YMIST

Lite nytt frå Noregs mållag

Elisabeth Bakke og Håvard Teigen (skriftstyrarar): Kampen for språket. Nynorsken mellom det lokale og det globale Det norske samlaget 2001

På fyrejolsvetteren sende Noregs mållag ut boki Kampen for språket. Boki er fyrebils utfallet av arbeidet åt ei nemnd som Mållaget hev sett til å arbeida med upplegg og framtak for laget i tidi frametter. I boki er det samla ti stykke um nynorsk og nynorskbruk, attåt ei innleiding frå skriftstyrararne. Sét burt ifrå “Mål og meining”, som han Gunnar Skirbekk hev fenge trykt fyrr, er alle desse stykki skrivne serskilt for denne boki. Trass i dét kjem ho med lite nytenkjing ikring stoda for norsken.

So godt som alle stykki i Kampen for språket er gjenomsyrte av tvomålstenkjing; det er so godt som ingen som held seg for gode til å tala um “dei to norske målformene”, og det er jamvel dei som mæler for ei slik stoda. Formannen i laget, han Oddmund Hoel, legg fram det som må kallast eit grunnforsvar for norsk-dansken ut ifrå mangfelde-tenkjing: “Våre tipptipptipptippoldeborn eller kva generasjon det no skulle bli ei aktuell problemstilling for, bør ikkje utrydda bokmålet, korleis det då måtte sjå ut, men gje det eit naudsynt minoritetsspråkleg vern.” (s. 29).

Det som eg tykkjer er merkelegt med denne tenkjingi, er at dei som talar varmast um målmangfelde, i stor mun er dei same som ikkje kann opna for den hevdvunne norsken (Aasen-mål, høgnorsk) i skule og styringsverk; han Oddmund er elles eit godt døme på nett dét (jf. svaret hans til meg i Mål og Makt 1/2001). So er det helder ingen i Kampen for språket som tek upp spursmålet um kva slags norsk; dei reknar utan vidare “nynorsk” for å vera ein fast storleik som ikkje treng nokor nøgnare dryfting elder avgrensing.

Spursmålet vert: Korleides kann dei ut ifrå mangfelde og språkøkologisk tenkjing (jf. med det han Oddmund segjer på s. 21) forsvara å halda uppe tvo “norske målformer” so lenge desse vert berre meir og meir like? Og endå viktugare: Korleides kann dei forsvara dét at dei vert likare? Kampen for språket kjem ikkje med noko svar på desse spursmåli, og det er ikkje anna å venta når dei som skriv der ikkje ansar på den kraftige bokmålskingi som norsken vert utsett for i dag.

I det heile synest det som um Mållaget ynskjer å byggja upp ei “skinnsemja” i målsyn, og med di sopa heile ordskiftet under matta. Noko som stend på umslaget åt boki syner dette klårt. Der heiter det at målet med Kampen for språket hev vore “å opne for ulike stemmer, både når det gjeld form og innfallsvinklar, til språksituasjonen i Noreg”, og det vert vist til innleidingi, der skriftstyrararne skriv: “Vi må tåle å vere usamde om mangt, så lenge vi står saman i kampen for språket”. Kva tyder det i røyndi “å stå saman i kampen for språket”?

Det denne skinnsemja i Mållaget skal byggjast upp ikring (for ho hev ikkje fest seg heilt enno), ser ut til å vera tanken um at nynorsken er eit livskraftigt mål med mange brukarar og ein lut av det verdsfemnande mål- og kulturmangfeldet. Dette målet skal kunna få ein framskuv med å setja det inn ein “vidare samfunssamanheng”, ikkje minst med å knyta det i hop med striden for Bygdar-Noreg. Dette kjem klårast fram i stykket hans Oddmund Hoel, “Strategiske utfordringar for målrørsla”. Han smyr tjukt på og segjer at nynorsken hev “600 000-700 000 brukarar” (s. 20; dette talet ser ut til å auka for kvar gong ein ser det), og held fram at han “aldri [har] stått så sterkt som i dag” (s. 40). Med dette utgangsstødet vert uttydingi på kvifor målstriden “langt på veg [er] daud”, ikkje det at folk tykkjer statsnorsken er lite forvitneleg og målrørsla ufårleg og kraftlaus, men “vår eigen suksess” (s. 17).

I det nye samstemde vêrlaget skal det ikkje vera rom for åtfinnuge spursmål um nynorskrettskrivingi elder kva slags nynorsk som skal fremjast, for “det har gått dårlegare i dei periodane målrørsla har vorte ståande åleine og fokusert mykje på språket i seg sjølv utan å setja det inn i ein vidare samfunnssamanheng” (s. 32). Ikkje eingong når han Oddmund skal tyda ut kvifor mange ungdomar gjev upp statsnorsken, kjem han inn på at rettskrivingi kann vera ein vanske (s. 23), jamvel um granskingar hev synt at dét truleg hev meir å segja enn både “konformitetspresset i ungdomsmiljøa” og “dårleg tilgang på nynorske læremiddel”, som er grunnar han Oddmund vel å draga fram (sjå t.d. stykket hans Dagfinn Rødningen, “Ottadalen – ein utforbakke til bokmålet”, i boki Austlandsmål i endring, som kom ut på Samlaget i 1999).

Men rett skal vera rett: Det finst nokre stykke i boki som kann gjeva tilskot til den kunnskapen me hev um nynorsk og nynorskbruk alt, og dei er ikkje skrivne av filologar.[1] Eg tenkjer serleg på “Språkspørsmålet som del av den norske moderniseringsprosessen”, som han Svein Ivar Angell sogegranskar hev skrive, og “Nynorskbrukaren – kven er han?”, som er spursmålet han Ottar Hellevik samfundkjennar hev sett seg fyre å svara på. Han Svein Ivar dryfter grunnarne til at landsmålet kom på den rikspolitiske dagssetelen ikring hundradårsskiftet, men so miste denne posisjonen utetter på 1900-talet, og han Ottar legg fram uppgåvor som fortel korleides nynorskbrukarar ser på ei rad tilhøve som norsk EU-medlemskap, ulike verde og val av parti.

* * *

I andre helvti av denne meldingi skal eg taka for meg eitt av stykki i Kampen for språket som eg hev innvendingar til på eit meir faglegt grunnlag. Det er “Talemålsendring, samfunnsutvikling og kulturell identitet”, som er tilskotet hans Gunnstein Akselberg talemålsgranskar. Han neittar for at talemålsbrigdi gjeng i éi serskild leid (norsk-dansk), og viser til at mange måldrag som vik av frå norsk-dansken stend seg, og at mange nye drag som spreider seg, gjeng i motsett leid (s. 195-196). Mykje av dette ligg reint i utkanten etter mi meining (som jidde for gav og mast for mistet), og mange av dei brigdi han dreg fram kann like gjerne koma av bokmålspåverknad òg, t.d. gjev den nye formi husena mangstaden i Hordaland ein bygnad som svarar betre til norsk-dansk enn den hevdvunne formi huse/-o/-å (som han Gunnstein elles skriv husa!): norsk-dansk jentene og husene fær same form i målføret: jentena og husena. Når han skriv at avhogne former er “på frammarsj” i Nidaros (kast for kaste), skynar eg ikkje kva han byggjer på. Det gamle bymålet hev kast, og korleides skulde denne formi vera “på frammarsj” då? Sameleides kann han ikkje ha fylgt serleg med når han nemner former som skøyt og brøyt for skaut og braut millom nyvinningarne. Desse formerne, som hev upphavet sitt i Oslo, må vera minst 150 år gamle, og segjer mest um måltilhøvi i Oslo den gongen. Det at dei hev spreidt seg til mange byar i kongeriket sidan, er ikkje so vandt å skyna.

Kor som er, det er vel ingen som hev hevda at det ikkje kann koma upp former på norsk grunn i dag òg; det er berre det at formerne som kjem av påverkand frå norsk-dansk er so mykje fleire. Det er hovudstraumen i talemålsbrigdi det her er tala um, og den er bokmålsframsig. I enden av stykket skriv han Gunnstein at “eit særtrekk ved talemålsutviklinga i dag er at ingen går i takt”. Talemålsvoksteren i Noreg hev vel aldri gjenge heilt “i takt”, til det er landet for vidstrekt og munnarne for mange, men det er ikkje sant når han segjer at det “det er vanskeleg å peika på nokon klar tendens i den talespråklege utviklinga” (s. 210). Og um det er vandt å sjå farleidi, kvifor legg han til med ein gong etter: “men ho går ikkje i retning av eit bokmålsnært nasjonalt standardtalemål”?

Det er elles mykje av det han Gunnstein skriv som ikkje heng på greip. Til dømes skriv han at bymålet i Fosna på Nordmøre “ser ut til å ha eit meir komplisert formverk enn fleire av dialektane i distriktet på Nordmøre” (s. 197). Her kann ikkje han Gunnstein ha sett seg mykje inn i dei røynelege måltilhøvi, for dei styd det me veit frå andre stader i landet: bygdarmåli hev eit meir innfløkt bøygjingsverk enn det byarne hev.

På sida 203 nyttar han umgripet “senking” um brigdet frå /e/ til /æ/ i Bjørgvin “i posisjonar der skriftspråket har æ, t.d. i ordet pære”. Umgripet “senkning” (på norsk lågning elder lægjing) vert nytta um ein ljodvokster som fører til at ein ljod vert uttala lægre i munnhola enn han vart tidlegare. Men det som hender i Bjørgvin i dag, er ikkje ljodvokster i eigenleg tyding, men lån frå norsk-dansk (“skriftspråket”), noko han Gunnstein er inne på sjølv òg. Difor vert det rangt å nytta umgripet “senking”, so som han gjer.

Noko han Gunnstein skriv som fær uheldige målpolitiske fylgjor, er at norsk-dansken skal vera laga “med utgangspunkt i bymålet og det danske språket” (s. 209). Rett nog vart norsk-dansken til med at det upphavlege danske skriftmålet vart lagt upp mot “den dana daglegtala” i byarne (= tala norsk-dansk), men det er ikkje det einaste bymålet. Det hev ovmykje å segja at me skil millom det norske bymålet i byarne og det norsk-danske (jf. målskili millom aust og vest i Oslo). Landsmålet samlar upp i seg like mykje dei norske bymåli som dei norske bygdarmåli. Endå verre vert det når han samstundes segjer at norsken vart skipa på grunnlag av “bygdedialektane”, og soleides lagar ein skilnad millom by og bygd som i røyndi ikkje finst der. Skilet gjeng millom norsk og dansk, ikkje millom bygd og by!

Mot enden av stykket sitt talar han Gunnstein um “den auka talespråklege pluralismen”, som skal vera den stoda at me høyrer mange ulike talemål kring oss dagstødt. Han sluttar at “kanskje er det på tide å forstå dialektomgrepet på ein ny måte, slik at det også kan omfatta det meste eller alt talemål innom eit avgrensa geografisk område” (s. 211). Eg kann ikkje sjå kva me skal tena på ei slik utviding av målføreumgripet, som bryt med all hevd. Kva skal me kalla dei hevdvunne målføri då? Han Gunnstein og mange med honom må berre sannkjenna at det må setjast visse krav til det som skal ganga under nemningi ‘målføre’.

Endeleg må eg nemna noko som set honom Gunnstein i eit noko merkelegt ljos: Når han skal byggja upp under at talemålet er nær knytt til korleides me liver upp kvardagsverdi vår, viser han til “ei sosiolingvistisk gransking som er gjord på Voss” (s. 201), utan at han segjer beint fram at det er han sjølv som hev gjort granskingi!

* * *

Etter mi syn er Kampen for språket ei sers keidsam og lite forvitneleg bok, og ho kjem med lite nytt og kveikjande um nynorsk og målsak. Det er ikkje verdt å kasta burt tid på å pløgja gjenom dei drjugt 250 sidorne, um ein ikkje ynskjer å sjå kor ille det stend til med Noregs mållag for tidi, då.

[1] Jamvel um han Oddmund skriv at ”våre spørsmål i det store og heile [har] vore overlatne til filologane”, og at Kampen for språket er ein fyrste freistnad på å draga med samfundsgranskararne, er ikkje mindre enn 5 av dei 10 som hev vorte kalla til å skriva i boki, nett målkjennarar.


Klaus Johan Myrvoll, 20040720

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag