YMIST

Um mållause nordhordlendingar

Saksfyrehavaren til Stadnamnkonsulenten,Kjell Erik Steinbru, vert intervjua av Strilen 29 mars.Her tek han upp namnesaki um feste/festo,og kjem innum namnesaki umkring normeringi av sterke hokjønnsord i stadnamn i Nordhordland.

I intervjuet samanliknar intervjuaren ordformene Knarvikjæ og Tveito.Tveito er ei gamal dativform,medan Knarvikjæ representerar bundi form eintal.Båe formene er visst nok i bruk i dialekten i Nordhordland.Intervjuaren undrar seg yver kvifor dei statlege styresmaktene vil fastsetja ei form som samsvarar med dialekten,medan den andre formi som vert skriftmålsfesta ikkje er i samsvar med dialekten.Kort sagt kvifor skal styresmaktene setja upp Tveito som offentlegt stadnamn,medan Knarvikjæ ikkje vert godkjend.Det finst visst nok elles nokon gamle dativformer som ikkje lever vidare i dialekten.

Steinbru argumenterar med at gamle dativformer og sterke bundne hokjønnsformer hev ulike historiske tradisjonar.Han meiner at ordi med dativ er svært gamle og at dei ikkje kann normerast etter gjeldande rettskriving.Til det kann ein vel segja at dativ hev vore nytta radt serhendes i nynorsk dikting so langt eg veit berre med formi -om m.a hjå Ivar Aasen.Men det er rett nok at dativformi er ute av bruk.Ho hev vel knapt vore bruka i nynorsk sakprosa i det heila.Men burtfallet av -m finn ein att i andre ord t.d på nordhordlandsmål stundo,gjøno,mydlo/myllo m.m. Det er vel ingen som vilde gå inn for at me skulde skriva anna enn det riksnorske og austnorske stundom,gjenom og millom/mellom.Heilt utan normeringsgrunnlag skulde ein ikkje vera.Men eg skal ikkje ha sagt noko visst um dativformene.

Skrifttradisjonane segjer at det skal heita anten vika eller viki,slær Steinbru fast.Lindås er den einaste kommunen som gjeng inn for å nytta i-form,segjer Steinbru.Han segjer ingenting um at nokon av kommunane hev gjenge imot å nytta i-endingar på kart,og han nemner slett ikkje at fyresegnene til Stadnamnlovi paragraf 2-3 opnar for å nytta regionale samformer av typen Knarvikjæ.Dei sterke hokjønnsendingane av typen vikjæ er eit sentralt målmerkje,eit serskilt kjennemerkje for Nordhordlandsmålet,i motsetnad m.a til målet i Sunnhordland.Det skulde soleis vera serlege grunnar til å hevda eit slikt målmerkje.Det må beint ut vera fåkunna og likesæla som hev gjort at ingen Nordhordlandskommunar utanum Lindås hev teke upp namnespursmålet til nærmare dryfting.

Men no skal det visst mykje til for å få folk til å engasjera seg i rettskrivingsspursmål.Det offisielle og halvstatlege forlaget,Det Norske Samlaget,tek seg til rette og nyttar,so langt me veit,burtimot berre e-infinitiv i bøkene sine.Dei nektar å gjeva ut ordbøker/ordlistor med a-infinitiv.Ein fær mest ikkje statlege og offisielle skrifter med anna enn e-infinitiv,endå um folk som bur i umråde med a-infinitiv hev rett til å få nytta det.Det var nett same måten styresmaktene nytta då dei tok i-målet frå nordhordlandskommunane. På denne måten gjev folk frå seg den eine litlefingaren etter den andre.Det er på tide at folk byrjar å vakna og hevdar Nordhordlandsdialekten.Det er ikkje akseptabelt at Nordhordlandsmålet ikkje fær syna meir att i offisiell skriftnormering.Folk må læra seg til å segja frå.


Lars Bjarne Marøy, 20040623

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag