YMIST

Godt landsmøte. Landsmøte i NM i Fredriksstad 1998

Landsmøtet i Noregs Mållag vart avvikla i Fredriksstad 23-25 juli. Østfold Mållag stod bak eit velhalde landsmøte. Frå tilskiparsida vart det m.a. skipa til ein kulturkveld der eit av barneborni til Anders Hovden heldt eit framifrå fyredrag um farfaren. Elles vart det m.a. framførd visor og prosa av Jakob Sande som budde i Fredriksstad ei tid. Dette landsmøtet er trulegt eit av dei mest ryddige og strukturerte på fleire år. Det var fåe ting som ikkje fungerte etter måten bra.

I ordskiftet um arbeidsprogrammet vart det klårt at skulemålet,satsing på meir nynorsk i næringslivet og kultur og folkeupplysning skal vera millom dei høgst prioriterte sakene i arbeidsåret. Styreframlegget vart i det store og heile ståande,men med mange mindre endringar. Det kom med fleire konstruktive punkt i programmet. Medan andre vart yversendt styret som tiltakspunkt. Nokre fåe utsendingar vilde ikkje at samnorskparagrafen skulde strykast. Men dei greidde ikkje å hindra at det framleis er offisiell politikk frå Noregs Mållag at samnorskpragrafen skal strykast. Jamstellingsarbeidet fekk ingen stor plass i ordskiftet. . Og arbeidet for jamstelling er ikkje millom dei tri fyrste prioritetane i arb. programmet. Satsingi på nynorsk i næringslivet vart godt motteke.

Ordskiftet um normering vart eit heseblesande kappløp millom Ola Breivega og Helge Sandøy som skulde rekka yver mykje i stutte innleidingar. Både Sandøy og Breivega heldt ein sakleg tone. Ein av utsendingane meinte at Sandøy ikkje hadde fagleg grunnlag for å tilbakevisa at det skjer ei bokmålisering av målføri. Sandøy tok straks replikk, og var ivrig etter å forsvara seg. Han hadde sett og vist til uppgåvor og utgreidingar som kunde nyttast til å snakka um bokmålisering,men han meinte ikkje at han hadde underslege fakta med å tilbakevisa bokmåliseringi. Normeringsordskiftet førde med seg at landsmøtet vedtok å utsetja saki. Styret i Noregs Mållag fær fullmakt til å arbeida med ordtilfangsaki når den kjem upp att i Norsk Språkråd.

Landsmøtet og arb. program nemndi gjekk diverre ikkje inn for at det skal stå i arbeidsprogrammet at Noregs Mållag skal syta for at nynorsk normaltalemål med bakgrunn i landsdelsdialektane vert fremja i media eller for at normaltalemål skal brukast meir. Lars Bjarne Marøy, Håvard Tangen, Frøydis Lehmann og Arvid Langeland gjorde framlegg um det. Framlegget innebar òg at det skulde skipast til kurs i normaltalemål. Framlegget vart sendt yver til styret som tiltak.

Ordlyden vert no : Auka prestisjen til det nynorske standardtalemålet,slik at det vert ein meir reell konkurrent til bokmålsstandardtalemål,og samstundes få fram eit større mangfald i bruken av dette nynorske standardtalemålet.

I-målsbrukarane markera seg sterkt med iallfall 5 innlegg. Til og med ein av austlendingane forsvara i-målet. Elles bylgja debatten millom innlegg for Oddmund Hoels vedtaksframlegg og vedtaksframlegget frå Aud Søyland og Ingeborg Donali. Eit vedtaksframlegg frå Arvid Langeland som gjekk inn for i-målet og høgnorskt mål nådde ikkje upp i diskusjonen, og vart berre forsvara av nokre fåe. Langeland markera seg likevel sterkt m.a. med å dela ut eit notat som argumenterte for vedtaksframlegget.

Oddmund Hoel vart attvald til styret. Reidun Dale vart ny i styret for Grete Riise som gjekk av,og vert dagleg leidar. På varaplass til styret vart desse valde i prioritert rekkjefylgja. 1 Gunnar Ottne 2 Oddny Ueland 3 Harald Dyrkorn.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag