YMIST

Sidemål og rettferdsargumentasjon

Treng me nynorsken spurde K. E. Steffens i ein artikkel i Aftenposten for ei tid sidan. Steffens kjem her millom anna inn på skipnaden med sidemål. Det siste året hev skipnaden med sidemålsstil vore mykje umdiskutert. Steffens meiner at skipnaden kann koma til å stå for fall, um fleirtalet av målfolket held fram med den samnorskpolitikken som språkrådet vedhaldande fylgjer og med bokmåliseringi av nynorsken. Språkrådet gjev framleis ikkje rom for høgnorskformene, i-målet og dei andre hovudformene i 1917-rettskrivingi.

Frå mange målfolk vert utspelet framfor alt knytt upp til sidemålsstilen. Dei reknar det som eit åtak på den legitimiteten nynorsken hev som offisielt mål. Denne legitimiteten ligg til grunn for dei rettane nynorsken hev. Desse rettane vert det reist spursmål ved hjå Steffens. Han spør um me treng nynorsken og um sidemålsstilen riv grunnen under nynorsken av di han fører med seg bokmålisering. Sume vil hevda at dette undergrev nynorskens status.

Sidemålsstilen legitimerar utan tvil at nynorsken skal verta nytta på like fot med bokmålet i offentleg administrasjon. Fyrr den nynorske artiumstilen vart vanleg utbreidd var det ikkje råd å gjera krav um at embetsmenn skulde nytta nynorsk.

Dersom sidemålsskipnaden fell ut, vil det verta nytta langt mindre nynorsk og nynorsken vil tapa domene. Tenestemenn som i dag vert pålagde å nytta nynorsk, vil kunna skulda på at dei ikkje hev lært nynorsk. Det vil ikkje verta trong for nynorske ordlistor, nynorske bøker vil verta mindre lesne avdi målformene vil vera valfrie, og lærarane vil ikkje kjenna seg so bundne til å gjeva upplæring i nynorsk. Åtaket mot sidemålet som verkemiddel i den målpolitiske striden, undergrev jamstellingi av nynorsk og bokmål.

Men sidemålsdiskusjonen er underordna diskusjonen um korleis ein grungjev nynorsken. Nynorsken fanst fyrr sidemålet. Sidemålet vart til etter at nynorsken hadde eksistert i åravis.
Sidemålsstilen gjev nynorsken rettar som offisielt språk. Sume vil segja at det er forkasteleg å stella spursmål ved desse rettane. Det fungerar undergravande, og gjev vatn på mølla til dei som ikkje vil nynorsken vel. Men korleis kann me halda uppe nynorsken berre ut frå fastlæste posisjonar ? Resultatet er avslag. Sist det var uppe gjorde Noregs Mållag vedtak um 40 % nynorsk i statsadmistrasjonen. Neste gong vert det kanskje 30 prosent. Det er likesæle målfolk som hev drive med undergraving her. Kravi gjeng attende ettersom målrørsla ikkje tør å markera seg. Når målrørsla ikkje torer å taka gamle diskusjonar uppatt vert utfallet at bokmålsfolket tek dei upp for oss. Steffens gjeng gjenom argumentasjonen til målrørsla og tykkjer argumentasjonen er for dårleg. Dette verkar pessimistisk, og det burde vekkja mange målfolk til forsvar og handling.

Rettferdsargumentasjonen for nynorsken er viktig. Men den viktigaste argumentasjonen for nynorsken er den som gjeng utetter mot stødt nye umkverve. Det at ein lærer seg til å sjå målspursmålet frå ulike perspektiv. Det finst både nasjonale, estetiske og folkeupplysande perspektiv å setja målreisingi inn i. Det er desse grunngjevingane for målreisingi som fær folk til å verta idealistiske. Rettferdsargumentasjonen er berre ei hjelperåd som skal vera med å tryggja nynorskbrukarane at det valet dei gjer med å nytta nynorsk skal verta fylgd upp i praksis. Vestmannen vil gjerne ha innspel til diskusjonen umkring temaet å grunngjeva nynorsken.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag