YMIST

Filologisk talmagi

I eit ordskifteinnlegg i Dag og Tid 25. mai hevdar Helge Sandøy, som er professor i norderlendsk og målsmann til Norsk språkråd, at 93% av skrivemåtarne i leidaren åt Svein Gjerdåker 18. mai er dei same som deim me finn på bokmål. Ikkje berre er dette talet alt for høgt, men Sandøy nyttar det retorisk til å veikja skilnaden på meir og mindre bokmålspåverka utgåvor av nynorsken. Han hev openbert vanskar med å forsvara at folkemålslina hans fører nynorsken beint inn i bokmålet.

Eg hev ikkje for vane å ansa mykje på statistikk, tal og frekvensar i samband med rettskrivingsspursmål, men då eg las det nemnde talet åt Sandøy, reagera eg med ein gong på at det var so høgt. Eg tenkte det kunde vera forvitnelegt å røkja etter um Sandøy hadde rekna rett, og difor gjekk eg gjenom leidaren ord for ord, og bæste ordi etter um dei hadde lik skrivemåte med bokmål elder ikkje. Men allra fyrst tok eg ut ord som ikkje hev noko med skilet bokmål/nynorsk å gjera. Det gjeld eigennamn som Norsk språkråd og Vogt-komiteen og bokstaven j, og dessutan alle dei ordformerne Gjerdåker nemner. Då sat eg att med eit tilfang på 262 ord. Av desse hev eg rekna ord og former som ikkje finst i Bokmålsordboka (slike som røysta, verta, korleis og dei) for sermerkt nynorske, og resten for bokmålslike former.

Med denne framgangsmåten hev eg kome fram til heilt andre tal enn Helge Sandøy. Dersom me reknar med ein vid bokmålnormal (medrekna sideformer som overleva og anna), finn me at 56 av ordi og formerne i leidaren åt Gjerdåker er sermerkte for nynorsken. Motsett kunde 206 av ordi like gjerne ha vore bokmål, og prosenten likskap med bokmål vert 79, 14% mindre enn talet Sandøy gjev upp. Dersom me held undan dei nemnde sideformerne, attved nokre hovudformer og ord som er sers lite nytta på bokmål (former som veka, laust og framleis, og ord som framlegg og ordtilfang), og set upp eit meir avgrensa (les: vanlegt) bokmål, vert talet 72%. Og dersom me vil strekkja oss langt, og lata ute både hokynsartikkelen ei og a-endingar i verb og substantiv frå bokmålet me jamfører med, som det kann vera grunnlag for ut ifrå bruket, kjem talet på like skrivemåtar med bokmål i leidaren heilt ned i 68%. Det er 25% mindre enn Sandøy!

Korso Sandøy hev kome fram til 93%, er ikkje eg kar um å skyna. Men eg hev mora meg med å setja um leidaren åt Gjerdåker til både Sandøy-nynorsk og min eigen høgnorsk, og rekna meg fram til kvar me hadde hamna på den same bokmålsskalaen. I ”Sandøy-leidaren” var det berre 29 ord av dei 262 som skilde seg ut frå bokmålet, og som synte at det var ein slags nynorsk. Det gjev ein bokmålslikskap på 89%. Med andre ord hadde ikkje ein gong Sandøy sjølv skrive so likt bokmålet som han hevda at Gjerdåker gjorde! I høgnorsk-leidaren min var det 101 ord som skilde seg frå bokmålet, og likskapen med bokmålet vert berre 61%. Det er eit stykke undan Sandøy, det! Men pytt sann, Sandøy tek nog ikkje det so tungt, for han veit med seg sjølv at det er norskt talemål han tek utgangsstøde i, og ikkje bokmålet.

No skal eg vera den fyrste til å ganga ved at slike ordteljingar hev store veikskapar, og at det i røyndi er ei avspòring i normeringsordskiftet. Men det er ikkje til å koma ifrå at det finst ein røyndom attum desse tali. Det er ikkje tilfellelegt at Sandøy nyttar um lag 30% fleire bokmålslike ord og former enn eg, og at Svein Gjerdåker hamnar midt imillom oss ein stad. Det er uttrykk for ulike nomeringssyner, og korso me ber oss åt i høve til den sterke bokmålskingi som trugar med å trengja norskt skriftmål til sides.

Vansken med talleiken åt Sandøy er at han freistar å laga seg eit billegt poeng med å syna ”kor lik” nynorsken er bokmålet (tenk, 93%!). Nynorsk og bokmål er nærskylde mål, og ein skal ikkje venta seg nokon serleg skilnad på deim. Med det utgangsstødet vert det påemna frisleppet av samnorskformer vandelaust. Samstundes ynskjer Sandøy å gjeva tokken av at mange former i nynorsken ikkje hev noko med bokmålet å gjera. Det er rangt og sogelaust. Dei fleste formerne Sandøy kallar ”folkemålsformer”, hev kome inn gjenom ei medviti tilnærming til bokmålet på 1900-talet, og same um mange av desse formerne finst i sume målføre attåt, er det eit slåande samsvar millom det utvalet av målføreformer som hev kome inn i nynorsken (for det er eit utval!), og dei formerne ein finn i bokmålet. (Hev einkvan tenkt på kvifor det ikkje er lov å skriva hau(d) og hove på nynorsk?)

Sandøy minskar normeringsspursmålet til eit spursmål um talemålsnærleik, og det vert uråd å finna åt honom for at nett dei ”folkemålsformerne” han vil hava inn i lærebøkerne, fører nynorsken beint inn i bokmålet. Når Svein Gjerdåker peikar på desse leide kjensgjerningarne, er det ”eit meiningslaust perspektiv ” og ”vankunne” i augo åt Sandøy. Han ser rett og slett burt ifrå at nynorsken kann flytja seg langs etter ein akse der ’likskap med bokmålet’ og ’nynorske sermerke’ er motpolar (jf. utsegni i Dag og Tid 18. mai um at det er ”tilfeldig og irrelevant” at formerne han vil sleppa laust i norske lære­bøker, liknar bokmålet).

At fleirtalsmålet i eit land påverkar mindretalsmålet, er velkjent, og målstoda i dag tvingar fram spursmålet: Kor likt kann mindretalsmålet (nynorsken) verta fleirtalsmålet (bokmålet) fyrr det misser tilveregrunnlaget sitt? Ut ifrå kulturøkologisk tenkjing bør ein dyrka fram det som er sermerkt for eit mål i høve til andre mål, og ikkje leggja det so nært upp til deim som råd. Når Sandøy hev valet millom å fremja sermerkte norske folkemålsformer og bokmålsnære norske folkemålsformer, kvifor vel han det siste då? Den nynorske serhåtten ligg ikkje i det å likna på bokmålet.


Klaus Johan Myrvoll, 20040720

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag