YMIST

Hegna um i-målet!

Ivar Aasen-sambandet vart skipa i 1965 og hev til fyreloga å dyrka og fremja det heilstøypte og rike målet som Ivar Aasen grunnlagde. I-målet er ein umissande lut av målarven vår, og me helsar med gleda den nye tilstemna frå styresmakterne um å gjera slutt på tilnærmingi millom norskt mål og norsk-danskt bokmål. Samnorsksyni gjekk ut på å skjera burt alle sermerkte norske former, som til dømes typeformerne soli og visor, og når ei ny leid skal stakast ut no, er det best og klokast at i-formerne atter kjem i jamstoda med a-formerne.

I desse dagar dryfter Norsk språkråd um sideformsystemet skal avskipast. Ivar Aasen-sambandet hev merkt seg dette, og uppmodar Språkrådet på det sterkaste um å syta for full jamstelling av det tradisjonsrike i-målet jamsides den rådande læreboks-nynorsken. Med å støyta i-målet ut frå rettskrivingi gjer Språkrådet det nynorske skriftmålet minder sermerkt norskt og minder skifterikt, og me vonar at alle freistnader på å setja stengje for i-målet vert viste attende.

Det er ymse grunnar til at ein slik skipnad er mest tenleg:

  1. Ivar Aasen, flogvitet som grunnlagde det nynorske skriftmålet, valde i-formerne. Normvalet hans veg tungt for det unge skriftmålet som nynorsken er enno.
  2. Målføri mange stader skil greidt millom lint og sterkt hokyn, anten i eintal (bygdi, men visa) eller i fleirtal (bygder, men visor). Skilet finst nordanfjells i Trøndelag og på Helgeland, mangstad vestanfjells (t.d. Nordhordland, Voss, Hardanger og Sogn), og i dalmåli austanfjells heilt til Indre Agder.
  3. Bygnaden i nynorsken ligg til rettes for i-formi. I-målet hev fylgjerett ei opi bok, den opne boki, medan a-målet blandar ho- og hankynsendingar saman: ei open bok, den opne boka. Soleides gjev i-formerne målet ein synberr og lettlærd grammatikk.
  4. Bokheimen på i-målet femner um mykje av det som er skrive på nynorskt mål, frå Aasen, um Blix, Vinje, Sivle, Garborg, Aukrust, Vaa, Bruheim fram til Olav H. Hauge. Ei rad kjende og kjære salmar og songar er skrivne på i-mål.
  5. I- og o-endingar, som er typiske serkjenne for i-målet, gjev målet ein sjeldsynt skifterik og vokalisk velklang som lærebokmålet vantar.
  6. Tradisjonen trengst for det nyreiste norske skriftmålet. I-målet knyter band attende til fyrrtidi og gjer det lettare å ausa or dei rike skriftlege kjeldorne til nynorsken.
  7. Samnorsktidi er umme. Ein avgjerande grunn til at a-formi vart gjord til einaste lærebokform i norsken i 1938, var at bokmål og nynorsk med tid og stunder skulde samla seg i ei sams a-form. Denne tanken førde ikkje fram. På same visi som bokmålet fekk att -en-endingarne sine, lyt nynorsken få att den sermerkte endingi si på -i.

Med jamstelt status kann i-endingarne på nytt lag syna seg i ordlistorne i skularne, og lærararne kann lettare læra upp elevarne til å nytta dette norske og kjernefulle målet. Ivar Aasen-sambandet vonar at forbodstidi for i-målet no snart tek slutt. 64 år utanfor lærebokmålet er 64 år for mykje. Det er no høve til å gjera upp for uretten mot i-målet.


Klaus Johan Myrvoll, 20040720

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag