YMIST

Måldyrking vil gjera nynorsken levefør

Dette innlegget fekk ikkje koma med i målordskiftet i Arbeiderbladet sumaren 1997.

Arbeiderbladet hev starta eit målordskifte. Det sernorske i den norske målstoda er språkplanleggjingstradisjonen. Dagfinn Worren skriv at dei nynorske filologane hev eit serskilt andsvar for å forma ut ei målnorm som både er målrett i høve til det norske tale- og skriftgrunnlaget og pedagogisk greid å læra. Denne trui på offentleg språkplanleggjing er truleg det mest sernorske.

I utlandet vilde vel dei fleste konsentrera seg meir um skriftspråksbruken i avisor og bøker. I røyndi er det denne utviklingi som er styrande i Noreg og. Når nynorsk sidemålsundervisning vert konsentrert for mykje um å læra bøygningsformer i eit villniss av valfrie former, nærmar me oss truleg den sernorske språkplanleggjingi. Medan nynorskelevar kann læra eit einskapleg bokmål ved å lesa bøker og avisor, må bokmålselevane arbeida med å sjekka um det dei hev lese eller trur dei hev lese på nynorsk, stend i ordlista til Alf Hellevik. Um ikkje, risikerer dei å få feil.

Skjønnlitterære forfattarar på nynorsksida påropar seg kunstnarleg fridom til å skriva som dei vil. Men kvifor er ikkje det same tilfelle med bokmålsforfattarane? Jau, av di bokmålsforfattarane hev skyna at skal dei nå ut, må dei skriva nært upp til dei tradisjonelle formene i det norskdanske bokmålet. Eit og anna avvik på bokmålssida finst det, men på nynorsksida er avvikande skrivemåtar hovudregelen heller enn undantaket.

Det som trengst no er måldyrking og talemålsnormering. På bokmålssida gjeng dette av seg sjølv. På nynorsksida må det arbeidast hardare. Ivar Aasen-sambandet vil i hovudsak gå inn for dei formene som Lars Eskeland nyttar i Norsk Formlæra frå 1917 og i Norsk Ordlista frå 1921. Det var desse formene nynorsken hadde då målet var i jamn framgang i nybrotstidi.

Knud Knudsens lina vil trengja burt Ivar Aasens lina i målstriden av di norsk skriftmål hev vorte sterkt prega av talemålsutviklingi, skriv Arne Torp. Lenger ute i innlegget peikar Torp på at det ikkje er høgstatusmålet frå Oslo som breider seg på Austlandet. Her vert det eit fylgjebrot. Knudsen vilde fylgja det normerte talemålet. Ingen talemålsformer som ikkje kunde koma inn i normert tale skulde kunna nyttast. Torp vil truleg hevda at høgstatusmålet vil gå attende, men det vil eg mæla imot. Standarisert tale vert nytta innanfor ei rad yrkjeskategoriar, serleg innanfor næringslivet. Det synest utenkjeleg at dei som brukar dei breide bymålsformene vil kunna upparbeida seg eit høgt nok språkmedvit til at dei kann læra seg å nytta eit sokalla samnorsk språk.

Cathrine Sandnes meiner at språkstriden er for ømtolig til at me kann le av han. Men for etablert til å vekkja raseri av same styrkje som i glanstidi for språkstriden. Det tapar nynorsken på. Kva er so årsakene til at språkstriden ikkje hev den same temperaturen i dag? Ei årsak er at dei statlege inngrepi mot norskdansken vart stoppa upp og reversert med 1981-reformi. Ei anna er at opposisjonen mot den statlege målpolitikken på nynorsksida lenge hev vore marginalisert. Denne opposisjonen er aukande no. Det som kann setja liv i målordskiftet i dag, er truleg ein diskusjon um å endra strategi frå å fremja dialektbruk til å fremja normalisert nynorsktale. Skal nynorsken hevda seg, må nynorskbrukarane verta flinkare til å nytta målet sitt munnleg. Men det grunnlaget som ligg i den statlege nynorsknormalen er for dårleg. Det finst difor tvo linor: ei offisiell språkplanleggjingslina og ei måldyrkingslina. Dei bokmålslike tilnærmingsformene må strykast frå nynorsknormalen av dei som vil driva måldyrking, medan tradisjonelle nynorskformer må få høgare rang.

Sidemålet let seg ikkje læra. Byfolk må lesa litteratur i staden, hevdar Sandnes. Eg vil heller segja at bokmålsbrukarar må lesa meir nynorsk for å å læra seg å skriva nynorsk. å lesa meir nynorsk vil auka motivasjonen for å skriva nynorsk. Men problemet er at mange nynorskbrukarar til dels nyttar bygdedialektar med iblanding av bokmål. Kvar einskild dialektbrukar i landet hev sitt inntrykk av kor mykje bokmål og kor mykje dialekt han skal bruka. Når førande nynorskbrukarar fylgjer denne avvegen i målstrevet, vert det ikkje skapt noko fast skriftbilete. Dimed fær dei som skal læra nynorsk utan å ha vorte uppflaska med målet, store vanskar.

Nynorsken vil leva og målet hev gode framtidsvilkår, men skal nynorskbrukarane skapa nytt liv i målstriden, må dei endra strategi. Måldyrkingslina må verta meir sentral millom målfolk. Det vil gjera det lettare å forsvara sidemålsstilen. Sidemålsstilen er forresten ei uvurderleg hjelp for dei som skal/vil skifta yrkjesmål frå bokmål til nynorsk. Det er eit godt teikn at målsamskipnadene no er samla imot tilnærmingsparagrafen i Norsk språkråd. Noregs Mållag, Norsk Målungdom og Ivar Aasen-sambandet gjeng imot tilnærmingsparagrafen for språkrådet. Sume førande politikarar hev og teke til ords for at denne paragrafen må strykast.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag