YMIST

Medan me ventar på høgnorskrevolusjonen

I Dag og Tid 24. mai held Daniel Ims fram med å finna åt deim som ynskjer å fremja høgnorsken. Han hev fenge det fyre seg at høgnorskmennene er fårlege karar som «ønskjer å komma andre former for nynorsk til livs». Det hev han rett i, men han hev openbert mistydt framgangsmåtane våre. Ims viser til «artiklar som høgnorskmennene har skrive tidlegare» der det er «lite som vitnar om at sinnelaget deira først og fremst er demokratisk», og meiner at «dette framstår som strategiar ein kjenner frå ytterleggåande politiske grupperingar».

Det er godt gjort å skapa seg eit slikt rengjebilæte av høgnorskrørsla, i alle fall etter å ha lese eit innlegg der eg segjer klårt ifrå um at eg ikkje ynskjer å bruka tvang i målvegen. Når eg i utspurnaden i Dag og Tid gav ord for at dugande skribentar ikkje må verta avviste av di dei skriv høgnorsk, greider Ims til slutt å rengja det til at høgnorskarane «vil ha fleirtalsvedtak når dét er tenleg». Sjølv hev han ikkje klårlagt si syn på saki, men segjer berre at han er «noko undrande til at somme i høgnorskgrupperinga meiner andre burde ta omsyn til målet deira». Nei, kvifor skulde dei det.

Ei onnor sak er det um ein bør hava statlege organ til å normera skriftmålet. Det finst snaudt noko grunnlag for å hevda at høgnorskrørsla tykkjer at «ei normerande sentralmakt er prinsipielt forkasteleg», men når ho er åtfinnug til den måten norske rettskrivingsnemnder hev gjenge fram på, er det av di det her hev vore sterke innslag av tvang og av at utanum-språklege (sét frå norsk synstad) umsyner hev voge tyngre enn umsyni til norsken sjølv. Når me like vel hev ein skipnad som Norsk språkråd, som same kva set fast ei norm som fær fylgjor for målbruket åt folk, må det vera fullt høve til å meina at tilnærmingsformene i statsnorsken bør takast burt utan å verta skulda for å vera udemokratisk.

Det er elles ikkje dålegt, jamvel til norskt ordskifte å vera, å greida å laga seg ein stråmann alt i fyrste avsnittet: Eg skulda ikkje Ims for å ha «mistydd høgnorsken», men for å koma med ei rad mistydingar um høgnorsk. Ims meiner at «den nynorsken som dei siste generasjonane har vent seg til å lesa og skrive», er den mest stabile. No er det berre det at statsnorsken ikkje kann segjast å vera nokon fast storleik på lina med t.d. høgnorsk elder engelsk. Eit meir rotut skriftmål skal ein leita lenge etter – dei mange valfrie formene sprikjer i alle leider. Då eg skreiv at ein ikkje kann lausriva ynskjet um stabilitet frå krav til indre samanheng og einskap i skriftmålet, meinte eg difor at me ikkje kann leggja fast ein norsk som stend i strid med seg sjølv. Norsken treng sårt ei vøling, og då lyt me hava visse méd å fara etter.

Fleire stader gløymer Ims kva den offisielle målpolitikken på 1900-talet gjekk ut på. Han meiner at det «blir gale å kalle rettskrivingsendringane på 1900-talet for endringar i norsk-dansk lei». Med andre ord skal det ikkje ha vore noko mål å nærma norsken til norsk-dansken, og samnorskpolitikken vert rein innbilling. Framleides segjer Ims at «endringane som kom i nynorsk følgde gjerne det ortofone prinsippet, i staden for det etymologiske». Greidt nog, eg skal ganga med på at jenta er ein meir ortofon skrivemåte enn gjenta, men hev Ims nokon gong tenkt på kvifor g-en vart stroken i gjenta, men ikkje i gjera elder gjerne? Elder kvifor d-en vart stroken i lid, men ikkje i tid? Elder like gjerne – kvifor h-en vart teken burt i norsk-dansk hverken, men ikkje i hva elder hvem? Her finst det visseleg forvitnelege innsyner å henta for den som torer å ganga utyver ei trongrømd innbolking i «etymologiske» og «ortofone» skrivemåtar. For desse umgripi lyt standa i høve til noko; um ikkje misser dei meining.


Klaus Johan Myrvoll, 20040720

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag