YMIST

Målsak og medieutvikling

Korleis skal me forstå målsaki i samtidi vår ? Me kjem ikkje utan um at målsaki må setjast upp mot ein større bakgrunn.Altfor sjeldsynt hev målmenn i vår tid evna til å samla soga um norsk målreising i ei manande framstelling. Målpolitiske ordskifte er i mangt åt å koka ned til ei meiningsløysa.Det kann vera mange grunnar til den målpolitiske ørkenvandringi.Men eg skal ikkje undrast yver kva grunnar det er.Eg vil heller freista å syna nokre samanhengar som eg ser i utsynene mine på målreisingi og målreisingssoga.

For umlag hundrad og femti år sidan var Noreg eit land som var prega av ættekulturen.Med ættekulturen meiner eg den munnlege yverleveringi frå far til son og frå mor til dotter.Sambandet millom ættledene var viktugare enn bokleg lærdom.Kulturberarane i by- og bygd trong ikkje å vera serlegt bokkunnige.Det kunde heller vera menneske som hadde stor evna til å hugsa og gjeva att visor eller forteljingar og som kunde bera dei fram for ein krins av mottakarar.Bodskapane i denne kulturen kunde verta formidla gjenom handfaste forteljar- eller yverføringsråmor.Det som vart fortald trong ikkje å gjeva seg ut for noko ålment.

Etterkvart som ein byrjar å utvikla skriftmediumet, vert ættekulturen alt for handfast og jordnær.

Di viktugare den skriftlege litteraturen vert,di meir endrar den folkelege meiningsskapingi seg.Ein utviklar samskipnadene mot slutten av 1800-talet,og folk frå mange ulike landsluter byrjar å få trong til å finna samlande identitetsdrag i litteraturen.Spreidingi av litterære songar er i sterk vokster.Aasen,Garborg,Sivle,Bjørnson og mange fleire skreiv songar og Elias Blix skreiv salmar.Dei var med på å skapa ei ny kulturform gjenom medieutviklingi.Litteraturen kunde spreidast meir og meir etterkvart som dei nye ferdagreidone (ordet er nytta av Arne Bergsgård) kommunikasjonsmidlane vann fram.Det gjekk ikkje lenger vekesvis frå ei hending bar til og fram til ho nådde ut til folket.Snart kom avisone fram til dei minste og mest avsidesliggjande lutene av landet.Meldingar um likt og ulikt kunde nå ut gjenom samskkipnadene.Samskipnadene gjorde seg til verkty for saker med eit ålment innhald.Men det ålmenne innhaldet kunde få ei endefram tyding.T.d kunde eit krav um 8-timars arbeidsdag verta målbore med grunngjevingar som ættekulturen aldri kunde ha kome fram til.Det naturelege utifrå samfundsbygnaden i ættesamfundet vilde ha vore å ha godteke dei rådande samfundstilhøvi som dei var.Men den nye mediesituasjonen gjorde det mogelegt å samla interessone til meir eller mindre miskyndte gruppor.

Målrørsla voks fram i brytingi millom ei utviklingsleid som kann knytast til den gamle ættekulturen og ei utviklingsleid som kann knytast til det nye samfundet med store nasjonale samskipnader.I den gamle ættekulturen låg det mykje av eit utsilingssystem.Straumdrag utanfrå nytta lang på å gro inn i ættekulturen.Denne kulturen kunde ikkje stå seg mot den boklege litteraturen som langsamt,men jamt og trutt vann fram.

Den boklege litteraturen i Noreg var langt på veg ein samlitteratur med Danmark.Bøkene til dei fire store vart prenta i Danmark,og vart lesne i Danmark,utan at dei vart umsette.Etterkvart som litteraturen vart eit viktugare medium,vart det klårt at det danske språket ikkje rømde dei kjenslemerkte verdiane som den folkelege ættekulturen hadde stade fyre.Det førde til at dei som tidlegare kunde ha vorte kulturberarar i ættesamfundi.No istaden vart målmenn.Dei kunde lyfta seg fram gjenom det skriflege mediet.Skriveevna og ikkje den munnlege forteljeevna vart hevja fram i det nye samfundet.

Skriftmediet skapa utgangspunkt for ei ny meiningsskaping.ålmenn kunnskap vart formidla i eit ålment språk,og bøkene vart tilgjengelege for ein stor krins av lesarar.Dei skrivekunnige fekk høve til å fylgja med i verdsutviklingi på ein måte som ikkje hadde vore mogeleg so lenge ættesamfundet prega heile det folkelege samlivet i landet.Når me kjem utyver i 20- og 30-åri er det i ferd med å ovra seg ein norsk identitet som det ikkje hadde vore grunnlag for tidlegare.Den skriftlege litteraturen skapa sakte men med stor truverdigskap ein nasjonal likskap eller identitet.Um vanlege menneske ikkje las so mykje finlitteratur,so merka dei at språket var i rørsla på mangfaldige vis.Dei boklege kulturberarane tok til å brigda på målbruken sin,og den jamne mann kom i tettare hopehav med folk frå andre landsluter som nytta norskrøtt dialekt.

Endå klårare vart stemnelina i språket gjenom eit munnleg medium som radioen.Gjenom radioen skulde ein nå fram til breide gruppor av språkbrukarar på ein gong.Det var ikkje so lett å framføra ein bodskap gjenom radioen som på talefot mann og mann i millom.Radioen var med på å skapa ei form for upersonleg talemålssamhandling.Tvo personar kunde snakka saman på radioen nett som folk flest vilde ha gjort det,men samstundes skulde dei ytra seg på vegner av alle menneski i nasjonen.Flosklar som å ytra seg for kongeriket eller for heile folket eller på vegner av det norske folket eller liknande,er ikkje tome.Det norskdanske målet konsolidera seg til ein viss grad gjenom det normera talemålet i radioen.

I andre land vil skriftmålet vera det same både i byen og på landet.Målutviklingi i Noreg førde derimot til at bygdene jamt yver hadde eit skriftmål og byane eit anna.Det vart skapa eit gap i litteratursoga som den norskdanske sida ikkje kunde finna seg til rette med.Dersom den norskdanske sida skulde halda uppe sambandet med Danmark,vilde målmennene kunna gjera krav på å kunna hevja fram ein norsk tradisjon som ikkje hadde funnest fyrr.Men på same tid var både den høgnorske og den norskdanske litteraturen bundne til den dansknorske samkjensla,endå um litteraturforskarane hev freista å sjå burt frå mykje av hopehavet med Danmark.Det er ikkje til å koma frå at litteratur som var skriven av danskar i Danmark var ei inngjevnadskjelda for mange forfattarar,og eventyri til H.C. Andersen vart like mykje folkeeiga i Noreg som i Danmark.Dessutan må me heller ikkje gløyma at det danske målet i Noreg var mottakelegt for ord og uttrykksmåtar frå det danske målet i Danmark.Den sameiga som ligg i det kann me berre tenkja oss til,so framt me samanliknar det ordgodset me hev sams med Danmark og det ordgodset me hev sams med Sverike.Me brukar stort sett dei same framandordi på dansk og på norsk,medan svensk hev eit reportoar av ord som er heilt ukjende for både danskar og nordmenn.

Det munnlege talemålsidealet vart ein viktug lekk i nasjonsbyggjingi.Det munnlege skulde formidla det skriftlege som voks fram.Men skriftformi til nynorsken var ikkje fast innarbeidd,og målrørsla var samansett av folk som hadde svært ymsande meiningar um den skriftlege utformingi av målet.Det førde til at det vart spreidd uvissa um talemåls- og skriftmålsuppfatningi.Det var uppfatningi av kva nynorsken var som kunna yvertyda folk til å velja nynorsk.Det var ikkje det dei sjølve kunde prestera av målbruk.Nett uppfatningi av det generelle språket var ein del av uppbrotet med ættesamfundet.Tidlegare hadde det generelle språket vore uinteressant,for det var ikkje det som var den viktugaste kulturformidlaren.No hadde det generelle språket vorte ein del av den rolla som det einskilde mennesket skulde fylla som samfundsaktør.Utan det generelle språket som vart målbore gjenom det skriftlege daningsidealet,vilde det vera umogelegt å orientera seg i samfundet.

I møtet millom by og bygdekultur fekk målsaki mykje † segja.Byen som var i sterk vokster i etterkrigstidi fram til umlag 1970 stod for eit måldaningsideal som var eit kjennelegt brot med ættekulturen og den folkelege yverleveringstradisjonen.Dei som var av bondeætt kom inn i ein ny måltradisjon når dei vaks upp i byen.Dimed vart det skapa ein kunstig avstand til det høgnorske målgodset og ein falsk nærleik til det tradisjonelle norskdanske.Det norske målet kann upphevja den kunstige avstanden ved å representera ein røyndom som byfolki kjenner seg att i.Utan å kunna samla det norske målet um å representera by og land,vert målsaki ståande i stampe.Målrørsla må gjera folk merksame på den nynorske litteraturen og på den meiningsskapingi han stend for.På same tid må det normerte talemålet verta presentera for byfolki.Ein må sameina ættekulturen med det norske målet,og det norske målet må sameinast med bylivet i notidi.Då fær nynorsken meining.Då fær det litterære samlivet med Danmark ei ny storleiksform,og mekann verta meir merksame på dei kulturelle verdiane som den danske delen av samlitteraturen tilførde oss.Mange av oss treng å verta meir kulturmedvitne.Me treng å verta meir kritiske til den nasjonsbyggjingsideologien som hev prega delar av norsk soga.

Sume riksmålsmenn synest bolkesvis å tru at me målfolk vil setja skylappar på oss og ikkje bry oss med annan litteratur enn den som er skriven på nynorsk.Det er sjølvsagt ikkje rett.Me må velja ut nynorsk litteratur i mange tilfelle,um me skal kunna greida å halda upp evna til å skriva nynorsk.Men det er nok eit mål for mange,iallfall for meg,å lesa so mykje norskdansk litteratur som mogelegt.Di meir nynorsken greider å taka upp av tankestoff frå den norskdanske litteraturen di høgare vert umdømet og det ålmenne verdet til det nynorske målet.Og når ein fyrst hev åhug for noko,spelar målformi ei underordna rolla,difor er det ein rikdom å gjeva ut nynorske bøker som folk på den norskdanske sida fær hug til å lesa.Den rikdomen eig norskdansken jamt yver so mykje av at den nynorske sida som kjem til kort.

Lars Bjarne Marøy, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag