YMIST

Den naturlege nynorsken

Nyleg las me ei teatermelding av eit av dei mange stykkje som vert uppførde på nynorsk. Meldaren hadde hengt seg upp i at ein av skodespelarane var frå ein by og at vedkomande snakka eit slags bergensk, men det var ikkje naturleg for ho tala nynorsk. Ho nytta endingar som var heilt unaturlege i bergensk talemål.

For eit år eller tvo sidan var det protestar på at narkomane og uteliggjarar tala nynorsk. Det var ikkje naturleg det heller. Uteliggjarar og narkomane skulde tala austnorsk, helst Oslomål, fekk me inntrykk av.

Nynorsken hev vanskar med å verta godteke som eit bymål. Kvifor? Skal ein skyna dette må ein tenkja mykje yver språklege prosessar og ikkje minst yver korleis folk flest reflekterar yver språk. Ein må setja seg inn i korleis eit standardisert talemål vert tolka og uppfatta av folk.

Mange som diskuterar målspursmål viser til sosiolingvistikken. Sosiolingvistikken vil ikkje gjeva noko godt svar her. Grunnleggjande for synet til dei fleste sosiolingvistar er at alle mål er like gode. Det vil segja at målfolk som byggjer synet sitt på sosiolingvistikken som oftast vil tala um talemålsundertrykkjing og postulera at alle dialektar og talemål er like gode.

Det fyrste som må forklårast er at det er skilnad på tale og skrift. Skriftmålet er det grunnleggjande og talemålet er sekundært når det gjeld å uppfatta mål og serleg standardiserte talemål.

Dinest må ein skyna at den skriftmålsuppfatningi ein hev er styrt av kva for skriftmål er ein vant til å nytta. Det er vanskeleg å skriva nynorsk, dersom ein berre er vant til å lesa og skriva bokmål. Likeins er det vanskeleg å skriva bokmål, dersom ein er vant til berre å lesa og skriva nynorsk.

For det tridje kjem me til det dei færraste bokmålsbrukarar og målfolk let til å fatta; at ein kann byggja seg upp ei uppfatning av nynorsken og mynsteret i nynorsk, trass i at ein er bokmålsbrukar. Det vil segja at folk i byane kann læra nynorsken gjenom lesnad og skriving.

For det fjorde er det endå færre som skynar eller vil vera med på at byfolk som er upplærde i bokmål kann læra seg å tala nynorsk gjenom aktiv trening og drilling i munnleg attgjeving av ord og bøygningsformer i det nynorske skriftmålet. Og her er me ved utgangspunktet.

Ein må altso sannkjenna at skriftmålet er noko anna enn talemålet, at vanen og kjennskapen til bokmålet avgjer korleis ein uppfattar det nynorske skriftmål. Og dessutan at ein kann tileigna seg nynorsken gjenom medviten tileigning kann læra seg mynsteret i nynorsken og jamvel læra seg til å tala målet. Høgnorsken burde vera ei god rettesnor på vegen gjenom desse sannkjenningane.


Lars Bjarne Marøy, 20050725

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag