YMIST

Gode fyredrag og nytt arbeidsprogram

21-22 januar skipa Noregs Mållag 1995 eit målpolitisk seminar i Bergen.På seminaret vart det lagt fram eit framlegg til nytt arbeidsprogram.Hovudpunkti den fyrste dagen var fyredrag.Styret i NM hadde skaffa engasjerande og kunnskapsrike fyredragshaldarar.Den fyrste fyredragshaldaren var Johannes Nymark frå Handelshøgskulen.Nymark underviser i spansk.Han hev interessera seg serleg mykje for målstoda i Katalonia ein provins i Spania.Nymark byrja med å visa til at målstridar millom ymse mål fører til mykje ufjelgde mange stader.I Belgia kjempar flamsk og fransk um å verta mest mogeleg representera kvar for seg.

Målet hev både ein kjenslemerkt og ein instrumentell ingrediens.Det gjev m.a uttrykk for identitet.Det vert nytta til kommunikasjon.Medlemene i samfundet vert sosialiserte inn i ein kultur gjenom litteratur,musikk og soga.Målet kann vera med på å forsterka tilgangen til kulturen.Freistar ein å innføra eit mål i eit miskyndt samfund,vil det skapa store motsetnader.Det er gjenom å verta lært og gjenom å verta imitera at eit mål vinn fram.

Ofte utviklar det seg diglossi i eit målsamfund.D.v.s at eit språk fær eit høgstatusmål og eit lågstatusmål.Det er skilnad på diglossi og jamstelling.Jamstelling tyder at tvo mål hev lik status.Utfrå den praktiske målbruken innanfor nynorsken vil eg segja at nynorsken er i ferd med å koma i ein lågstatusposisjon andsynes norskdansken,sa Nymark.Nymark hadde ei lang parallellføring jamføring millom den norske og den katalanske målstoda.Det som skil Noreg og Katalonia er at Katalonia hev vore eit avgrensa geografisk umråde.Dessutan hev Katalonia havt eit borgarskap som hev sett si æra i at det katalanske målet skulde reisast i tevling med det spanske.Under Franco-regime vart den katalanske minoriteten tilsidesett,men etter Franco-tidi hev borgarskapet i Katalonia stride fram katalansken til burtimot full siger på mange umråde.Borgarskapet hev drive vaksenupplæring gjenom kringkastingi.Det hev drive upplæring og agitasjon med bokspreiding og andre tiltak,trass i at dei sentrale styresmaktene hev interessera seg lite for katalansken.Borgarskapet hev i det heile drive nasjonsbyggjande arbeid.

Neste fyredragshaldar var Ågot Valle.Valle snakka um kynsjamstelling og freista å gjera upplegg til ei samanlikning millom kynsjamstelling og måljamstelling.Tilhøve millom menn og kvinnor er skeivt.Kvinnone må få betre tilgang til materielle resursar,meir makt i samfundet,løna arbeid og meir fritid.Dessutan må kvinnone få sleppa å gjera alt det uløna arbeidet som ingen legg merkje til.For at kvinnone skal få likare vilkår.

Valle nemnde kvinnestridssaker som ho hev arbeidd med.Ho hev sett på framlegg til nedskjering av vaksenupplæringi.Det vil råka kvinnone sers hardt,fordi nokso mange kvinnor treng å taka den utdaningi som dei ikkje fekk i ungdomstidi.Valle peika òg på at kvinnesjukdomar vert lågt prioriterte.Nedskjeringar av busstilbodet vil ofte råka kvinnor meir enn menn.Det er mennene som er mest aktive innanfor samferdsledeildi (samferdslesektoren).

Eg vil råda målrørsla til å spyrja : Korleis vil ymse samfundstiltak slå ut for nynorskbrukarar ?

I kvinnerørsla hev med lang røynsla med å verta utsett for usaklege åtak.Dei leidande grupperingane i samfundet hev freista å teikna eit rangt bilete av oss andsynes ålmenta (opinionen).Det er samfundsførarane m.a i politikk og næringsliv som definerar verdiskaping.Domarar og jurymedlemer som argumenterar med at gjentor som kler seg utbydande må godtaka å verta valdtekne,er med på å tvinga gjentone til å vera vaktsame når dei er ute um kvelden eller natti.

Likelønskravet vart fastslege i ei lov for nesten hundre år sidan.Det er ikkje innfridd enno.Kvinnesakstilhengjarane hev like vel halde fram.På 70-talet og utyver hev dei drive aktivisme.Dei hev arbeidd med å påverka den offentlege meiningsdaningi.Siktemål hev vore å vinna fram hjå dei politiske partii og å tvinga fram lovbrigde og nye lovordningar.Kvinnerørsla hev til liks med målrørsla ikkje greidd å arbeida fram noko verksamt sanksjonsorgan.

Valle snakka ein god del um dei strategiane som kvinnerørsla hev vorte stogga med.Kvinnearbeid hev vorte gjort usynleg.Kvinnearbeid er reproduksjonsarbeid.Det vert ikkje umtala eller det vert teke som ei sjølvfylgja.Alle saker som eggjar til strid mot tilhøve som vert uppfatta som statiske og sjølvupplagde vil verta upopulære.Dei som arbeider for deim vil få spitord og lått etter seg.Dei vil uppleva at upplysningar um ting som kann fremja deira sak vert halde attende.Dei vil få dubbel straff av meiningsmotstandarane.Same kva dei gjer so skal du stellast til veggs,og godtaka at dei ikkje hev rett.Jamfør mykje av kritikken frå sume riksmålsmenn.Påføring av skuld og skam er ein annan strategi som vert nytta.Det kostar so mykje.Det er so mykje bry med dykk.Dei verdiane som de stend fyre er ikkje viktuge for andre enn ein minoritet.

Valle heldt eit svært strukturera og godt fyredrag,og ein skulde tru at møtelyden vilde få mykje godt tilfang til eit målordskifte,men emnet viste seg å vera so tyngd av fordomar at ordskiftet gleid yver til å verta ein rein diskusjon um kynsjamstelling.

Professor i juss Kåre Lilleholt greidde ut um målbruk i offentleg tenesta.Han tok fyre seg lovverket for det statlege tenesteveket og for skuleverket.So gjekk han vidare til å umtala hovudlinor i mållovi.Likeverd prinsippet inneber at båe målformer skal tolast i offentlegt vedskifte.Jamstellingsprinsippet rommar eit krav um at nynorsk og norskdansk skal nyttast like mykje.Kommunalmålprinsippet som skriv seg frå Gustav Indrebø inneber at målformi til den einskilde kommunen skal vera mynsterdanande for målbruken.Dei kommunane som hev nynorsk skal få tilsvar i den målformi dei nyttar.Prinsippet um rimeleg fordeling vart òg nemnd.

Lilleholt kom inn på skiftande grunngjevingar for materielle jamstellingskrav.Den nasjonle argumentasjonen vert nytta.Like eins den sosiale argumentasjonen.Identitetsargument vert nytta.Identiteten til ei gruppa vert krenkt,dersom ho ikkje vinn respekt for den målformi og den dialekten som ho representerar.Dessutan hev tvo kulturstriden vorte sett fram som ei konfliktlina.

Lilleholt tokelles fyre seg det nærare innhaldet av ei materiell jamstelling.Kva inneber ei materiell jamstelling ? Mest mogeleg nynorsk til alle i deira eigi målform ? Mest mogeleg kvantitativ jamstelling ? Regional og lokal jamstelling ? Kann ein krevja å få ha eit fagmål som er nynorsk eller må ein bøygja seg for bokmålstermar ? Talet på brukarane er ei avsporing av ordskiftet meinte Kåre Lilleholt.Kvar einskild målbrukar treng 100 prosent nynorsk.Korleis det skal innfriast må verta eit spursmål som målrørsla dryfter.Den norskdanske sida er greid til å syta nå ho ikkje fær alt tilfang på norskdansk,men målfolket gjev altfor lett upp.Lilleholt fekk svært mange praktiske spursmål,og fyredraget til Grete Riise som skulde taka fyre seg målstoda og verlaget for målarbeid i dag måtte gå ut,dersom det skulde verta tid til gruppediskusjonar.

Den andre dagen vart framlegget til nytt arbeidsprogram dryft.Styret hev sett upp arbeidet for jamstelling millom dei tvo måli som den uppgåva som skal ha hovudprioritet.Det er ikkje plass til å koma inn på alle dei dryftingane som kom upp.Ei hovudinnvending mot ordleggjingane var at jamstellingsarbeidet nærmast var sett upp som eit mål i seg sjølv.Målet må vera at nynorsken vinn fram i heile det norske samfundet.Dei som hevda dette vart møtt av ein kjærkomen provokasjon frå professor Lande.Eg vil setja upp ein hypotese um at dersom målrørsla set seg mål um at nynorsk skal verta einaste riksmål i Noreg,so vil dette målet aldri verta nått.Det var diverre sett strek for ordskiftet fyrr dette innlegget,so det var ikkje råd å koma vidare med denne diskusjonen.

Arbeidsprogrammet vart kritisera for målbruken,og det var det grunn til.Måldyrking er rett nok vorte eit plussord i programmet,men ordleggjingi kunde vore betre.Det heiter at :

Noregs Mållag skal drive måldyrking med å arbeide for å få fram i lyset døme på godt språk og utvikle kriteria og forståinga for kva som er godt språk.Måldyrkingsposten bør verta klårare.Dessutan er det påfallande at programmet ikkje inneheld nokon post der det vert uttrykt velvilje andsynes god normaltalemålsbruk,endå normalmålet i media er den nynorsken som når ut til desidert flest nordmenn.Um me ikkje dyrkar fram det nynorske normalmålet på friviljugt grunnlag vert norskdansken ståande som mynsterdanande,og det øydelegg for nynorsken i andre tilknytingar.Mållaget bør tora å reisa spursmål ved nynorsk normalmål,trass i at det er eit innfløkt emne som skapar mange kryssande utsyner.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag