YMIST

Årsmelding for Vestlandske Mållag 2001-2002

Vestlandske Mållag heldt årsmøte I Bergen 24. februar 2001. Det vart sett fram arbeidsprogram for arbeidsbolken. Måli gjekk millom anna ut på å føra vidare arbeidet med lagsbyggjing og å fylgja med i arbeidet i Norsk Språkråd.

I mars var Vestlandske Mållag medtilskipar under Høgnorskdagane i Volda. Det var program yver tvo dagar, fyrst på Møre Folkehøgskule i Ørsta og sidan på Raudekrosshuset i Volda. Emni var spreidde millom målsoga, Erling Kristviks pedagogikk, måldyrking og fagkritikk. Innleidarane var historikar Lars Bjarne Marøy, professor i psykologi Frode Jens Strømnes, pedagog Per Myklebust og lektor Johannes Volle. Tilskipingi fekk god umtala i mange blad.

Formannen reagerte sterkt på at han i 2000 vart vald til varamann til styret i Norsk Bokreidingslag utan å verta spurd. Han sette seg i samband med formannen i Norsk Bokreidingslag og vilde ha tilsendt kopi av luteigarboki (aksjeprotokollen) til bokreidingslaget. Denne luteigarboki var ikkje uppdatert sidan 1982. I juli fekk formannen yverraskande greide på at det skulde vera årsmøte i Norsk Bokreidingslag. Han samla på stutt tid styret til styremøte. Berre nokre fåe styrelemer hadde høve til å koma. Styret meinte at det var mange tvilsame drag ved verksemdi til Norsk Bokreidingslag. Helge Liland og formannen hevda at det måtte setjast upp ei uppdatert luteigarbok og at det no måtte stellast krav til at innkallingi fylgde aksjelovi. Styret vedtok at Liland og formannen skulde møta på årsmøtet i Norsk Bokreidingslag.

På årsmøtet i Norsk Bokreidingslag kravde Vestlandske Mållag og luteigar Helge Liland at årsmøteinnkallingi vart underkjend og at luteigarboki no måtte nyast upp og alle luteigarane med kjend tilskrift kallast inn fyre eit nytt årsmøte. Det møtte motlegg frå fleire styrelemer i bokreidingslaget. Men møtet vart til slutt underkjend. Det vart kalla inn til umframt årsmøte i september. På det umframme årsmøtet møtte Helge Liland for Vestlandske Mållag.

I oktober var Vestlandske Mållag saman med Ivar Aasen-sambandet med på å skipa til ein stor målkonferanse i Bjørgvin. På konferansen var det fyredrag um fleire klassiske mål og målreisingssoga deira. Dei måli som vart dryfte var russisk, sanskrit, gresk og israelsk. Det var òg fyredrag um målreisingssoga i Noreg og um målreising i dag.

Bladet Vestmannen hev prenta fleire stykke med stoff frå Høgnorskdagane og målkonferansen.

Verksemdi det siste halve året hev vore knytt til lagsskipingar. Formannen hev vore med å skunda til at det hev kome liv i gamle lag og at nye lag hev kome til.

Elles må nemnast at Helge Liland møtte på årsmøtet i Hordaland Folkeakademi.

Lars Bjarne Marøy,
formann


sambandet.no, 20060115

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag