YMIST

Høgnorsk - eit mål på steingrunn?

Med høgnorsk meiner eg klassisk nynorsk, runnen or aasenmålet, og utan annan presisjon enn at det på lag kan rømast innafor 1917-normalen, med naudsynte konsesjonar til 1938-normalen. Som verda no ein gong er laga er høgnorsk hoggestabben åt filologar og kulturadel i Oslo, men viktigare: høgnorsk er det umissande faste arkimediske punktet høgnorskfolka navigerer etter, i ei umskifteleg verd. Med høgnorsk, som både høgakta og utskjelt namn på det atterreiste norske målet, meiner eg ikkje å grava skyttargraver rundt 1917-normalen, eller 1938-normalen, men ynskjer å peika på eit levande og fasttømra norsk mål; halde fast i skrift, synleg for Gud og kvarmann og til bruk i alle samanhengar. Høgnorsk er ikkje øksa til av departementsbyråkratar eller ‘språkreformatorar’, men av diktarar og slike som hev prova at dei høyrer heime i eit høgnorskakademi.

Eg vil understreka at høgnorsk stutt sagt er norsk mål – eit ‘eit heilt ordinært mål’ for å seia det med Ola Breivega. Men me menneske er slik laga at det som ikkje til kvardags renn oss i augo og øyro, som vert lite brukt, vert for kvar av oss noko merkeleg, sert. ‘Sunn fornuft’, bondevit me kallar, held for uvanleg alt som ikkje er vanleg! Og det som vitskapsfolka kallar ‘lov’ og ‘lovmessig’, er ikkje anna enn det vanen maktar å fanga upp (Hume). Det attkjennande – og høgakta – påverkar målkjensla vår, slik at den jamne mann og kvinne – til hosiannarop frå dei innvigde folkedemokratiske reformvenene – finn høgnorsk uvanleg og sert. Eg hevdar: alt anna ville vore merkeleg! Når i tillegg det ‘uvanlege’ og ‘sere’ klassiske nynorske målet faktisk vert meir og meir uvanleg, tenkjer vårt kjære folk at høgnorsk mål er dvergmålet åt eit utdøydd folkeferd. Dei innvigde kan fortelja at målet er arkaisk, puristisk, daudfødt, feilkonstruert og eit høvande gravmæle over ein flokk drøymarar som gjekk seg fast i eit nasjonalromantisk skorfeste. (Lat oss skiftevis falda nevane, knyta nevane, beda, vona, sverja og turka tårene: dei tek feil!).

Um høgnorsk ikkje ikkje just spring oss i augo i vår kjappe medietid, står det ikkje likare til med det statsregulerte nynorske skulemålet, um me vågar oss attum Potemkinkulisser og vaklande leirføter (16,3 %!), og granskar grunnen som den drepande språkfreden kviler på. Utrygg, men i sæl von, ser eg høgnorsken si overlag viktige rolle: som norsk framtidsmål. Som grunnlag for framtidstrua stør eg meg til at høgnorskingane, i motsetnad til ‘hellevikarane’, ser på skriftmålet som det einaste faste haldepunktet for normering av eit flytande daglegspråk. I den radbrotne skulenynorsken er det derimot ‘talemålet’ (kva no det måtte vera), som er referansen. I høgnorsk talar ogso fedrane. (ja, me lyder til dei!)

Med ryggen mot veggen, i ei utrygg og kaotisk stode for nynorsk mål, er det radt uklokt – i alle fall sett frå nynorsk hald – å fremja ei ‘romsleg’, ‘dialektnær’ og stendig skiftande rettskriving, når me alle veit at alle dei påtvinga individuelle vala lyt borgarane gjera ut frå eit upplevt kaos, og – vil eg hevda – i saknet etter ei fast og autoritativ rettskriving/rettleiding. Når kvar nynorsk mann og kvinne, under sterk bokmålpåverknad, vert tvangsfora med det som lenge vart hevda å vera ein progressiv (ver på vakt!), pedagogisk og demokratisk genistrek: den store valfridomen (som ‘Europa misunte oss nordmenn’) svara Ola og Kari med å bita i blyanten – og gjekk over til bokmål. Ikkje å undrast, når me veit at eit slikt ‘individuelt val’ renn i hop med alle dei andre sosiale, psykologiske, kulturelle, økonomiske og politiske drivkreftene som lyt svara for norsk målutvikling.

Det einaste som kan evna å stå mot framandpresset på norsk mål (nynorsk!) er puristisk måldyrking, slik me elles framelskar norske serdrag i kunst og kultur. Alternativet – å vilja ‘opna seg mot den levande verda’ (‘ungdomskulturen’, ‘det globale’) – er å mistaka det kommersielle for det ‘universelle’. Kulturodling er naudsynlegvis ei form for ‘etnosentrisme’ (du finn dette kulturelle serpreget ingen annan stad!). Å motarbeida dei tusund uttrykk for menneskeleg serpreg, under føregivnad av å vilja tena det ålmenngyldige, det ‘reint’ universelle, er å motarbeida det ålmennmenneskelege, slik det ovrar seg – som folkelege serdrag – i kultur og språk. Det universelle er nedlagt i oss frå skaparhanda, som den eldhug og kraft som skapar mangfald, utan å måtta svara akademisk stempelavgift. Måtte me berre eiga kjærleik og vidsyn nok til å respektera (og ikkje naudsynlegvis identifisera oss med!) ‘dei andre’ sine kulturovringar. Det universelle og ålmennmenneskelege er knytt til det å vera menneske.

I ‘val av målformer’ spelar det språklege (filologiske) truleg ei svært lita rolle. Dei fleste av oss byrjar våre liv – ogso som nynorskbrukarar – som fylgje av målpolitiske avgjerdsler, tekne for to, tre ættleder sidan. Når ein skulekrins, frå hundradårskiftet, gjekk over frå ‘norsk’ (dansk-norsk) til nynorsk, gjorde dei det ikkje av ‘naturlege’ grunnar, men ut frå politiske. Me hev ei rekkje historiske døme på det: Då nynorsken såg ut til å vinna fram over heile landet i tjuge- og trettiåra, bytte mange skulekrinsar um frå bokmål til nynorsk i trua på at nynorsken med det fyrste kom til å taka romet åt bokmålet. Ja, sume skulekrinsar bytte um til nynorsk ut frå reint ‘pinleg pekuniære’ grunnar: Kvifor kjøpa inn lærebøker på bokmål, når ein likevel – um få år vart nøydd til å kjøpa dei same bøkene – på nynorsk! Gamal ‘jaabæksk’ bondesparsemd (og ikkje so lite likesæle!) var for ei tid eit nynorsk lokomotiv. Heilt til det butta i mot. I dag hev lokomotivet skift spor, til glede for bokmålet.

Ogso i dag skifter folk mål; jamnast frå nynorsk til bokmål, oftast i samband med flytting, skifte av arbeid, når ungdom byrjar i vidaregåande skule, eller når dei ‘ligg ved’ universitet og høgskular. I dag skjer målbyte i all hovudsak som individuelle val, men no – som før – utan at det reint språklege spelar nokor nemnande rolle ved val av mål. Trass i desse lærestykka hev målrørsla i det store og heile sett kreftene inn i det reint språkleg-filologiske feltet, som var me lingvistar og filologar og ikkje målreisarar. “Troll vil trygt sitja”, sa Garborg. Det er drivkreftene i soga som lyt lempast på – ikkje bokstavane! Dette er ein kritikk, eller sjølvkritikk, som ingen del av målrørsla slepp unna!

Målrørsla hev eit drygt stykke politisk-kulturelt arbeid framføre seg, før ho kan byrja eit turvande filologisk vølingsarbeid på det skadeskotne nynorske skulemålet. Lukkelegvis kan me – til dess – nytta høgnorsken – i ikkje-statleg bunad. For visst er me høgnorskfolk heilt ‘villfarne’ i vår tru, som ‘realistar’ heilt på jordet, og i vår truskap til det norske – på kollisjonskurs med makt- og kultureliten her i landet. For me eig eit hugsyn um norsk framtidsmål, som ikkje er bore uppe av eit kaldt reknestykke over Utviklinga, men varleg nørt av tru, von og kjærleik; som sprengjer band og stengsel, byggjer rike og katedralar – og, trur me – eig ein heim i alle hjarto ... når flaumen går.

Eg stend eg seddu!

Utlendingar tykkjer at det er rart at me nordmenn – ofte på sers tunnt grunnlag – ser oss syn med å driva personleg sjølvhevding innafor rettskrivinga. (Me driv med det same innafor høgnorskflokken, her trengst det ei endring. Truleg hev me (eg!) like mykje vrangved i oss (meg) som hittfolket!). Ut frå nynorsken si stendig veikare stilling – og utfrå sannkjenning av at eit mål er bruer millom folk, ikkje medisin til ‘innvortes bruk’ – kan ein undrast over denne merkelege sjølvhevdinga i målvegen. Noko av forklåringa er truleg historisk; at me alle, lek og lærd, vantar ein norsk skriftmålsautoritet. Dertil: Som eit resultat av upplysningsstrid og sosial reformiver hev me sett skeivt på alle autoritetar. Me såg på dei som ei mare, som hadde – uløyves – sprengridd våre liv og som det no stod um å fri seg frå. Saman med resten av Vesten er me i ferd med å verta vår eigen Gud – og djevel! Enden på visa er at reformmisjonærar av alle slag hev fått eit rikt jordsmonn å grava i.

Slik hev me – målfolk til liks med anna folk – gløymt at det tradisjonelle norske skriftmålet sjølv er ein autoritet. Når me lyder ein autoritet, spør me ikkje kva som er rett eller gale; spursmålet står ikkje på sakslista. Men syrgjeleg nok: Den norske autoriteten vantar (det vantar elles ikkje på autoritetar, um me t.d. glytter inn i ungdomskulturen, eller akademikarstanden). Det er difor det i dag, som for 150 år sidan, trengst ei kulturell og politisk norsk målreising.

Resultatet av den store norske valfridomen, er at folket, som upplyste demokratar, hev valt burt valfridomen, og funne seg vel til rettes innanfor den bokmålske autoriteten. Ein kan med andre ord ikkje hevda at den store valfridomen ikkje hadde sin verknad! Um føremålet med norsk språkplanleggjing dei siste 50 åra var ‘det fagre framtidsmålet samnorsk’ (som snart ingen vedkjenner seg), ja då var dette rette måten å gå fram på. Men sett frå norsk – høgnorsk – synsstad ser det annleis ut: Vert ikkje den røynlege målutviklinga stogga og snudd, vil det upphavlege siktemålet med målreformene lukkast: Eitt mål i Noreg. Og det vert visseleg bokmål, um dei ærlege reformmenn og reformkvinner aldri so mykje bar på andre og norskare tankar. Utviklinga tek ikkje umsyn til vår fagre retorikk; det er ein lærdom ogso høgnorskfolka hev måtta svelgja. Knud Knudsen og Moltke Moe smiler i si grav, medan Ivar Aasen, med sitt biografisk interessante underliv, ‘trør som en bukk’.

Men me kan ikkje lata andre styra med høgnorsken, andre enn dei som elskar norsk mål (det er ikkje nok å elska nordiske språk!). Eit statsutnemnt språkråd vil aldri gagna høgnorsken, dvs. norsk mål, so lenge staten gjev andre autoritetar enn dei klassiske høgnorske sæte rundt akademibordet. I dag lever høgnorsken i rein trass, av di trugne målstrevarar trassa statsdiktat og illusjonspolitikk. I tiår hev samstavarane og reformvenene sunge eit utal gravsongar over høgnorsken; men sjå: Han rører på seg! Det siste ord vert aldri sagt; det er ein lærdom me skal bera med oss seinare i livet!

Uhu!

Men høyr: Kan me ikkje slå oss til tols med påstandet, at “norsk er det målet nordmenn talar i Noreg – til kvar tid”? (folkemålet) Eller er det noko som skurrar? Og er det ikkje so, at utlendingar misunner oss nordmenn, av di me held oss med to ‘likestilte’ språk, trass i at statstenarar og reformvener arbeidde overtid for å “føra dei to målformene(!) saman på folkemålets grunn”, til tap for dei to måla – og mest for nynorsken? Når no dei to måla – på statleg grunn – er førde i hop, so du reint i vanvare kan taka i miss dei to ‘målformene’ – ja då heiter det at det er ein rikdom for eit folk å vera to-språkleg. Kor rike var me ikkje før 1938, då dei vrangaste av borgarane ikkje skyna hittspråket? No spør dei vrangaste av oss kva vitsen er med to språk, der viktigaste skilnaden er at eine målet ikkje er lov å nytta overalt og i alle samanhengar. For nynorsk hev halde på just nok serdrag, eller minningar um serdrag, til at Daniel Brøt, med nase som ein hund, kjenner att det han svor seg fri frå i sauefjøset den gong han rende heimanfrå.

Antrast ikkje – elsk din neste!

Eit ord i tide: Ingen kan frå sin jordiske ståplass hevda at det fylgjer noko ‘menneskeleg mindreverdigt’ med det å vera fødd inn i det eine eller hitt språket, eller av ymse grunnar byta mål undervegs i livet. Grunnane kan vera like mange som det finst gode grunnar til å velja nynorsk. For dette gjeld utan unnatak: “Menneske fyrst – og sidan målmann”, for å vri litt på Paulus og Augustin. For nynorsken og ikkje minst høgnorsken hev språkleg hovmod aldri vore det som fell ein fyrst i auga. Striden for å overleva hev halde oss i kragen og knesett ei viss audmjuk haldning saman med den nasjonal-romantiske arven, som baud oss brorskap med hine folka. (Dei store europeiske nasjonane gjorde andre røynsler!) Det finst ingen språklege vasskilje som t.d. fortel oss at dansk er eit ringare mål enn norsk, eller at nynorsk i ymse bunader (høgnorsk!) er eit frægare mål enn riksmål/bokmål. Å velja norsk – i Noreg, gjer me av historiske grunnar. Av kjærleik til vår store kulturskatt. Det er ein arv me hev måtta gå prosessvegen for å eigna til oss! Me fær, i millomtida, trøysta oss med Lessing sine ord um at “dei høgste verde lyt me leita oss fram til, ikkje få dei i eige gjennom odel”.

Korleis forstår me framtida for klassisk norsk og kva må til for at klassisk norsk/høgnorsk skal:

  1. 1. Taka romet etter ‘Helleviknynorsk’ (skulenynorsk).
  2. 2. Taka styreromet etter det danskrøtte bokmålet her i landet?

Punkt 2 skal eg taka overlag lett på; berre hevda at pkt 1. lyt vera på plass før nynorsk i høgnorsk utgåve kan utmana bokmålet, og då fyrst i eit samspel med alle dei drivkreftene som fram til no hev stengt vegen for den høgnorske kongstanken.

Morsmålsupplæring som bantustanpolitikk

Høgnorsken er vorten skulda for å vera både arkaisk og historisk utlevd, mest å likna med steindaud latin. Det hev høgnorsken att for at han – av kjærleik – hev teke upp i seg ord og former som står i fåre for å gå ut or levande bruk, slik det gjekk med folkevisene, av di dei ikkje let seg umsetja til dansk-norsk (av umsyn til m.a. enderima!) i motsetnad til folkeeventyra, som Asbjørnsen og Moe umsette til pur dansk, med enkelte sjarmerande innslag av norvagismar. (Det gjorde eventyra meir autentiske, sameleis som austkantmålet til skurekona spritar upp revyscenene i Oslo). Lagnaden til dei norske folkevisene (umtala m.a. av Sigmund Skard) syner korleis det norske systematisk vart stengt ute av umsyn til det danske idomet. Det dannede danske skolesprog hadde ikkje rygg til å bera det norske. Ein annan ting var at staten ikkje kunne tenkjast å gjera dei norske folkevisene nasjonalt kjende gjennom skuleverket, anna enn som folkloristiske døme (me fekk Margrethe Munthe i staden), og som vitskapleg velgrunna pedagogisk tiltak, gjennom morsmålsupplæring i norsk skule (skulemålsreforma av 1874) for betre å læra seg det ‘dannede’ dansk-norske kultursproget. Denne kloke pedagogikken kjenner me m.a. att som ‘bantustan-politikk’ frå det tidlegare apartheidregimet i Sør-Afrika – og må ikkje blandast i hop med nokor form for ‘likestilling’ eller ‘respekt for morsmålet’!

Nynorsk – det einaste ‘reine’ bokmålet i Noreg!

Men høgnorsk vert òg skulda for å ålmenngjera sere mindretalsmål. Det var jo elles gode grunnar til at t.d. folkevisene ikkje vart spreidde og sungne i t.d. telemarksmålføre – utanfor Telemark: Telemålet var ikkje nasjonalt ålmugemål – um det var norsk aldri so mykje! Men til upplysning: norske målføre er naturleg nok alltid ‘mindretalsmål’; norsk mål i ymsande målføre – altso garantert mindretalsmål: dølsk (i ei sneis utgåver), trøndsk, austfoldsk, nordlandsk, rogalandsk m.fl. i tillegg til mindretalsmålet nynorsk, “samnemnaren for dei norske målføra”. Problemet for nynorsken som talt og høyrande mål, er at det er sjeldnare og mindre utbreidd enn noko levande norsk målføre. Nynorsk er fyrst og fremst eit bokmål!

Noregs millomalderske vanlagnad gjorde at landet ikkje lenger utvikla eit eige normalmål som mynster for utviklinga av eit moderne normaltalemål. Den millomalderske målkløyvinga skjer samstundes med at norsk riksstyring ramlar i hop. Slik hev det seg at Noreg, til liks med Færøyane, ikkje utvikla eit eige normaltalemål parallelt med skriftmålet. Av di norsk riksstyring låg under Danmark og dansk skriftmål vart nytta til styring av stat og kyrkje, vart norsk mål åleine representert av dei norske målføra. Det danske statsspråket som kom i staden, hadde ikkje same agande og normerande funksjon på dei norske målføra, til det var spranget upplevt for stort og framandt. Snarare var det snakk um å aga folket politisk, ved å synleggjera ei djup kluft millom ålmugen og makta, som du berre kunne stiga over ved regelrett målbyte (av politiske eller administrative grunnar).

Professor Gustav Indrebø peika på denne samanhengen millom skriftmål og normaltalemål (og målføra), som fylgje av at den norske statsskuta gjekk under. Han var den fyrste – og siste – store norske målgranskaren som tenkte fritt og stort um desse spursmåla. Kvifor? Nye språkfilosofiske stemneleider i den internasjonale vitskapsverda?

Som du ropar i skogen

Er det urimeleg å tenkja seg, at me her ser ein finurleg samanheng millom vitskapleg granskararbeid og målpolitiske signal? Den objektive og nøytrale granskarånda veit berre å svara – objektivt og nøytralt – på dei spursmåla, som menneske av kjøt og blod stiller. Men spursmåla er aldri objektive eller nøytrale. Rimelegvis. Tida og miljøet avgjer. Formar interessa og spursmåla. Var det annleis, var det avdi ingenting – eller alt – spela nokor rolle; som rådde meiningsløysa. Den umsnakka og umtykte ‘faglege integriteten’ borgar berre for det reint metodologiske (‘intersubjektiviteten’).

Mi historiske hypotese ovanfor veiknar ikkje av at bokmålet i dag (min påstand), sitjande overskrevs på ryggen av moderne kommunikasjon, mobilitet og medierevolusjon, hev snutt den umtalte målkløyvinga og vorte ei samlande kraft. Poenget mitt er at me kan ikkje – på vitskapleg grunnlag – studera ‘dei skriftlause’ målføra, utan samstundes å granska tilhøvet deira til eit riksfemnande skriftmål og tilhøyrande normaltalemål.

Minst av alt trur eg på at ei historisk utvikling – heller ikkje i målvegen – er ‘naturleg’, slik heilt utan vidare, som var ho boren uppe av seg sjølv. Hadde me menneske, som sjølve er ein umisseleg part av naturen, hatt full kjennskap til vår indre og ytre natur, hadde me ikkje berre kjent upphavsgrunnen, men òg vår endetid.  Soleis kunne me – i dag – halda domedag, utan innblanding frå høgare hald – som var me gudar. Nei, me er, hovudstups, kasta ut i tilværsgrunnen (naturen) og må trivla oss fram utan originalteikningar.

Soga: vår samtids forteljing

Kvar samtid teiknar soga med fargar frå eigen palett. Standande i notida, lèt me framtida (ho er enno ikkje nådd fram til oss!) fargast i døkke eller ljose léter, vinkla klårsynet vårt attover i soga. Me ser gjerne fortida som ein uppsong og forlaupar til vår framtids fagnad og heimkome, um me då ikkje grip til myrkare fargar frå paletten. Visst skriv sigerherrane soga, men det er mindre enn ei halv sanning – av di sigerherrane skifter alt etter som kvar samtid, attendeskodande (retrospektivt) og med umskapande kraft, dukkar ned i soga og finn ‘perler’ der farne ætter såg berre slagg.

Den ‘faktiske’, røynlege, vitskaplege og noggranne soga er ikkje skriven – og vert det heller aldri. Det er med sogekunnskapen som med annan kunnskap: han kan ikkje haugast uppå einannan; han skifter til liks med sol og skugge i eit landskap, eller som Walter Benjamin seier: “Sjølv dei døde skal ikkje kjenna seg for trygge ... Finn me det for godt snur me på kvar stein, stiller spursmål ved sigerherrane sine sigrar, før og no. Slik blomane snur seg etter sola, slik dreier fortida seg, alt etter som ‘dei nye herrane’ – ‘historias sol’ – syner seg på historiehimmelen.” Me skapar og umskapar fortida i ljosken av vår notidige framtidsvon. Og just der ligg høgnorsken si von. Ingen hev til no lært av framtida; det er frå fortida me haustar lærdomen. Av umsut for framtida!

Me skal difor læra av den nytestamentlege likninga um senapskornet. Og tru kan flytta fjell!

Framstegstrua – den nye lagnadstrua

Eg hevdar: Det var ikkje demokratiske avgjerdsprosessar som tvinga fram korkje samnorsk eller bokmålisering. Det var på den eine sida ein borgarleg autoritet, som hevda at det som skilde sivilisasjon frå barbari, var den ‘høyere dannelse’, som landet var velsigna med gjennom ‘tvillingrikenes felleskultur’. Dette synet vart ofte bore fram med stort hovmod. Vanskelegare var det å gjennomskoda, for ikkje å seia driva attende, den ‘framstegsvenlege’, kall det gjerne den sosialdemokratiske verdsåskodinga, det historiske framsteget, som gladvoren og kaut steig upp frå fortidsmyrkret for å dundra på kvar ei dør (høyr songen; høyr gnyet!).

Det var ikkje so mykje snakk um taktikk, som det var fylgjestreng tru på at alt laga seg til beste for folket – um dei berre fekk lengre brød og stuttare dagar. Interessa for dei kulturelle og åndelege ting strekte seg ikkje lenger enn til å apa etter den overklassen som var utropt til politisk motstandar.

Teoretikarane festa seg ved ‘understraumane’ i soga, drivkreftene, som høvla dei historiske personlegdomane ned til marionettar. Marxistar av ymist slag, kunne fortelja at kulturen som del av ‘overbygnaden’ kvilte på (‘spegla av’) den økonomiske grunnmuren (‘basis’). I framstegstrua sine inste tabernakel – i teoretikarhovuda – vart det sett ein sluttstrek for den framtidige historia, innskriven med ein lukkeleg slutt for alle verdsens undertrykte menneske. Spanskrøyret hadde skift eigarhand.

Den politisk førande arbeidarrørsla varsla sin kultur- og målpolitikk med

orda: “Det er det same om det heiter gryta eller gryten, berre det er noko i ho”. Slik vart målsaka, som ein viktig del av kulturstriden, gjort um til likesæle og brødpolitikk.

Demokrati – ide eller praksis ?

Reformvenene såg høgnorsken som viktigaste stengslet for det ‘folkenorske’. “Det norske folkemålet bryt i dag gjennom med ukuveleg makt. Og vi må syta for at det blir under det nynorske merket at dette gjennombrotet kjem” (leiar i Norsk Tidend i 1934). Det folkenorske var nemleg ikkje norskare enn at det for eit godt ord kunne finna på å bryta seg veg inn i det norsk-danske bokmålet. Rimelegvis. I fylgje dei reformvenlege samnorskarane stod det um å stapla på føter eit moderne norsk mål, som spegla av fleirtalsformene i landet. Av demokratiske umsyn laut ein nytta statistiske normeringsprinsipp. Høgnorsken sitt rop um kvalitet spegla av elitetenkjing, vart det hevda.

“Estetiske vurderingar og kjensla av kva som var rett språk, var mykje eit produkt av bruk og vane. Slike verdsetjingar var altså relative, og burde ikkje koma i vegen for ei omskiping etter fleirtalsmålet.” (Ivar Blekastad i Per Ivar Vaaglands Målrørsla og reformarbeidet i trettiåra.) Altso: Um 100 år er alt gløymt; gløym alt snakk um kvalitet, lyd på radio, og me skal gjeva att prøver på det nye fleirtalsmålet! Samnorskarane brydde seg ikkje ein gong med å hevda at deira eigne ‘fleirtalsformer’ åtte kvalitetar som høgnorskformene vart sagde å sakna. For det var tale um rå makt, der ‘fleirtalsformer’ skal forståast som tilnærmingsformer – med stønad i stortingsfleirtalet.

Til topps kjøkenvegen

Det var ikkje eit fleirtal i folket som kravde sine ‘fleirtalsformer’, som samleformer i det nyskipa nynorskmålet, men eit lite mindretal i målflokken som med vitskapen som ideologi og dei politiske partia som maktgrunnlag, brøytte veg for ein målpolitikk, som sa seg å lyda ‘utviklinga’ sjølv og ikkje estetiske ideal hjå kulturelitane.

‘Tradisjonalistane’ i målflokken (til liks med riksmålsfolka) vart skulda for å liggja under for ideologisk vrakgods frå farne tider, medan samnorskarane/folkemålstilhengjarane sjølve henta si overtyding frå ‘nøytral’ og ‘objektiv’ vitskapstru. Framstegsfolka hadde hendene fulle; her var so mange ‘urettferdige’ hierarki som skulle rivast, sosiale skilnader som skulle jamnast ut – og målsaka fall so fagert og naturleg inn i dette glade reformarbeidet. Retorikken nytta talande bilete ‘nedanfrå’ – folkemålsgrunnen – men greip inn i kvardagen til høg og låg – ovanfrå – utan annan heimel enn at han samsvara med idear um språk og samfunn, slik dei huserte i hovuda på den nye intellektuelle eliten, som hadde teke på seg å moka i Agurias stall.

Det norske målet var gjort til reidskap for andre og viktigare føremål. Knud Knudsens og Moltke Moes ‘samanvoksterveg’ raserte Ivar Aasens norske tuntre. Vegen me gjekk som folk, upp gjennom soga, skulle ikkje rydjast, men latast gro att. Walter Benjamins ‘historiske sol’ skulle ikkje regisserast av norskdomsfolka!

Det moderne menneske

Den nye tids profetar, reformatoren og vitskapsmannen, hev late seg fanga inn i eit upplysnings- og frigjeringsverk, som ikkje kjende nokor grense, men som i sjølvrettferdig harme gauv laus på sitt absolutte og endelege uppgjer med all

undertrykkjing og ovtru som hadde ridd mannaheimen frå uralders tid. Til song og frygdarrop vart det eine felttoget etter det andre opna: ‘Kast lekkjene!’.

Frigjeringsropet kalla ikkje berre på offervilje og høge ideal, men kravde ogso nye offer, nye skarprettarar, nye fangelæger, nye sakrament, nye katedralar, nye prestar, nye ritar, dogme og himmelske voner, knytt upp til dei jordiske menneskerettane eller den historiske jarnhesten dei kalla framsteg. I demokratiet sitt namn peika òg språket (‘maktspråket’!) seg ut som eit naturleg frigjeringsmål. Ogso språket hadde sitt sosiale hierarki, som laut leggjast i grav.

Den som ikke vil – han skal!

Tanken attum er fylgjande: Mål og kultur er folkeleg sameige og skal difor inn under politisk styring. Estetiske og historiske kriterium i desse spursmåla forvrøvlar og hindrar:

a) fagleg-vitskaplege granskingar

b) politiske (demokratiske!) avgjerder

Meinte samstavarane, på vitskapleg folkemålsgrunn.

Men både politikk og smaksdomar (estetikk) hev det draget ved seg, at det, av natur, ikkje let seg overstyra og føra attende til (avleidast frå) ‘høgare faste verdiar’, logiske eller filosofiske prinsipp – utanfor politikken, eller utanfor estetikken. Det er med utgangspunkt i di politiske meining og din estetiske smak du går dine rundar i ringen; det er alltid von um å semjast innafor politikken, og innafor estetikken. Der finst ikkje noko logisk fast punkt der alle på tvingande vis lyt samlast; samlingspunktet er der me – av eine eller hin grunnen – møtest. Alternativet til politisk semje og overtaling, er tvang eller påvising, slik det skjer i krig, logikk, eller i dei matematisk ‘eksakte’ vitskapane, der du berre hev å innsjå kva som er rett eller gale. For som i logikken avviser vitskapane sjølvmotseiingar og kjenner berre ei sanning (um gongen!). Når 2+2=4, då fylgjer 4–2=2, i motsetnad til i politikken og i estetikken der ‘sanninga’ skifter, som dragkamp i korridorane; som ‘smak og behag’ i salongane, og alltid med uvisst utfall. Den politiske vurderinga, til liks med det uvisse utfallet av smaksdomar, står i motsetnad til vitskapen sine metodar (som m.a. Hannah Arendt hevdar). Vitskaplege ‘sanningar’ (‘ikkje-avsanna sanningar’) spring ut av metoden – og ikkje di overtyding. I politikken og i smaksdomane våre er alt mogleg!

Metodisk står vitskapane i motsetnad til demokratiet, som i utgangspunktet er tomt for innhald, lydande etter utfallet av samtale og mannjamning. Vitskapleg sannproving kan soleis aldri få nokon framskoten plass i demokratiet, berre i livsprosessane (d.v.s. i den økonomiske og sosiale samfunnsstriden)

Dette er eit syn som m.a. marxistisk teori ikkje kunne skriva under på: Verdistandpunkt innanfor kulturen hadde sitt klåre klassestempel, um m.a. Edmund Burke aldri so mykje hadde hevda at kulturell tradisjonsoverføring representerte, passivt eller aktivt, kollektiv godkjenning på tvers av klassar og sosiale skikt – og soleis batt samfunnsklassar og ættleder saman på harmonisk vis.

Dette er kjernen i kulturen. Kulturen er det som varer gjennom ættleder, som ikkje vert tært upp av livsstriden, men gjer livet verdt å leva (H. Arendt). Kulturen overlever hundradåra, og fornyar seg. Kulturen er serhått og tradisjon, men òg eit uttrykk for universelle tonar. I kulturen kjem høg og låg saman, mannjamning og klatring i samfunnspyramiden står ikkje på sakslista.

No kom dette i tillegg: Språk vart sett på som liggjande for seg sjølv millom natur og samfunn/kultur og vitskapen hadde endå ein god grunn til granska språket med naturvitskaplege metodar (eg gjer merksam på at det som i serskild mun gjeld marxistar, i stort òg gjeld m.a. lingvistar – som lingvistar; altso vitskapsfolk). Målet kunne fylgjeleg studerast som fysiologiske ovringar, som fonetiske strukturar osv, slik naturvitskapen med stort hell hadde synt vegen.

Av målpolitiske grunnar var dette som manna frå himmelen for reformivrige språkplanleggjarar! Vitskapen vart nytta slik ein moderne hér nyttar sine tanks: til å rulla upp fienden sine stillingar. Det ‘progressive’ Noreg frygda seg. På same lag som historia og vitskapen, da gitt! Slutt opp om vårs! Dei færraste ofra Immanuel Kant sine manande ord ein tanke: “Den vitskaplege fornufta (granskarånda) kjenner ikkje noko tap eller vinning – for eigen del – når ho landar på eine eller hitt haldet.” Og slik lyt det vera  um det skal tena vitskapen – og um vitskapen tena samfunnet. Vitskapen kan ikkje eiga aksjar i eigne uppfinningar (‘funn’). Vitskapen lyt ha bind for augo, til liks med Fru Justitia.

‘Det syng ei aa ...’

Men då kan heller ikkje kulturen (og språket!) leggjast under vitskapen si lupe for å formast etter vitskapleg leist, utan etter politisk-demokratiske avgjerds­prosessar. For like lite som ein kjem åt venleiken i ein blom ved å telja støvberarar eller plukka kronblada frå einannan, like lite kan ein nå inn til kjernen i språket ved å studera ljodovergangar eller telja diftongar. Språket eig songar og draumar du ikkje kan opna med slagord eller statistikk. I målet finst opningar og vegar til fedrearv og framtidstru, ikkje berre ljod- og skriftbilete. Med vitskapen sine augo (behaviorismen) er der ingen skilnad millom snakket til ei papegøye og mennesketale. For med vitskapen sine metodar kan du – strengt teke – berre granska tingen frå utsida; ikkje lodda dine eller andre sine djupner; eller gjera sjølvrefleksjon.

Vegen fram går fyrst attende

Men kvifor syta og klaga over det som var; samnorsken si tid er då over? Kvar tid hev nok med si plage, kvifor bera på lik? Det er berre det at samnorsken lever i beste velgåande i det offisielle nynorske skulespråket, som skuleborna lyt læra, og som utgjer hovudparten av det som går under namnet nynorsk, offentleg og privat. Me uroast over morgondagen. Eit vølingsarbeid ventar. So pass me kan odla vår åker på det gamle stykket – den norske målarven (kvar gjorde styresmaktene av det norske målet – det viktigaste kulturminnet – i kulturminneåret 1997?).

Eit nynorsk minefelt

Høgnorsk høver godt til å talast, ikkje berre skrivast. Just det hev vore eit problem for mange nynorskfolk sovel som for målfolket. I snart tretti år hev mållaget jamstilt det å tala målføre og skriva nynorsk. Me hev halta på begge føtene. For kva med det nynorske talemålet? I utgangspunktet var valet vanskeleg nok: Rett ut ein tankekross! Tok du eit val her, synte du deg som svikar; anten mot ditt kjære målføre eller mot det nynorske normaltalemålet. Resultatet hev ofte vorte at me målfolk, etter beste evne, hev fylgt slagordet “tal dialekt – skriv nynorsk”. Nynorsk tale er sjeldan å høyra; og i leidande krinsar i målrørsla hev nynorsk normaltalemål vorte sett på som spillsykja. For som det heiter: ingen er fødd inn i eit nynorsk miljø, um du då ikkje er fødd i eit byttekott på Det Norske Teatret. Nynorsk tale er i dag eit resultat av aktiv normering hjå einskildpersonar og er fylgjeleg ‘unaturleg’, naturleg nok, då det so sjeldan høyrest. Som tidlegare nemnt er det ‘naturlege’ det me hev lært av vane.

C-moment

Men det som derimot er svært vanleg, er at alle me som etter plan og instruks, av kjærleik til norsk mål, skulle lata vera å normera målet ‘på kunstig vis’ til nynorsk talemål, hev vanskar med å tala vårt ‘naturlege’ målføre av – naturlege grunnar. For heller ikkje vår barndoms målføre maktar me å tala, utan at me, med tunga midt i munnen, stendig lyt normera målføret attende til barndomens målføre, av di me på mest svikefulle vis er umgjevne av framande tunger. Og me er ikkje åleine med å vera åleine! Sett frå isolasjonistisk og ‘dialektisk’ synsstad er me stendig meir og meir framande for einannan, alt etter som me flyttar på oss. Det er berre bokmålet me hev sams. Takk og lov, tenkjer mange; litt orden lyt til for å navigera i kaoset. Me hev heller ikkje hatt ork til å heimsøkja barndomens dalar, for soleis – med hjelp av ljodband og noggranne upprit i ljodskrift – å uppdatera målføret

  • slik me hugsa heimemålet der ute på skjera/uppi dalen
  • for å kvitta oss med slagg som hev snike seg inn frå andre målføre og inn i vårt fagre heimemål
  • for å reinska ut bokmålsk påverknad i vårt eige mål (her ser me at heimemålet sviktar oss – slik det vert tala i dag)

Stort sett plagast me svært lite av desse målpolitiske vanskane; det å tala fell oss overlag naturleg; me talar slik det fell seg, stendig eit steg nærare bokmålet; for kvar gong me les bokmål ‘innanboks’, flyttar over ei herrads- eller fylkesgrense, byter arbeidsplass, rykkjer upp eit lønssteg, eller flyttar ut – og inn over gangen til den nye sambuaren med born frå to ekte- og sambuarskap i nord og sud. Men når me er heime på ferie talar me pura målet; faktisk betre enn attgløymene som ikkje hadde tiltak å koma seg ut før målføret vart utskjemt av innflyttarplaga.

Å tala eit norsk målføre hev aldri vore noko karstykke i seg sjølv; det fylgde med det å sitja på garden som heimføding (hermet er på utlån frå Ola Breivega)

Ei syrgjeleg vise

I vår umskiftelege verd hev me uppdaga at just som du reinskar halsen for å gripa ordet, grip bokmålet fat i deg og dukar til eit anna mål. For stoda er denne:

  • du hev flytta heimanfrå – burt frå målføret ditt. Du står åleine – ogso i heimen
  • du vert påverka av det lokale målføret på den nye staden (mine/dine/våre born)
  • du hev medvite og umedvite normert mot det dominerande bokmålet (media, arbeid)
  • du lyt normera i alle høve, då både målføre, nynorsk og bokmål berre kan attkjennast som ein – meir eller mindre – fast standard. Bokmålet er lettast å normera mot sidan det surrar rundt natt og dag, i media, yrkesliv, og lagsliv. Dertil: bokmålet står for status og minste motstands veg. Heilt ‘naturleg’!

Målførenormering er truleg vanskelegast, då målføra er geografisk avgrensa; utanfor reviret spelar det ‘heimlege målføre’ rolla som ‘steindaud latin’; ofte heilt fråverande. I tillegg til at me, som målførebrukarar utanfor ‘reviret’, vantar eit normativt ljodbilete, hev me heller ikkje noko attkjennande skriftbilete å stø oss til. Her finst ingen sams identitet å samla seg rundt; berre ei rekkje dominobrikker som ramlar overende i landskapet. Me kjenner oss fanga av ei umseggripande nederlagskjensle. Dertil er det ei personleg trøysteslaus uppgåve å sjå seg sjølv som ‘siste mohikanar’, utan arvtakarar, som gjennom uppofrande føredøme og upplæring (borna!) makta å føra det gamle bygdamålet (500 km heimanfrå) vidare, ute på prærien, der me no – i aust eller vest – slær oss fram i livet. For me er nomadar, under skiftande skotmål frå skiftande ‘talemål’ (regionalisert talemål, bokmåliserte målføre, kongeleg bokmål). I dette umskiftelege og kaotiske landskapet saknar me eit fast norsk ljod- og skriftbilete å navigera etter. Aller minst saknar me å gjera det skiftande talemålet til norm og ankerfeste! Då heller, lukkeleg frigjorde frå alle ‘puristisk-elitistiske og museale’ norskdomstankar, og – puh – alt det styr – rida på den bylgja me alle kjenner so vel alt frå barndomen: tala og skrive bokmål. Minste motstands veg. Naturleg. Og slik maktar me, ved naturmetoden, å enda upp som dana – orsak – dannede mennesker.

Eit motstraums liv (tale ved ei grav)

Borna dine, men òg ektemake og seinare bifil sambuar, til liks med umgangsvenene, tala andre målføre. Og nesten alle drogst mot bokmål, Noregs Soria Moria, dette målet som hev den eigenskapen at det til ei kvar tid (etter 1938 og i språknemnd- og språkrådtida) på eit forunderleg vis fell saman med den ‘naturlege talemålsutviklinga’ her i landet, som var dei, bokmålet og talemålsutviklinga, ikkje-einegga tvillingsyskin.

Mykje kraft hev du lagt ned i di vanskelege målførenormering; trottugt hev du halde vakt attum din eigen rygg; slege attende listige bokmålsåtak.

Um du staute guten, skulle sjå deg sjølv standande i ei ‘ubryteleg historisk målførerekkje’ (ætt fylgjer ætt):

du sådde på steingrunn!

du tok stafettpinnen med deg i grava. På di grav skal det stå: ‘Han var den siste – av sitt slag!’

Hav takk for den tid du vandra millom oss. (Kva målføre var det du tala eigentleg; eg fekk det aldri heilt klårt føre meg; meiner å hugsa at folk frå heimbygda di tala annleis enn deg.?)

Stabukken! Ingen tvilar på din kjærleik; vår kjærleik var òg din kjærleik! Di sorg var og vår. Men kjærleiken din til målet og din stendige strid for ‘dei levande norske målføra’ hev – her ved di grav – gjort oss meir ettertenksame og melankolske.

Bed for oss, som vart att. Amen!

I same båten

Målføreaktivisten deler lagnad med den nynorske målreisaren: Alt det faste, handgripelege, løyser seg upp og kverv. Som var det berre luft! Vitskapen ‘hjelper naturen’ – på puristisk vis (!) – ved å reinsa naturen (‘talemålet’) for unaturleg og elitistisk kulturmål. Som kulturmenneske ser me høgnorskfolk uppgåva vår noko annleis.

Ein tankekross

Lat det vera klårt: høgnorskfolk elskar dei norske målføra. Ogso høgnorskfolk ser at det fylgjer vanskar med å tala nynorsk normaltalemål, kvar du enn ser saka ifrå: Nynorsk normaltalemål hev ikkje eit eige kjerneumråde, der alle, med få unnatak, talar maulet (hovudstad, landsdel) og heller ikkje hev nynorsken sosiale skikt eller klassar som hev nynorsk som sitt mål. Og slik vil det vera i lang tid. Problemet er historisk og kjem av at norsk riksspråk for skuld dansk herrevelde aldri fekk utvikla seg rundt administrativ, religiøs og kulturell riksstyring. Difor var det ingen nasjonal overklasse med riksfemnande samband som (skreiv og) tala norsk. Dette historiske tomromet vil det, under alle umstende, vera vanskeleg å fylla med nynorsk normaltalemål.

Heller ikkje den nasjonal-romantiske reisinga i førre hundradår makta å fylla dette ‘svarte holet’ i si tidsmessige nasjonsbyggjing. Og dette kom til: Den nasjonale reisinga ute hjå dei europeiske folka, slo med sers tyngde inn i borgarskapet – nasjonsbyggjinga var borgarskapet sitt historiske verk – men her i landet var dei førande lag av borgarskapet framleis knytt til den danskrøtte ‘felleskulturen’ med hud og hår. Her i landet, med få unntak, var borgarskapet nasjonalt – på dansk, slik Asbjørnsen og Moe var det! (mange av dei tok det att, ved å vera høgrøysta ‘brystnorske’!)

Som tidlegare fortalt var den demokratiske reformasjonen i førre hundradår knytt til ei framtidstru som kjende få grenser. I hovudsak var det ein glad optimisme som ogso norskdomsfolka delte: Her var rike gåver i vente! Dei sosiale og økonomiske tilhøva vart endra gjennom den industrielle revolusjonen – og gjennom politisk-institusjonelle framstøytar. Dei kulturelle og språklege tilhøva skulle ogso få kjenna teven av eit nytt vérlag; hamskifte var på gang her òg. Kultur og språk, som var kvar manns eige, hadde til no vorte tileigna ikkje gjennom politisk-institusjonelle avgjerder, men gjennom historiske overleveringar innafor familie og bygdelag. Denne tradisjonsoverleveringa bygde vår heile horisont og knytte folk i hop – horisontalt og vertikalt. Slik hadde småmannen lært seg å leva med stormannen – og umvendt, med Gud Fader som øvste hanen i korga.

Det nye oraklet

Dette ‘middelaldermyrkret’ vart etter ei tid ‘upplyst’, og dertil blodstenkt, so pass at Vår Herre sine kyrkjevigsla utsendingar på jorda, kongane, fekk avløysing av hr Majestet Folkesuvereniteten. Men folket, barbarane, var enno ikkje moge: Folkesuvereniteten representerte ikkje eit konkret og levande folk (Rousseau), men ideen um folket, den levande ideen (Robespierre!), den objektive ålmennviljen (Napoleon Bonaparte!), og slik vitskapsfolka – og sjåarane – på minst brysame vis, i takt med tidsånda, skulle koma til å kjenna sitt høgt elska folk – som fiksjon (‘massane’). På same vis som dei verdslege herrane til no hadde legitimert makta si frå sjølvaste Gud i Himmelen, kunne no dei nye ‘folkesuverenane’ visa til ‘folket’ som sin uppdragsgjevar (alt medan folket enno ikkje hadde røysterett!).

Det vere seg slik eller slik. Rådande målstode er det me renn hovudet mot kvar dag, og me ser ikkje nokor enkel løysing med mindre me gjer som leigesoldatane åt Kvitekrist og Olav Digre og set saka på spissen. Sverdspissen. Tanken er ikkje verd å grunna på! Slik Martin Luther sin metode heller ikkje er tilrådeleg. Han gjorde eit grepa makeskifte med fyrstane: kyrkjegods mot den rette lære – og fekk rettskrivingsreform på kjøpet, i tillegg til trettiårskrigen. Men gløym tanken på slike remediar! Me sit i klisteret – av di me er demokratar! Men det vere sagt: Både statsreligion (fyrst den pavelege kristendom og sidan den luthersk-protestantiske) og riksspråk, vart bode oss nordmenn på spissen av eit sverd. Slik soga veit å fortelja frå andre tider og himmelstrok. Um me ikkje kan taka hemn over soga, kan me sikkert og visst læra av ho!

Ved ein krossveg

Målføreodling er til liks med odling av høgnorsk, å odla nye vokstrar mot ein fast normal. Norsk mål overlever ikkje utan odling. Men me lyt klåra tankane: Di meir samkvem millom landslutane, di drygare vert levekåra for sereigne norske målføre, kva enn me måtta meina um det. Den historiske utviklinga hev endra vilkåra for lokalt stadbunde liv. Trur eg. Utviklinga går mot ikkje-isolasjon og stendig nærare samband millom landslutene (slik det òg skjer internasjonalt). Dette riv grunnen under eit ‘fargerikt’ målførehav. Målføreodling i ei slik vanskeleg stode lyt henta ‘motkraft’ frå eit sterkt ynske um å ‘taka vare på’ noko me upplever som verdfullt: Dette er i hovudsak ein ‘motreaksjon’, eit vern og ei motrørsle mot den moderne hovudstraumen som sprengjer seg fram som ‘utviklinga sjølv’.

Men dersom vilkåra for dei norske målføra er i ferd med å falla burt, er ei storstilt målføreodling feilslegne krefter – ikkje som personleg vinning (hugs Lessings ord!) – men som naudsynt kollektivt tiltak for å berga ei regional utgåve av norsk mål (me er frie til å definera norsk mål utan å spørja fagfolka). I denne stoda skulle me spørja oss sjølve om me ikkje kan reisa eit sterkare vern for norsk mål, som kanskje maktar å stå mot komande åtak mot norsk mål: Samling rundt tala og skriven nynorsk! Og endå er det eit vågestykke. Til liks med livet! Nynorsk normaltalemål er eit alternativ for alle dei som i dag vert dregne inn i det bokmålske dragsòget.

For vel hev dei rett (lingvistane og ‘nikkarane’), som hevdar at alt mål endrar seg med tid og samfunn, og at det òg må gjelda norsk mål, men i eit land der to mål lever side ved side kan det ikkje vera tale um ei ‘sjølvutvikling’ i eit mål, men vel so mykje påverknad og kuving (det kan me lika eller ikkje lika, alt etter kvar me hev hjarta). Til skilnad frå t.d. svensk mål, der all talemålsendring vert upplevd som endring av svensk mål, kall det gjerne ‘modernisering’, so vurderer me tilsvarande ‘naturleg’ endring av norske målføre (og politisk-institusjonelle endringar av nynorsk) upp mot ‘to-språksstoda’ i Noreg. Som dei syndige menneske me er, veg me målutviklinga upp mot eit norskdomsideal – og likar lite at det norske vert vatna ut. Me vel å vurdera røyndomen upp mot ideala våre – og ikkje omvendt.

Den sterke målførerørsla på syttitalet, styrkte den målpolitiske haldninga til målførebruk, utan at han styrkte nynorsken si stilling i folket. Målfolket sitt rause slagord: “Tal dialekt – skriv nynorsk!” vart praktisert ute i folket som: Tal dialekt – skriv bokmål. Neste steg i prosessen vart fylgjeleg lettare å taka: tala bokmål (meir eller mindre). Det var slikt som ikkje tarv seiast, det var noko kvar og ein gjorde som naudsynleg lekk i sitt private framtidsprosjekt. Det nye var at målføra fekk eit faktisk upprykk i statskalenderen (upp på nest siste plass!). Sjølv Ivar Aasen og Arne Garborg dreiv det ikkje lenger enn til å skriva dansk (seinare nynorsk!) og tala dansk med norsk tunge (livet ut)

Målførerørsla på syttitalet var eit svar på ei røynleg svekkjing av målføra. Ironisk nok: I same tidsromet som målførerørsla bar fram målføra til ålmenn stand og vyrdnad, veikna noko av den sereigne dåmen i dei norske målføra (eg talar ikkje her um det norske målet, men um dei norske målføra!). Det er med målføra som med den – no for tida – høgprisa kystkulturen: Just som han sig i kav i si tradisjonelle og kulturberande form, stig han til vêrs, som ein minneskatt som gjev status og identitet til alle oss som kjenner oss heimlause i vårt nye urbane landkrabbetilvære.

Dei lokale målføra, i all sin rikdom, hadde vore som dvergmål; det var di eiga røyst som vart kasta attende frå tverrfjell som stengde. Målføret fekk du i dåpsgåve og ‘målføreodling’ var å vera til stades! I dag lyt ein – som Olav Randen hevdar (og praktiserer!) – leggja ned ein del individuelt normeringsarbeid for å tala og halda uppe målføret. Medierevolusjonen bombarderer dei ‘nynorske kjerneumråda’ so du på ein skeiv kveld kunne tru deg burtkomen til den amerikanske Midt-Vesten.

At språk endrar seg med historia er ikkje vanskeleg å godtaka. Men vilkåra for slik endring ymsar, alt etter korleis soga går! Utviklinga av gælisk mål, t.d. irsk, er ikkje soga um korleis eit mål rotna upp innanfrå av språklege årsaker, men um korleis eit folk vart trakka under fot, og korleis det irske målet, folket sitt mål, langsamt bukka under, av di den nye overklassen, skamlaust heiv ut alt som minna um kulturen åt dei hertekne (men den keltiske songen overlevde!) frå alt styringsverk, religiøst, administrativt m.m.

Brua attende

Men kvifor ikkje, som Jesus sa, “lata dei daude gravleggja dei daude”? Den gamle nasjonalromantiske førestillinga (dei gamle norskdomsfolka bar på den!) um at ‘det stod upp til oss som folk, å retta upp ein nasjonal skavank’ (historisk revansjisme) døl for eit viktigare poeng: Me står ikkje til svars for Historia, for ho er ikkje skriven; det er me, som av umsyn til morgondagen, søkjer svar i historia. Me elskar vår fedrane tunga; ikkje av plikt og lydnad, men av rein kjærleik. Det norske er ein historisk storleik, og meir enn noko gjeld det norske målet som méd og samlingsmerke, som me mæler avvik ut frå. Å navigera utan faste referansar er å liggja for rek, kor mykje me enn noterer ned straum, vind og bylgjehøgder. Berre slik kan me gjera krysspeilingar, og berre slik kan me stikka ein kurs, søkja trygg hamn, eller ‘leggja utpå’!

Hugsyn (himmelbogen)

Når me skodar attover, synest faret; spora våre; ikkje vegkrossane. For vegen me gjekk var ikkje stukken; me gjekk i urd! (ofte fylgde me vår eigen skugge). Då rådde audni: “Jordi var aud og øydi, og myrker laag yver djupet; men Guds ande sveiv yver vatni”. For kvar ættled, kvart individ, ja kvart no, eig ropet som kallar på byrjinga, som åtte me verdsens fyrste dag – morgondagen. Kor vart det av fridomen, um det var annleis laga? Men fridomen bind, meir enn han frigjer, som høyrde me – lågt kallande, frå innimillom trea der i hagen, ei røyst som kravde oss til svars. Og likevel ... me er på veg!

for månen skjine
og vegjine falle so vide

Um nokon ville skulda høgnorsken for å odla fedramålet, ved at me levandegjer ord og former som me – av rein kjærleik – ikkje vil lata gå or bruk, hev dei rett! Det syner at me ikkje er døgerfluger. For med Goethe: Han som ikkje kan syna fram rekneskapen for dei siste 3000 åra, lever frå hand til munn! Just difor er det so tvingande naudsynt å halda fast – i skrift og tale – det norske: Berga det norske frå gløymsla! Med eit kulturminneår bak oss, skulle me minnast just det. For høgnorsken speglar av ein folkeleg skatt som i dag ligg i kim hjå eit sovande folk. Som språk er høgnorsken enno eit barn. I høgnorsken ligg der mange ukvedne songar, mange kviskringar og framlegg til vedtak. Bundne krefter. Enno ikkje utsprungne. Kva kraft ligg ikkje i eit mål som eig ein himmelboge og ei gamal bru?

Fyredrag halde på Normaltalemålskonferansen til Ivar Aasen-sambandet i Bergen 26.–28. september 1997.

Vincent Eye Færavaag hev vore med i målrørsla i ei årrekkje og bur på Stord.


Vincent Eye Færavåg, 20040724

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag