ims synest å meina at utsegni mi um at ein ikkje kann verdsetja stabilitet i ein skriftmålstradisjon for høgt logisk må få til fylgja at me må halda fast ved 1938-rettskrivingi, som etter Ims «står for den lengste tradisjonen i nynorsk». For det fyrste er det ikkje sant at 1938-rettskrivingi hev lengst hevd, med di høgnorsken hev vore i samanhangande bruk sidan byrjingi av 1900-talet. Og for det andre kann ein ikkje lausriva kravet til stabilitet frå prinsippet um at det bør vera ein indre samanheng og einskap i skriftmålet. Målet frå 1938 stend korkje for nokon stabilitet elder einskapleg tradisjon, med di det vart brigdt alt i 1959, og ovrar seg i eit sprikjande mangfelde av former og skrivemåtar som heile tidi er på glid mot norsk-dansk.
  2. Når eg segjer at det helst ikkje skulde ha kome nokon avvik etter at Aasen hadde lagt fram den endelege utgåva av ordboki si i 1873, meiner eg nett det, og ikkje at me ikkje skal taka umsyn til at det røynleg kom avvik. Men som eg sagde i framhaldet av dette, er det «viktugt å skilja millom dei brigdi som hev kome etter press frå norsk-dansk, serleg i samband med samnorskpolitikken, og brigde som hev kome av meir indre tildriv». Det tyder at me kann godtaka brigdet frå gjentorna til gjentone, men ikkje vidare til jentene, til dømes. Dette handlar ikkje um at norsken vart eit «bruksspråk»; det hev han vore like mykje heile vegen (kva elles?), men at me bør taka ei uppgjerd med den samnorskpolitikken som hev brote ned den indre bygnaden i skriftmålet vårt.
  3. Det synest som Ims hev mistydt den noko ugranne nemningi «Ivar Aasen si norm» i eitt av spursmåli, med di han skriv um «norma frå 1873» ein annan stad. Då eg fekk spursmålet «Meiner du at Ivar Aasen si norm bør vera den einaste i vår tid òg?» tydde eg «Ivar Aasen si norm» til Aasen-målet elder høgnorsken, elder dei tradisjonelle formene i 1917-rettskrivingi for å vera heilt grann. Difor svara eg som eg gjorde. Eg hev ingi vanskar med å forsvara at «det hadde sjølvsagt vore det beste» um høgnorsken, dei tradisjonelle formene i 1917-rettskrivingi, hadde vorte den einaste normi.
  4. Til det at det ikkje er so realistisk at ’Ivar Aasen si norm’ skal verta den einaste med det fyrste, men at høgnorskrørsla arbeider for at fleire skal taka målet i bruk og for at det skal verta meir godteke å skriva høgnorsk, segjer Ims: «Denne argumentasjonen kjenner vi frå før, det komiske er at Myrvoll framfører han openlyst, tilsynelatande heilt utan blygsel.» Kvifor skulde eg ikkje gjera det? Eg kann ikkje sjå noko komiskt i at ein tek umsyn til tilhøvi ein ser ikring seg når ein legg upp målarbeidet.
  5. I røyndi er det Ims som gjer seg skuldig i ei logisk rangslutning: «Først skal vi som skriv dåmlaus nynorsk vera rause og gi rom for høgnorskmennene, men ved høve skal vel norma frå 1873 gjerast til den einaste, og vi andre får vera glade og forsvinne.» Kvar hev han teke dette ifrå? Det finst ikkje nokon samanheng millom å hevda at det hadde vore det beste um høgnorsken hadde vore den einaste normi og at ein skal tvinga alle andre til å nytta henne når høvet byd seg. Her hev Ims lagt til ein premiss, det er at det er legitimt å bruka tvang mot ein måltradisjon. Det kann vera at Ims tykkjer det er greidt, og det syner berre at høgnorskrørsla hev ei uppgåva å gjera.

Klaus Johan Myrvoll, 20040720

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag