YMIST

Norskfaget i krisa

Slik lyder yverskrifti i eit bladstykkje i Dag og Tid. Kjell Lars Berge og Trond Andreassen peikar på at det er mangel på nordiskstudentar. Dei meiner at folk som arbeider med norskfaget ikkje er viljuge til eller hev evna til å fornya norskfaget. Norskfaget druknar i forsteina tradisjonalisme, likesæla og fagspesialisert hagleik, hevdar dei.

Norskfaget som burde vera av dei mest interessante fagi er altso i krisa. Vestmannen vil gjerne setja søkjeljos på vanskane som ligg i norskfaget. Difor prentar Vestmannen i dette nummeret andre luten av det fyredraget Johannes Volle heldt på Høgnorskdagane tidlegare i år. Volle peikar truleg på ein del poeng når han fær fram korleis skuleelvar verjar seg mot å læra nye ord.

Gleda ved og yver morsmåls-faget må vera fyrste tilnærmingi. Morsmålsfaget skal tilføra elevar og studentar kunnskapar i å argumentera og i å fylgja tankar og i å granska tekster med godt og variert språk. Kva er det so som gjer at elevar og studentar som studerar eller kann studera norskfaget ikkje vert meir uppglødde for faget ?

I valkampen hev sume politikarar gjort seg til talsmenn for å fjerna sidemålet. Ein politikar gjekk jamvel so langt at han sa at partiet hans vilde retta seg etter det elevane i vidaregåande skule helst vilde læra.

Når det er grorbotn for slike tankar må ein spyrja seg kva som skal til for å få fram gløden for norskfaget. Det er tydeleg at viktige oponionsdanarar ikkje greider å skapa nok brennhug attum norskfaget.

Innanfor språkdelen av norsk-faget på universitet og høgskular er det ein tydeleg tendens til at ein berre driv med reine framstellingar utan umsyn til den subjektive interessa for fagstoffet utanfor desse utdaningsinstitusjonane. Det skapar ikkje nokor interessa for norskfaget når forskarar gjeng ut og segjer at det er heilt i orden at målet utviklar seg som det gjer og at det ikkje er noko å gjera med det.

Kva skal vera motivasjonen for norskfaget? Når dei som driv med norskfaglege granskingar ikkje greider å leggja fram ein motivasjon for faget anna enn å observera og skildra ting som er heilt openberre, kann ein ikkje venta at studentane vert interesserte. Det finst faglege spesialiseringar både i litteratur og i målvitskap (lingvistikk). Norskfaget må ha noko meir å tilbyda enn perspektivet på det faglege i litteratur-og målgransking. Studentane må kunna finna spursmål og innfallsvinklar som gjera at dei vil granska det norske målet. Det er truleg her det skortar.

For ungdom med interessa for høgnorsk burde norskfaget vera verd eit studium i utgangpunktet. Men med alle dei rettskrivingsavviki og alle dei granskingane av bokmåliseringi i målføri, må ein konkludera med at det er andre fag som er viktigare for høgnorskrørsla enn norskfaget. Studium av dei klassiske måli, studium av samfundsfag, filosofi, soga og psykologi hev meir å tilføra folk med åhug til den norske målstoda enn det norskfaget av i dag kann segjast å ha. I lengdi er det friske innspel frå desse fagumrådi som kann berga norskfaget. Norskfaget i seg sjølv kann ikkje leva korkje i eit vakuum utanfor samfundet eller i eit vakuum utanfor dei andre universitetsfagi.


Lars Bjarne Marøy, 20050726

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag