YMIST

Årsmelding for Vestlandske Mållag 1997-98

Vestlandske Mållag hev no desse heiderslagsmennene
Sigurd Sandvik, Ludvig Jerdal, Johs. Revheim, Sverre Hausberg,Alv Askeland, Jostein Krokvik og Eigil Lehmann.

Avlidne sidan fyrre årsmøte
Ivar Kleiva, Georg Nyborg,Harald M. Bolstad og Kitty Tveiten er avlidne i arbeidsbolken. Elles kann me nemna at tvo som stod laget vårt nært i målsyn ,Arthur Berg og Anne Gullestad,hev falle frå i året som hev gjenge sidan fyrre årsmøte.

Val
I fjor vart Helga Mehl og Ingebjørg Gilberg attvalde til styret. Desse styremedlemene er på val i år. Lars Bjarne Marøy,Ellen Vabø og Torolv Hustad. Terje Torgilstveit reiser til Oslo, og tek ikkje attval.

Lagsbyggjing
Årsmøtet i 1997 slo eintydig fast at lagsbyggjing må vera prioritert sak frametter. Dette vart fylgt upp. I arbeidsbolken hev Volda og Ørsta Målungdom slutta seg til Vestlandske Mållag. Serleg viktig vart det å tryggja kontinuiteten i Volda Målungdomslag. Formannen tala med Olav Torheim og formannen i Volda Målungdomsalg Kay Morten Aarskog um dette. Og det ser ut til at det skal lata seg gjera å få med nye aktivistar i laget. Formannen hev vore tvo gonger i Volda på måltilstelningar. Styret ved Ringdal, Torgilstveit og Marøy møtte fram på høgnorskdagane i Volda. Formannen samarbeidde med Olav Torheim um å skapa blæst um samlingi,og skreiv upprit til lokalavisa Møre. Håvard Tangen i høgnorskringen var hjelpsam i planleggjingi. Volda Målungdom hev elles markert seg sterkt lokalt m.a. gjenom lokalavisa Møre. Dei hev dessutan skrive lesarbrev til avisor yver heile landet og havt lokale aksjonar av ymse slag. Dei hev samla sett vist seg som det mest aktive målungdomslaget i landet.

Høgnorskringen hev slutta seg til Vestlandske Mållag. Ringen hev sendt årsmelding som syner god og jamn aktivitet. Ringen hev framtil skrivande stund gjeve ut tvo nummer av bladet Høgnorsk Nytt. Ringen hev no kring 50 medlemer. Den flate strukturen i laget hev vorte utskift. Laget hev skipa seg formelt med interimstyre. Det vert halde formelt årsmøte og formelt skipingsmøte i Oslo 3 okt. Etterkvart som høgnorskringen fær nye medlemer i ulike delar av landet må ein vurdera å skipa lokallag med utgangspunkt i medlemsstokken.

Formannen hev samrådt seg mykje med målfolk på Voss. I skrivande stund er det uvisst um det let seg gjera å få skipa eit høgnorsklag på Voss,men alt ligg til rette for det.

Styret hev elles dryft lagsbyggjingsplanar. Og det hev vore på tale å skipa høgnorsklag på Stord og i Stryn. Det hev òg vore tale um å få til eit høgnorsklag i Førde,men diverre let ikkje det seg gjera. Elles kann me nemna at Kvinnherad Mållag hev gjeve ut Godmenne av Jens Tvedt.

Anbeheitelse-striden
Formannen og varamennene hev arbeidt med anbeheitelse-striden. Formannen kalla saman fleire målfolk frå ymse hald til samrådingsmøtet um anbeheitelse-saki. Det var godt frammøte på tvo samrådingsmøte. Desse samrådingsmøti førde m.a. med seg at Vestlandske Mållag ved formannen,Bjørn Tormod Ringdal og Mona Stormark gjorde upptak til og samarbeidde med Studentmållaget um å skipa til eit ope møte um anbeheitelse-saki. Formannen sende og yverleverte språkrådspapir um anbeheitelse-saki til umlag 50 målmenn og mållag. Det førde m.a. til at det vart vedteke fleire fråsegner frå lag og einskildpersonar mot Språkrådsframlegget. Desse fråsegnene var ein viktig grunn til at årsmøtet i Norsk Språkråd vedtok å utsetja anbeheitelse-saki.

Formannen og Olav Torheim skreiv eit utal av lesarbrev um anbeheitelse-saki i januar. Dei hev vore prenta i avisor yver heile landet. Trygve Lande,Sigurd Sandvik,Ludvig Jerdal m.fl. fylgde upp og skreiv nokre innlegg. Bjørn Tormod Ringdal sende ei rad lesarbrev på telefaks til lokalpressa. Olav Torheim sende ut artiklar til umlag 45 avisor på e-post Dessutan hev artiklane vore tilgjengelege på internett.

Formannen var saman med Hans Olav Brendberg i Ivar Aasen- Sambandet på vinterseminaret til Noregs Mållag i Stavanger,og tala mot anbeheitelse-framlegget frå fagnemndi i Norsk Språkråd.

Svein E. Kvamsdal og formannen heldt innleidingar på eit møte som Volda Målungdom skipa til på høgskulen i Volda 29 januar. Kring 15 personar i Volda-bygdi møtte alt i alt fram. Og målungdomane fekk stor fagning for det viktige møtet dei skipa til. Formannen vart intervjua av lokalbladet Møre som skreiv um møtet.

Ny kassastyrar
Ingebjørg Gilberg hev arbeidt med å få ny kassastyrar,og hev lukkast. Kolbein Totland vert ny kassastyrar.

Internett
Olav Torheim hev laga eigne heimesidor for oss på internett. Der uppmodar formannen målfolk um å dana lag og å melda seg inn i vårt fylkeslag. Olav Torheim hev òg lagt ut mange artiklar av formannen og av andre høgnorskfolk og artiklar frå Vestmannen. Torheim hev ikkje minst selt ein heil slump bøker for Norsk Bokreidingslag yver internett. Olav Torheim hev laga ei høgnorsk e-postlista. Lista hev millom 10 og 15 medlemer. Medlemene kann senda og taka imot epost frå kvarandre.

Utspel mot Olden
Elles hev Vestlandske Mållag gjenge ut mot Olden som sel drikkevatn. Olden byrja å reklamera på nynorsk,men trekte seg og gjekk yver til bokmål. I eit innlegg som var prenta i m.a. Bergens Avisen og i Sunnmørsposten gjekk formannen i rette med Olden for at dei kutta nynorsken.

Lagsbyggjing frametter
Det er tidkrevjande å byggja lag. Stor hjelp og gagn hev det vore i Gudmund Harildstad som hev havt høve til å kontakta ei rad målfolk å tilby dei medlemsskap i høgnorskringen. Det hev vore vanskelegare å utnytta desse kontaktane og andre til å skipa nye lag i Vestlandske Mållag og Ivar Aasen- Sambandet,men dette er eit arbeid som må fylgjast upp. Elles hev styret dryft å reisa rundt til folkeakademii i Hordaland å halda fyredrag um høgnorsken og Ivar Aasen- Sambandet og Vestlandske Mållag. Det må itillegg vera eit mål å få samla dei nye medlemene til ei stemna i Oslo der mange av medlemene i Høgnorskringen held til. Då kann ein lettare samråda seg beinveges med dei det gjeld. Elles vert arbeidet meir prega av rykk og napp.

Anbeheitelse-saki frametter
Norsk Språkråd kjem til å taka upp att anbeheitelse-saki i 1999 og heile nynorsknormalen skal reviderast i år 2000. Det er sers viktigt at me fylgjer med i det arbeidet som vert gjort i Norsk Språkråd. Formannen hev dryft strategien dette i arbeidet med ei rad målfolk.

Formannen vitja t.d. høgnorskringen i Oslo i juni,og dryfte korleis me skal arbeida i den viktige normeringssaki. Her dryfte me òg kor mykje me kunde uppnå i ordskiftet i Noregs Mållag,NM. Fleire av oss var samde um å gå so hardt ut som råd so mykje med kunde syta for at NM gjorde eit best mogleg vedtak. Arvid Langeland frå Voss Mållag hadde arbeidt ut eit framlegg som gjekk inn for å opna upp for ei rad høgnorskformer. Det vart eit utgangspunkt for ein høgnorskopposisjon. Denne opposisjonen vann eigenleg aldri fram i ordskiftet,men kunde heller ikkje ignorerast av landsmøteutsendingane.

Fleire målsmenn for Ivar Aasen- Sambandet markerte seg med innlegg som forsvara i-mål og høgnorsk på landsmøtet i Noregs Mållag. Det er enno mange i mållaget som grin på nasa av oss,men me fær òg studnad frå andre medvitne målfolk som gjerne vil ha med i- målsfolk. Formannen sende ut eit innlegg til nokre avisor på austlandet og i trøndelag som gjekk i rette med eit av vedtaksframleggi som var sett upp i normeringsordskiftet. Innlegget vart sendt til lokalavisor og andre mindre avisor. Det er ikkje visst um det kom inn nokon stad.

Lars Bjarne Marøy


sambandet.no, 20060115

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag