YMIST

Ei grunngjeving for høgnorsksyni

Under yverskrifti “Kritiske merknader til to mållagsleidarar” skriv Knut Egil Steffens um ordskiftet millom meg og Oddmund L. Hoel i Mål og Makt det seinste året. Innlegget stod på prent i Dag og Tid 28. juni. Endå Steffens hev godhug for høgnorsksyni, tykkjer han at grunngjevingi for denne syni er veik og uklår. “Ivar Aasen-sambandet byggjer på ein heilt foraldra ideologi”, hevdar han, og gjeng til åtak på den nasjonalismen målrørsla hev fremja, og som mange høgnorskingar nyttar til å grunngjeva målet sitt.

Steffens kallar ideologien åt Ivar Aasen-sambandet “ein storkna og ufræv språkleg nasjonalisme”. Det kunde vore forvitneleg å vita kva han legg i ei slik forming. Høgnorsken er eit heilt upp livande skriftmål, som vert halde uppe og dyrka fram av ein sterk og medviten målmannaflokk. Dei byggjer uppglødingi si på ynsket um eit reint og sermerkt norskt mål. Og målet er i vokster. Nye ord tufta på norsk grunn veks til, samstundes som gamle og hevdvunne ord og segjemåtar vert tekne godt vare på og leita fram att. I røyndi er det norske målet ei utømande kjelda å ausa or, og langt frå storkna og ufrævt.

“Det nasjonale argumentet bit ikkje lenger”, hevdar Steffens, og etterlyser den elden som kunde få det norske folket til å ganga inn for høgnorsk. Det spyrst um nokon slik samlande “eld” finst i det heile. Det kjem allveg til å vera ulike syner på målet, og ein kann ikkje venta å samla alle inn under ei fana. Då fær det meir å segja at me held fram ei klår og gjenomtenkt syn, so folk kann taka stoda til det me stend for. Berre då kann me vinna fram. Jamvel um det er ein uskynleg tanke for mange at bokmålet ikkje er norskt, kann me ikkje sjå burt ifrå den skilnaden som finst i tjodhått millom dei tvo måli i Noreg. Då fell mykje av grunngjevingi for norsken burt.

Det er fulla eit drjugt påstand når Steffens segjer at “nokon norsk identitet aldri hev funnest”. Ingen kann neitta for at det finst eigne norske sermerke, seder og hevder som til saman gjer ut ein norsk serhått, og motsett av det Steffens synest tru, er denne serhåtten betre synleg i målvegen enn i mykje anna. Medan ein kann ordskiftast um rosemålingi elder æventyri er serskilt norske, er det ikkje vandt å slå fast at vika (i ei elder onnor form) er det norske ordet for det som i andre (skylde) mål heiter uge, week og Woche. Lenger fram kann ein hevda at (høgnorsk) vika er ein betre samnemnar for norsk enn (nynorsk) veke, av di den høgnorske formi kann tyda ut alle målføreavbrigdi med ein målvitskapleg tenkjemåte, attåt at ho hev hevd radt frå gamalnorsk. På meir enn ei vis er høgnorsken norskare enn statsnynorsken.

”Nasjonar er tenkte konstruksjonar”, held Steffens fram. Grunntydingi åt ordet konstruera er ’byggja upp, setja saman til ein heilskap’, og me kann godt segja at tjoder er uppbygde, um me tek dei norske ordi til hjelp. Men dét treng vel ikkje hava noko å segja? Ei attåttyding ordet konstruera hev fenge er ’laga noko på kunstig vis’, og det kann vera den tydingi Steffens hev havt i tankarne. So sant tjoderne gjev meining for oss og me kann skilja ut noko som sermerkjer kvar av deim, er dei røynlege. Dersom den norske tjodskapen skal hava noko skaplegt innhald, treng han høgnorsken.

Steffens sluttar seg til Hoel i at bokmåliseringi av nynorsken “er eit urikkande faktum som det nærmar seg røyndomsbrest å tru at ein kan gjera noko effektivt med”, men spyrr likevel etter vitsen med “ein utvatna og dåmlaus nynorsk”. Eg meiner ikkje at dårleg og utvatna nynorsk er betre enn ingen. Låk nynorsk vert gjerne eit bægje for rein og dåmrik norsk av di han danar mynster for skrivevanarne åt folk. Ivar Aasen-sambandet fremjar ein hevdvunnen norsk til å demma upp for bokmålspåverknaden. Då fær me berre liva med at nokon kallar det røyndomsbrest å vilja arbeida for å brigda stoda.

Jamvel um Steffens er åtfinnug andsynes dei grunnarne som hev vorte gjevne for nynorsken, som alle skal vera “keidsame og utslitne”, legg han ikkje fram nokor onnor grunngjeving for målreisingi. Det einaste forsvaret han kjem med, er at nynorsken er ein lut av mangfeldet i Noreg. Til liks med det distriktspolitiske raseriet åt Hoel er dette ein sandgrunn å byggja målreisingi på. Mangfeldet er ikkje noko fast; det kann ymsa mykje med tidi kva det rømer. Medan ein kann setja visse krav til noko som skal kallast norskt, finst det ingi serskilde kjennemerke på mangfeldet. Dersom me ikkje kann gjeva andre grunnar for nynorsken enn at han ein gong er her, kjem han til å falla med ein gong einsrettingi set inn.


Klaus Johan Myrvoll, 20040720

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag