YMIST

Klagebrevet - Svar frå Hans Aarnes

Professor Sigmund Skard, rektor Asbjørn Øverås, skulestyrar Hans Eidnes og nokre andre har funne det det høveleg å senda ut eit brev til alle mållag og fylkeslag med lage på styret i Noregs Mållag. Dei meiner at styret har gjort så lite og ringt arbeid at det lyt kastast, og no bed dei målfolket samla seg om denne store oppgåva: Å kasta styret.

Det er visseleg ingen av dei s0om no sit i styret som vil gråta over å verta fritekne for arbeidet det anten dei har gjort mykje eller lite. Men skal dei dømast frå omboda sine, bør domen vera rettvis. Og domarane bør hugsa den gamle regelen at den mælestaven du brukar på andre, den skal du sjølv mælast etter. Vil har difor grunn til å leggja mælestaven på dei strenge domarane Hans Eidnes og Asbjørn Øveråa som sjølve har vore formenn i Noregs Mållag, og likeins på Sigmund Skard som har vore formann i arbeidsutvalet for Noregs Mållag for ikkje så lenge sidan.

På årsmøtet i Bergen i 1946 vart Hans Eidnes vald til formann etter framlegg frå Asbjørn Øverås. Vestmennene hadde stort fleirtal på møtet og kunne ha valt kven dei ville, men dei var samarbeidsvenlege og valde Eidnes. Året 1947 vart eit daudt år for Noregs Mållag. Eidnes fann ikkje ein gong grunn til å kalla inn til årsmøte, så det gjekk over 2 år frå årsmøtet i 1946 til det endeleg vart halde årsmøte i 1948.

Utan at eg på nokon måte ynskte det, vart eg innvald i styret for Noregs Mållag i 1948,og når eg fyrst var komen der, tok eg det ålvorleg og meinte at noko skulle gjerast. Eg fekk styret til å vedtaka ein 3 årsplan som eg set hit etter årsmeldinga for det året.

"Etter framlegg frå Aarnes har styret i 1948 vedteke ein 3-årsplan for norsk målreising.
For året 1948 var oppgåva å spreia Målkartet, senda ut "Bodstikka går", oppmoda laga om å halda mlmarknad, få i gang studieringar og frå til målnemnder i alle herad og byar der det ikkjer er mållag.

For 1949 er planen :
Målprogrammet. Når målprogrammet for stortingsvalet 1949 er vedteke av årsmøtet i Noregs Mållag i januar 1949, skal det straks sendast ut til alle mållag og ungdomslag og til dagspressa. Ein skal be mållag og ungdomslag syta for at målprogrammet vert slege opp i alle møtehus og andre stader der mykje folk samlast.

På nominasjonsmøte der kandidatar til stortingsvalet 1949 vert oppsette, må målfolket innan kvart parti freista å få oppsett så mange målmenn til stortingsmenn som råd er. Og ved stortingsvalet må folk gjera alt dei kan til å få målmenn valde.

Reisetalarar og skipingsmenn. Ein må gå ut frå at Noregs Mållag til året 1949 har fått ein god sum pengar frå målmarknader, ved julegåver og andre tilskot. Denne arbeidsmidelen skal ein nytta til å senda ut ferdatalarar og skipingsmenn over heile landet i samarbeid med fylkessamskipnadene.

Ferdatalarane skal serskilt vekkja målfolket til å gjera sin skyldnad ved stortingsvalet. Dessutan skal dei minna målfolket om dei oppgåver dei har med å vinna rom og rett for nynorsken i dagleglivet på alle omkverve.

Skipingsmennene skal hjelpa til å byggja ut samskipnaden med lag og nemnder og beinveges lagsmenn, og leggja til rettes det målarbeidet som kan gjerast på kvar stad.

Solfuglen vert send ut og seld til inntekt for målarbeidet.
Bodstikka vert send ut på same måten som i 1948.

Studiearbeidet vert drive med auka kraft.
Bokkveld. Ein bokkveld med foredrag om den nynorske bokavlen og utluting av nynorske bøker vert halde i alle mållag og ungdomslag helst føre jul.

1950.

Vekkjings- ,skipings- og førebuingsarbeidet i 1948 og 1949 skal samla målfolket til ein stor og avgjerande framstøyt i 1950.

Dette gjeld :

Nynorsken i skulen. Målfolket lyt krevja krinsrøysting og freista få nynorsk til hovudmål i folkeskulen i så mange krinsar som råd er. Og der ein ikkje får fleital for nynorsk til hovudmål, bør ein ialle fall få vedteke at alle skuleborn skal få byrja med nynorsk ABC-bok frå 1951.

Nynorsk i styringsverket. Målfolket må syta for at dei herdastyra som enno ikkje har kravt nynorsk i vedskifte med styremaktene, no må krevja dette eller seia seg nøytrale.

Nynorsk i kyrkja. Målfolket bør krevja røysting om nynorsk salmebok og nynorsk altarbok og syta for at desse bøkene vert innførde i så mange kyrkjer som råd er av dei som no står att. I kyrkjer der det til vanleg berre er gudstenestor på bokmål, må målfolket krevja eit minstetal gudstenester på nynorsk kvart år.

Nynorsk i forretningslivet. I alle forretningstiltak målfolk er med i, må dei krevja at møtebok og brevskifte skal førast på nynorsk.

Brevmerke med slagord for norsk målreising vert sendt ut og selt til inntekt for målarbeidet.

Bodstikka vert sendt ut på same måten som i 1948 og 1949.

Studiearbeidet må halda fram.
Bokkveld på same måten som tidlegare år."

Det er underleg for meg å lesa i klagebrevet som m.a. Eidnes har skrive under at styret no har gjort for lite eller har kome for seint i gang med møta Foreldreaksjonen. Eg lyt difor minna Eidnes om kva han svara meg på eit møte i arbeidsutvalet i 1948, då eg ville at Noregs Målag skulle senda ut Bodstikka og varsla målfolket om at dei måtte bu seg til å møta åtak frå bokmålsfolket, dei fyrste breva frå Bergens Riksmålsforening og Oslo Riksmålsforening med åtak på nynorsken i kringkastinga var alt utsende, då svara Eidnes tvert : "Nei, me vil ikkje kappspringa med kalvar." Eg vart nokså modlaus av dette svaret, men eg gav likevel ikkje opp,og Bodstikka fekk eg sendt ut på eit vis. No 7-8 år seinare når kvalvane har vorte store og ville, vil Eidnes at styret skal kappspringa med dei.

Årsmøtet i 1949 var i Trondheim. Hans Eidnes sa frå seg attval og til ny formann vart vald Asbjørn Øverås. Eg hadde i god tid føre årsmøtet varsla at eg ville gå ut or styret, og eg fekk Peder Hovdan til å tala med Sigmund Skard om at han måtte verta min ettermann. Sigmund Skard vart vald inn i styret, og han vart endå til formann i arbeidsutvalet. Med Øverås og Skard i styre og arbeidsutval hadde eg den beste tru på at det skulle koma fart i sakene. Og sakene hadde dei i den 3-årsplanen som var oppsett. Dessutan vedtok årsmøtet etter framlegg frå meg å senda desse framlegga til det nye styret.

  1. Styret får fullmakt til å byggja tu samskipnaden med fylkeslag i alle landsluter. Grensene for fylkeslaga skal fylgja dei vanlege fylkesgrensene.

    Kvar fylkeslag skal ha fylkesskrivar,og dei noverande målkontora vert omskipa eller nytta til fylkesskrivarstover.
  2. Alle norsklyndte ungdomslag som står utanfor Noregs Mållag skal få oppmoding om å melda seg inn i Noregs Mållag gjenom fylkesmållaga. Samstundes vert alle mållag som no står utanfor ungdomssamskipnaden oppmoda omå melda seg inn i Noregs Ungdomslag.
  3. Pressetenesta på Skrivarstova vert utvida. Samtundes som alle fylkeslag vert oppmoda om å skipa pressenemnder til lokalt opplysningsarbeid.
  4. Styret må taka oppatt bokhandlarsaka i samarbeid emd styret i Noregs Ungdomslag. Ein skal arbeida fro sjølvstendige bokbuer i bygdene som kan tinga bøker beinveges frå forlaga.
    Partirabattsystemet som berre aukar salet av den lettaste litteraturen, må bort.
  5. Kyrkjedepartementet vert oppmoda om å beda inspektørarane for folkeboksamlingane sjå etter at det er eit rimeleg utval av nynorske bøker i alle skule- og folkeboksamlingar.
  6. Det bør veljast ei samarbeidsnemnd for lagsbruksdrifti i Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag, for dei lagsbruka som er og for nye somd et kan vera turvande å skipa.
Årsmøtet bed styret taka opp denne saka med styret i Noregs Ungdomslag.

Det vart syrgjeleg lite gjort med det nye styret. Treårsplanen trur eg helst vart bortlagd. Øverås sat i Trondheim og hadde sjeldan høve til å vera med på møte i Oslo. Men i Oslo var då Sigmund Skard,og han var formann i arbeidsutvalet. Eg veit ikkje kva Skard gjorde eller kva han gjekk trøytt av. Men etter eige ynskje gjekk han ut or styret i 1950.

I Øverås si formannstid vart det tilsett reiseskrivar i Noregs Mållag.
Men opphavleg var det ikkje reiseskrivar spørsmålet galdt, men ein sjølvstendig skrivar for Noregs Mållag med rom på Skrivarstova jamsides med skrivaren i Noregs Ungdomslag. Eg tok opp dette spørsmålet på årsmøtet i 1946,og i 1948 skulle styra i Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag ha eit sammøte om saka. Men då vi representantane for Noregs Mållag kom til møtet, kunne formannen i Noregs Ungdomslag, Vegard Sletten, opplysa at Knut Fortun var sett til eineskrivar for Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag etter vedtak i styret i Noregs Ungdomslag. Vi laut difor nøgja oss med å få ein reiseskrivar. Men vi undrast over den einevaldsmakta Noregs Ungdomslag hadde til å diktera vilkår for Noregs Mållag. Men både Eidnes,Øverås og eg var for fredsæle til å laga bråk med Noregs Ungdomslag om den makta styret i Noregs Ungdomslag stikk i strid med samarbeidsavtalen hadde teke set til. Men det var ikkje berre i skrivarspørsmålet Noregs Ungdomslag var eigenrådig.

Noko seinare tok dei det sams meldingsbladet "Norsk Ungdom" og gjorde det til meldingsblad berre for Noregs Ungdomslag. Noregs Mållag skulle ikkje få noko rom i bladet. Denne uretten fann det nye styret seg i, for ikkje å laga bråk.

Det er difor underleg for meg å lesa i klagebrevet frå Skard og likesinna at styret i Noregs Målag skal ha skulda for at det er kome til motsetnad mellom dei to samskipnadene.Noregs Mållag har gong på gong gått unna for maktspråket frå Noregs Ungdomslag, og skal Noregs Målag gå unna meir no, må det beinast krypa under jorda.

I klagebrevet vert Norsk Tidend nemnd, endå det er ei sak som Noregs Mållag ikkje beinveges har noko med.Noregs Mållag er ikkje luteigar i bladet. Det er heller ikkje Noregs Ungdomslag som aga den vigjetne fråsegna sif rå formannsmøtet på Kongsberg. Men fråsegna er typisk for dei i Noregs Ungdomslag somm vil råda med alt. Frå dei same krinsar i Noregs Ungdomslag er det sett fram den otten at Norsk Tidend vert ikkje eit fritt blad heretter. Eg veit ikkje kva dei meiner med det, men frå eiga røynsle kan eg nemna at det var ikkje alltid så lett å få noko inn i Norsk Tidend i Vegard Sletten si tid. I fjor vinter då eg dreiv på det hardaste med å skipa mållag, sende eg eit opprop til Norsk Tidend om at fleire laut koma med i arbeidet og gjera vårdugnad for Noregs Mållag. Eg fekk det ikkje inn. Det var ikkje mange linene,så det var ikkje plassen om å gjera, men overformynderiet fann det rettast å kast oppropet i korga.

Var det nokon som snakka om samarbeid ? Ja, det er alltid lett for han som berre kan diktera, men stakkars han som berre har å krypa for overmakta.


Hans Aarnes, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag