YMIST

I-mål og a-mål i framtidi

Målbrigdarane på nynorsksida synest endeleg ha gjort ifrå seg. Både med det hovudlause avnorskingsframlegget som møtte veggen på årsmøtet i Norsk språkråd 1998, og med den klåre politiske slustreken for målblandingslina i Stortingsmelding nr. 13 (1997-98) um Målbruk i offentleg teneste. Dette hender 60 år etter det samnorske maktspelet i 1938. Då høver det, trur me, å prenta um att nokre innlegg som Gustav Indrebø skreiv på 30-talet. "I-mål og a-mål i framtidi" stod i Gula Tidend den 18. april 1939.

Professor [Arne] Bergsgård skriv: "Eg skal berre peika på at Indrebø ikkje hev svara på spusmålet mitt um han trudde i-målet kan målsamla det norske folket". Eg hev sagt kvifor eg helst ikkje vil gjera nokor endefram mannjamning offentleg millom i-form og a-form. Men skal dette snuast um til bruk for agitasjonen, so skal eg segja meiningi mi tydeleg. Mi meining er: Det er stor fåre for at me i det heile ikkje nokon gong når fram til målsamling på fullnorsk grunn, slik unionspolitikk som ein flokk av målfolket no hev gjeve seg inn på.

Um i og a: Eg hev meir og meir kome til den syn når eg freistar sjå i samanheng, at til sjuande og sist kjem det beiske valet for det norske folket til å stå millom -i (eventuelt e) og -en ("soli" – "solen").

Det røynlege er at både i-form og a-form hev ovvanskelegt for å slå igjenom på lengdi, av di dei båe strider so imot det ålmenn-nordiske skriftmynstret: i svensk, dansk norskdansk ("solen"), islendsk, færøysk ("solin"). Dette ålmenn-nordiske mynstret øver eit veldigt press, og presset kjem til å auka heretter; jfr. millom anna arbeidet åt laget Norden og sume ovringar der. A-formi hev etter mi syn vanskelegast på lengdi for å hevda seg. Tvo ting veikjer henne i tevlingi.

Fyrst, at ho strider sterkast mot det ålmenn-nordiske mynstret (hev låg endingsvokal) [i] ord med einstavings tonelag, attåt det at "-n" vantar. Låg endingsvokal her bryt endåtil med alt me me kjenner elles i norsk og. Di næst, at a-formi syner eit lag til å draga med seg komplikasjonar på andre kantar i bøyjingsverket (sjå no t.d. kløyvd infinitiv, og den vonlause ugreida med dei adjektiviske ordi på -en). Dette er ålvorlege mismuner i det lange draget for a-formi. Me fær nok, um me freistar med henne, "målsamling" um a i nokre vanlege, daglegdagse ord, a-flekkjer soleis burtetter [i] målet. Men eg trur ikkje at a-formi maktar å slå ålment igjenom so me fær fylgjerett namnordbøygjing i alle namnordi. Og ho maktar ikkje draga med seg fullnorsk bøygjingsverk i andre luter av målet. Eit blandingsresultat av same typen som dei hadde tenkt at den nye norskdansken skulde verta no, vert utkoma.

I-formi hev større tevlingsevna i det lange rennet. For ho fell ikkje so sterkt ut or det ålmenn-nordiske systemet (ho hev høg vokal i bøygjingsform med einstavings tonelag). Og ho syner evna til å halda uppe eit greidt bøygjingssystem i skriftmålet. Eg trur at dette gjev henne større revlingsvon! større von um å slå ålment igjenom til slutt, og um å føra i fylgje med seg ein fullnorsk målbygnad i resten av målet. Dette trass i at ho stend mykje veikare i dialektane når ein ser einsidugt fonetisk på eit einskilt utljodsfenomen og isolerar det frå alt anna. Dersom me ikkje ser einsidugt fonetisk soleis, men ser på systemet i talemålet, hev ho eit vidt grunnlag i dialektane og. (Det er i det heile ei hovudulukka, og ei hovudårsak til elendet og uppløysingi i målreisingi dag, at målfolket hev tapt seg so burt i fonetiske detaljar kvar i sitt målføre, i staden for å retta seg etter det samlande og berande systemet i målet).

Soleis er no mi syn. Framtidi, ei framtid me ikkje uppliver, fær syna kven fær rett.

Av di eg ser soleis på framtidsvonene, og av di i-målet dertil tykkjest meg det vænaste, og i seg sjølv eit mål med kvalitet, meiner eg det er ei usæl gjerning å freista drepa det ned. Reint utan umsyn til dette er i-målet i dag ei kulturell og nasjonal livsovring. Ei kulturell livsutfalding i vår eigi tid som det er eit kulturelt og moralsk uverk å slå ned med makt og ureell framferd, kva so nokon meiner um framtidi. Eg skriv ikkje dette til å støyta positive a-målsfolk eller til å gjera deim modlause. Dei er ikkje nedtyningsmenn. I-målsmenn og positive a-målsmenn, um dei ser ulikt på i og a, hev stort set dei same ideal, og dei lyt stå saman.


Gustav Indrebø, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag