YMIST

Skulereformer og norskfaget

Mangt kann segjast um skulereformer og skulestell. Dei fleste av oss hev eit eller anna tilhøve til skulen. Fyrst av alt av di me hev gjenge der sjølv. Mange hev born, eller andre slektningar som gjeng på skulen. Kort sagt skulen er noko som mange meiner og vil vera med å påverka.

Mangt kann elles segjast um den handfaste undervisningi i norskfaget, slik ho vert fastlegi i læreplanar og andre stader . Likeins um korleis lærarar underviser i norskfaget og kva prioriteringar dei gjer millom anna av nynorsken.

Men me skal festa oss ved noko anna ved skulen i dette høvet. Det er undervisningsformene. I dei siste tiåri hev datateknologien gjort sitt inntog i heimane kringum i landet. Dei fleste hev no ei datamaskin og ein mobiltelefon tilgjengeleg i heimen. Skuleelevar er ikkje noko undantak. Med desse kommunikasjonsmiddeli held dei seg orienterte i detalj um ei rad sakstilhøve.

Utforskartrongen hev fenge fritt spelerom i vår tid. Folk reiser meir, dei hev kontakt yver store geografiske umråde og det uavgrensa tilgang på informasjon. Dette fær konsekvensar for korleis folk uppfattar skulen og undervisningsarbeid i skulen.

Det vert stelt spursmål ved um det svarar seg å ha ei mekanisk læring, der læraren fortel elevane kva dei skal gjera og der elevane ikkje hev medverknad yver sin eigen situasjon.

Med den tvovegskommunikasjonensom gjeng fyre seg millom folk yver alt i verdi i dag, er det ikkje rart um den eldgamle undervisningsformi med læraren som ein upplesar og einvegsbodskapsformidlar hev spela ut rolla si.

Det fungerar lenger ikkje å segja til skuleelevar at dei skal læra kunnskapar utfrå læraren sin ståstad. Læraren må ha kunnskapane og vera den som passar på at elevane fær dei faglege kunnskapane dei skal ha. Men undervisningsformi må i stor grad avtalast med elevane. I dag er ikkje dette noko som lærarane kann velja um dei vil gjera. Det er ein realitet.

Den store elevmedverknaden i skulen heilt frå 1. klasse til vidaregåande, fører naturleg nok til at universitets- og høgskulefagi vert vurderte med nye augo av skuleelevane. Dei ventar seg ikkje det same fyrr.

Dei vil ha meir tilbakemelding enn det som hev vore vanleg på universitetsnivå og dei vil ha ei onnor form for læring. Læring i vår tid handlar fyrst og sist um kommunikasjon millom dei som sit med kunnskapen og dei som skal læra. Det vil segja at utforskartrongen og trongen til å få nye impulsar hev vorte sterkare enn fyrr. Det er ikkje lenger slik at ein kann venta at studentane vil bøygja seg faglege autoritetar og faglege paradigme. Det er større rom for tvil og ordskifte um kva som skal vera det faglege innhaldet.

I denne stoda stend delar av språkdelen innanfor norskfaget fram som ein storkna struktur av fastfrosne kunnskapar og dogme som berre skal stadfestast. Det segjer seg sjølv at dette ikkje er serleg spanande for moderne menneske.


Lars Bjarne Marøy, 20050726

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag