YMIST

Med tru på målsaki

I Mål og Makt 1-2001 kjem Oddmund Hoel med eit svar på dei motleggi eg kom med til det som sume hev kalla programartikkelen hans i Mål og Makt 1-2000, Målrørsla og kampen om det offentlege rommet. Hoel nyttar mykje plass på å herma meg, men eg er ikkje fullnøgd med dei tolkingarne han gjer. Det ser ut til at han hev mistydt mykje av det eg hev skrive, og det han hev skyna, ynskjer han ikkje å fylgja upp.

"Myrvoll har ikkje mykje til overs for synsmåtane mine og meiner målrørsla skal vera særs varsam med å gå inn i problemstillingar ut over dei reint språklege", opnar Hoel. Her legg han til meg ei meining eg ikkje hev målbore. Eg mælte ikkje imot å ganga ut yver "det reint språklege", eg vilde berre slå fast at det er målet som må vera utgangsstødet for alt målrørsla driv på med. Med utgangsstøde i målet kann me koma inn på mykje rart, men me må heile tidi kunna føra det attende på grunnlaget, som er målet. Det distriktspolitiske raseriet åt Hoel kann føra fram til nynorsk um ein legg serskilde synsmåtar til grunn, men det kann elles føra oss kvar som helst.

Ein annan stad skriv Hoel: "Myrvoll brukar størsteparten av artikkelen på å definera målreisinga langt bort frå alle andre kulturelle og politiske stridsspørsmål i samfunnet…" Det var slett ikkje meiningi mi at folk skulde taka det eg skreiv soleides. Heile ærendet mitt var å leggja fram eit upplegg som kann gjera målsaki til eit kulturelt og politiskt stridsspursmål, og det gjer ein ikkje med å berre samla seg um distriktspolitikk.

Hoel hev merkt seg uppglødingi eg hev for den hevdvunne norsken, høgnorsken. Han hermer meg når eg skriv at målfolket må halda upp å vanvyrda sin eigen tradisjon skal me vinna fram, og skriv so: "Men å tru at det å fylkja seg kring høgnorsken er oppskrifta på ny framgang for nynorsken, er beint fram naivt. Myrvoll viser til at den største framgangen for nynorsken kom før samnorskrettskrivinga av 1938 forbaud høgnorsken og dreg då raskt den konklusjonen at dersom ein set 63 års offisiell rettskriving, skrifttradisjon og skriveopplæring i ein parentes, vil framgangen frå 1938 halda fram". Eg kann ikkje sjå at det er grunnlag for å hevda noko slikt i det eg hev skrive. Det einaste eg sagde var at målrørsla må fylkja seg kring høgnorsken dersom me vil hava ny framgang; eg sagde ikkje at framgangen skulde koma av seg sjølv. Høgnorsken er berre eitt av vilkåri.

Hoel saknar ei grunngjeving for høgnorsksyni ut frå målstoda og samfundstilhøvi i dag. Jamvel um eg meiner at målet vårt må kunna grunngjevast utan umsyn til skiftande tider og tilhøve, er det sumt i samtidi som stakar ut vegen for høgnorsken. Mykje tyder på at me gjeng mot eit meir einslunge målsamfund, men i dag er det berre norsk-dansken som tener på denne einsrettingi. Høgnorsken kann verta ein røynleg medtevlar i denne striden, med di han skil seg klårt ut frå norsk-dansken både i hått og dei mynsterbilæti han held fram. Medan statsnorsken meir og meir vert eit underbruk av norsk-dansken, kann høgnorsken arbeida seg upp eit eige rom i medvitet åt folk.

Hoel gjeng ved at samnorskpolitikken og 1938-målbrigdet var eit mistak, men ikkje eit mistak for skuld målet vårt; nei, det var eit strategisk mistak, skal me tru Hoel. Då ligg det nært å spyrja: Kva hadde vore meir tenlegt? Og for kven? Det er klårt at 1938-målbrigdet var ei vinning for deim som stridde for eit samnorskt framtidsmål. Var det då eit "strategisk mistak" at storparten av målfolket vilde hegna um høgnorsken og gjekk imot målbrigdet? Her må Hoel gjera nærare greida for kva han meiner.

Etter Hoel var ikkje hovudvansken med samnorskpolitikken at nynorsken miste den indre samanhengen og det greide tilhøvet til målføri, for "dei [språklege systembrota] er framleis mykje større i bokmålet". Det er fulla eit drjugt påstand at mynsterbroti er mykje større i norsk-dansken enn i statsnorsken; dei er i so fall ikkje so lett å få auga på. Og um so er: Meiner Hoel at det er heilt greidt at nynorsken hev ein rotut målbygnad so lenge norsk-dansken er eit hakk verre?

Noko anna som lyt takast med her er at norsk-dansken hev ei sterk hevd som bægjer for uppløysing og utgliding, so nordmenner flest hev ingi vanskar med å skriva målet, trass i dei mynsterbroti Hoel vil draga fram. Då er det annarleides med nynorsken: den hevdi som hadde arbeidt seg upp vart i stor mun vanda i 1938, og i dag er det berre eit fåtal av nynorskelevarne som lærer seg å meistra målet vel. Slik er stoda, og ho kann ikkje berre tydast ut med at norsk-dansken er fleirtalsmålet. Jamvel i kjernestroki er det grunnlag for bokmålsframsig av di nynorsken er so lite fylgjerett.

Hoel meiner at hovudvansken med 1938-målbrigdet var at "målflokken vart kløyvd og flisa seg opp". Det er greidt at Hoel ikkje likar strid, men han må kunna sjå at målbrigdet fekk andre og langt meir ålvorlege fylgjor enn den indre striden i målrørsla. Målbrigdet braut med den indre samanhengen i nynorsken, det braut med alle grunnsynerne Aasen hadde bygt upp målet etter, det braut med hevdi, det braut med det innarbeidde målbruket i fleirtalet av skulekrinsarne, det braut med ein stor lut av bokheimen vår, det braut med folkeviljen med di dei fleste heradi som valde nynorsk, vilde hava i-mål, og det braut med bruksgrunnsyni, det er at ein ikkje skal føra inn nye former i rettskrivingi fyrr dei er komne i bruk. Korleides kann Hoel slå seg til ro med dette målbrigdet når det braut med so mykje? Det var ikkje målflokken som vart uppflisa, det var målet.

Ei uppreising for nynorsken lik den norsk-dansken fekk i 1981, kann Hoel truleg ikkje opna for: "Den sikraste oppskrifta på at dette skal skje ein gong til [d.e. at målflokken vert kløyvd], er å gå inn for eit omfattande rettskrivingsbrigde som snur opp ned på den nynorsken som brorparten av nynorskfolket har levd i og med i over 60 år". For det fyrste: Kven er det som hev kravt eit vidfemnande rettskrivingsbrigde som forbyd den nynorsken mange i dag nyttar? Sjølv vil eg berre hava fridom for høgnorsken i skule og styringsverk. Det er som kjent skilnad på fridom og tvang. Og for det andre: Kvifor skulde ei slik vøling, eit frislepp av høgnorskformer, føra til meir strid og kløyving i målflokken? Ein skulde helder tru at det kunde føra til meir forlik og samvinna, av di me hadde fenge like tevlevilkår då. - Kvifor denne mothugen til høgnorsk, Hoel?

Etter å ha lagt fram syni si på samnorskstrævet og måljankingi [-normeringi], endar Hoel: "Målreisinga lyt ta utgangspunkt i den nynorsken folk i dag kjenner med mindre ho skal verta redusert til eit føretak for spesielt interesserte". Til det vil eg segja at målrørsla i stor mun er eit fyretak for deim som er serskilt forvitne etter målet. Me lyt setja fram eit mynsterbilæte for folk å strekkja seg etter. Jamvel um målet må vera at alle skal skriva nynorsk til slutt, segjer det seg sjølv at me ikkje kann femna um alle tenkjelege synsmåtar og tilnærmingar i målarbeidet. Eit idealistisk prosjekt som hev det til mål, kann lett vanheppast. Kvifor skal skynet åt folk i kjernestroki som i røyndi ikkje er forvitne etter målet, få leggja vilkåri for dei ordskifti me skal føra for å få folket med oss? Um me som er serskilt forvitne etter målet ikkje kann få deim med oss, kven skal greida det då?

"Det er no ein gong slik at det er på bygdene folk i dag skriv nynorsk", segjer Hoel og målber ei storkna syn på stoda for nynorsken. Me må hava upplegg som gjeng ut på at målet skal finnast ut yver der det finst i dag, um det ikkje skal verta eit reint vestlandsmål. Då er det klårt at me ikkje kjem utanum byarne. Det er no ein gong so at byarne og bykulturen fær mykje å segja for samfunds- og målvoksteren. Ein samskipnad som strider for umland og bygder, og som legg vekt på motsetningstilhøve millom by og land, kann ikkje venta å vinna mykje skynsemd frå byfolk.

Det er drjug kost å lesa at Hoel meiner åtfinningi mi "ikkje er tufta på nokon analyse av målstoda i dag eller av målsoga". Når eg legg so mykje vekt på å få byarne meir med i målarbeidet, kjem det sjølvsagt av at stoda i dag krev det, attåt at dei lange linorne i soga dreg i same leid. Eg kann ikkje sjå at skilnaden på meg og Hoel gjeng på um me hev løyst upp målstoda elder målsoga, men helder kva me hev kome fram til og ynskjer å leggja vekt på. Me hev ulike tilnærmingar til målstoda me ser ikring oss og ulike løysingar på attervenda: Korleides skal me vinna fram? Det kann vera at me tolkar målsoga noko ulikt òg. Hoel synest sjå arbeidet for nynorsken underordna andre samfundsspursmål, og det kann eg ikkje vera med på. Målsaki er ei upphøgd sak, og ho kann ikkje tøygjast etter det som synest gjelda berre her og no.

Hoel segjer at eg "aldri [gjer] nokon freistnad på å tolka "Om Dannelsen og Norskheden" ut ifrå den historiske samanhengen han vart skriven i". Det eg freista var å henta ut grunnhåtten i det Aasen skreiv, og syna fram slikt som kann hava noko å segja til oss som liver i dag. Det kann verka som Hoel meiner at stykket åt Aasen ikkje er gildt for tilhøvi i dag. Dét kann ikkje ha vore grunnen til at han fyrst drog det inn i den nemnde programartikkelen sin. Då vart Aasen teken til inntekt for den distriktspolitiske tilnærmingi åt Hoel, må vita. Noko av ærendet mitt i Mål og Makt 3-2000 var å syna at Hoel mistolkar Aasen. Eg meiner at Aasen berre hev vorte meir dagnær i det han skriv um tilhøvet millom by og land sidan 1857. Like eins som Aasen var open for samtidi si, må me vera opne for samtidi vår.

Mot enden av svaret sitt dreg Hoel seg attende: "Når Myrvoll på denne måten definerer målreisinga ut av historia og politikken og gjer ho til eit eksistensielt trusspørsmål med Aasen som guru, vert det vanskeleg å diskutera". Eg kann ikkje sjå at eg hev skilt ut målreisingi korkje or soga elder politikken. Kva byggjer Hoel på her? Eg dryfter Aasen og 1938-målbrigdet og fylgjorne det fekk, og eg tek stoda til eit politiskt stridsspursmål i samtidi: Skal me taka umsyn til byarne elder skal me berre fremja bygderne? Medan eg ynskjer å arbeida for målsaki og fremja henne på ulike stader og i ulike stodor på eit upphøgt grunnlag, synest Hoel berre vera forviten etter bygde-Noreg og det som gjeng fyre seg der. Eg vil gjerne ordskiftast med Hoel um målsak i høve til soga, samfund og politikk, men då må han peika på kvar det er eg hev lausrive målet frå denne samanhengen.

Men - målreisingi er eit spursmål um tru; det skal ingen evast um. - Hev du ikkje tru på målsaki, Hoel? Um Hoel ræddast den sjølvråduge trui på det norske målet, skulde han ikkje ha drege seg undan ordskifte ikring desse spursmåli so snøgt som han gjer. Han kunde verta yvertydd.


Klaus Johan Myrvoll, 20040727

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag