YMIST

Er høgnorsk god norsk?

Mykje av den argumentasjonen målfolk hev nytta seg av hev vore basert på målpolitiske fordomar frå samnorsktidi. Døme på dette treng ein ikkje leita lenge etter. I eit ikkje so altfor gamalt flogskrift frå NMU spyrr målungdomen um "Kvifor heiter det dronningen når du seier dronninga?" Flogskriftet er mangfelda i tusundtals næme og spreidd til skuleelevar yver heile landet.

Men som Kåre Willoch vilde ha sagt det, "spørsmålet er feil stilt". For det er slett ikkje alle stader det heiter "dronninga", på Sunnmøre der eg kjem frå segjer me "dronningja", andre stader kann det heita det dronningi, dronninge, dronningo eller for den saks skuld dronningen. Når me inkorporerar målpolitisk medvitsløysa i vår eigen argumentasjon er me komne ut og køyra.

Ei offensiv målrørsla tarv ein klår og gjenomtenkt ideologi. Og det er grunnen til at eg er vorten høgnorskmann. Høgnorsk målber eit klårt brot med målblandingslina og synet på målstoda i Noreg som eit praktisk problem. Upp mot bokmålsveldet og anglonorsken set me det greide norske merket: Å få råda oss sjølve i målvegen.
Det som legitimerar målstriden er nett motsetnaden millom halvnorskt og heilnorskt som tvo kvalitativt ulike storleikar. Slik stoda er no er det ikkje lenger godt å segja kva som er kva. Dersom bokmål er "norsk dansk" (i eitt ord), er det beste me kann kalla offisiell nynorsk for "dansk norsk".

Noko målrørsla ofta hev skuva under teppet med dialektargumentasjonen sin er bokmålet sitt daningsideal. I kraft av den rådrike stoda si hev norskdansken lagt premissane for kva tankar nordmenn gjer seg um mål. Men det norskdanske daningsidealet segjer ikkje sanningi um målstoda i landet. Me ansar ikkje på at me gjev oss under eit mål som er halvt dansk. Det vert unaturlegt å nytta sernorske ord som foreldri og besteforeldri dine nyttar, men lett å taka etter tala og skrive bokmål, slik det ovrar seg i radio og fjerrsjå.

I nynorske kjerneumråde, er dagsens bokmålsiblanda nynorsk, til liks med bokmål, vorten eit løynt maktspråk som drep ned sernorske målmerke i målføri. Det merkar eg godt frå min eigen heimstad, der dei høgnorske i-formene vert svivyrde samstundes som det naturlege skiljet millom sterke og linne hokynsord i voldamålet vert brote ned utan at nokon gjev gaum på det. Sjølvsagt ikkje, for dei hev ikkje noko skriftmål å kjenna seg att i.
Skal ein kunna halda på målet sitt, tarv ein kunnskap. Det er då nett difor det er dialektundervisning i skulen.

Med målbrigdi i nynorskt 1917, 1938, 1959 og tidi etter vart ord, serreglar og former tekne einskildvis. Nynorsknormalen vart lagt etter bokmålsnormi. Det var ikkje lenger nokon indre systematikk eller grammatikalsk logikk å stydja seg til. Det er noko av årsaki til at skuleelevar tykkjer nynorsk er vandt å læra.

Høgnorsk derimot byggjer på det same typeformprinsippet som Ivar Aasen lagde til grunn. Det er mest konsekvent og gjev valfridom i uttale. Eg skal gjeva nokre døme.

Ordi um, dum, upp, humle, fumle og sumle vert uttala likt, men er etter 1938 vorte skrivne "om", "dum", "opp", "humle", "fomle" og "somle". Motsett er det med ordi kopp og upp som vert uttala ulikt (som regel "kåpp" og "opp"), men i dag skrivne "kopp" og "opp".
Verbi å segja og å bøygja skriv ein no utan g i artikkel og presens(seia-seier og bøya-bøyer), endå det gjer det uråd å skyna kvifor det skal vera g i presens partisipp (hev sagt og hev bøygt). På same måten er det vorte med verbet å sløgja. Der er òg j’en bytt ut med ein y ("sløya") slik at ein ikkje lenger ser at det skal uttalast ulikt bøygja ("bøya").
Eg kunde òg nemna korleides rettskrivingsnemndene hev fare åt med det som i gamalnorskt heitte stungen d. Substantivi tid og lid eller adjektivi aud og snaud vert i alle norske målføre uttala konsekvent med d eller konsekvent utan d i alle desse ordi. Med dagsens rettskriving skreiv ein framleides tid med d, men lid utan d. Sameleides med aud og snaud. Enno heiter det aud og å øyda, men "snau" og "å snøya".

Det er ikkje rett å hævda at det høgnorske i-målet ikkje hev "talemålsgrunnlag". Attåt dei "reine" i-endingane i Hallingdal og Sogn finst skiljet millom sterke og linne hokynsord i dei fleste norske målføri. Dei tvo ordi som på høgnorskt vert heitande "gjenta" og "boki" kallar dei heime i Volda på Sunnmøre for "gjentå" og "bokja" eller i Mosjøen for "gjento" og "bokje". Nordfjord er ein av dei få stadene på Vestlandet der dette vokalskiljet ikkje finst, men der vert det palatalisering av sterke hokynsord som sluttar på g eller k, som "bokja" (boki) eller "saja" (sagi). Dette målmerket med høgg dagsens nynorsk tvert yver.

Ikkje ein gong trøndarane slepp undan i-målet. I Trondheim heiter det rett nok jenta og boka i eintal, men i fleirtal vert dette til "gjentan" (gjentone) og "bøken" (bøkene).
Og på Austlandet hev i’en gøymt seg burt i supinumsendingane, med former som "har finni" og "har skrivi". Dagsens rettskriving er med andre ord monalegt vokalfatigare enn dei fleste målføri han skal byggja på. Det finst helder ikkje eit einaste målføre med både a-infinitiv og konsekvent a-ending i hokynsord, slik det er vanlegt å skriva i nynorsk no for tidi.

So spyrrst det um em skræmer folk burt med den "ekstreme" målføringi vår? Eg trur dette synspunktet botnar i målpolitiske fordomar. I praksis syner det seg at målfolk hengjer seg upp i i-målet og andre sidor ved formverket medan bokmålsbrukarar bisnar på dei nynorskordi dei ikkje skynar. Me er vortne altfor rædde for å hævda nynorsk som eige alternativ. Fåren for å verta sedde på som fundamentalistar og ekstremistar er størst innanfor målrørsla, hjå folk flest er me berre irriterande små mygg dei helst vil vifta burt.

NMU segjer dei ynskjer konsolidering. Men kva skal det konsoliderast på? 38? 59? 86? "Nynorsk slik han er i dag"? Den nynorsken finst ikkje. I våre dagar er det kvar mann, sin nynorsk. Einast idealet um eit reint og vyrdsla norskt mål er godt nok, skal me samla folket.
Som eit alternativ hev NMU lansera NMU-normalen til intern bruk. Snaudt ingen NMU’arar maktar nytta honom, det ser me av bladstykki i Motmæle og Lagsposten. Og aldri hev nokon vore i stand til å gjera greide for normeringsprinsippi som ligg til grunn.

NMU i dag tek ikkje konsekvensen av sin eigen "nasjonale" retorikk. Dagsens nynorsk er meir eit "alternativt bokmål" enn eit rettelegt alternativ til bokmålet. Tek me ikkje ei uppgjerd med etterslæpet av ei skakk-køyrd og avnorska rettskriving, er retorikken mot samnorsk rimelegt hol.
Me bit ikkje på svallet um at "det hev vore ei utvikling". Utvikling vil det vera kor som er. Spursmålet er kven som skal styra denne utviklingi og i kva for leid. Det er altfor lett å kamuflera seg med utviklingsordet. Det kunde vera eit stig i rette leidi å helder nytta nemningane framvokster eller tilskeiving. Det er gode norske ord som kann fortelja oss kvar det berst. Alle som hev havt sin eigen bil veit at denne bilen treng stell og vøling med jamne millomrom, elles vil den "naturlege utviklingi" leida til at han gjeng sund eller rustar upp. Dette er so sjølvsagt at det vert nesten pinleg å nemna det. Men på same måten er det med målet, det må røktast og dyrkast det og.

Tidt hev eg fenge høyra at det viktugaste ikkje er norskdomen i målet, men dei "verdiane" nynorsken og målrørsla lyfter fram. Kor som er so meiner eg at nynorsken må vera noko meir enn berre eit symbol. Han må ha eit røynleg innhald, skal han ha livsens rett. Kunde ein til dømes tenkja seg at Indremisjonen brått fann ut at det ikkje fanst nokon Gud, men likevel heldt fram å forkynna av di nytestamentet visst skulde innehalda "ein eksplosiv nestekjærleiksbodskap"? Nei, skulde den kristne bodskapen fyrst syna seg å berre vera eit eventyr, vert det ikkje noko betre um det var eit fint eventyr.
Det lyt vera grunnlag for argumentasjonen.

Du tykkjer kanskje at eg gjer dette med norskt til eit trylleord? Dei færraste nordmenner hev gjort seg upp nokor serskild meining um kva som er norskt. Trulegt kjem ein til å få høyra noko slikt som at alt lyt kunna kallast norskt so snart det er kome innanfor grensone åt staten Noreg. Med mindre dei då er komne yver eit bladstykke av Thomas Hylland Eriksen som "provar" at i grunnen finst visst ikkje det norske i det heile.
Når me talar um nynorsk som betre norsk enn bokmålet, er det av di nynorsken gjev kontinuitet attyver i soga, attende til norrønt. Og det var dette klassikarane Aasen, Garborg og Indrebø freista å banka inn: Bokmålet, norsk-dansken, er ikkje eit fullnøgjande norskt mål og kann helder aldri verta det. Og likeins vert det med samnorsk og andre "kompomissløysingar"!

Skal me då grunnfesta bokmålsveldet i nynorsken, kutta bandi med vår eigen tradisjon og gjeva etter for fordomar (som råkar nynorsk generelt)?
Eller skal me standa faste på Aasens grunn og taka striden for eit reint norskt mål?
Dette er dette valet målfolket i våre dagar stend fyre. Og kjem me ikkje snart med eit klårt svar, kann det snøggt syna seg at heile spursmålet var burtkasta.


Olav Torheim, 20050603

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag