YMIST

Noregs Mållag er pengefiksert

Oddmund Hoel, leidar i Noregs Mållag, avsluttar ein artikkel i Mål og Makt med m.a. fylgjande ytring : " Me har det viktigaste folka og hovuda-, og det me fyrst og fremst manglar, er pengar. Hadde me hatt mykje pengar, men likevel ikkje fått gjort noko, hadde framtida sett langt mørkare ut."

Dette synet er interessant. Hoel meiner altso at pengane vil hjelpa målrørsla frametter. Då må ein spyrja seg korleis Noregs Mållag si økonomistyring er i dag. Noregs Mållag skipar til tvo store tilskipingar i året. Den eine er det sokalla vinterseminaret. Den andre er landsmøtet. Båe desse tilskipingane kostar etter det me skynar lite for sentrallekken, medan lokallagi må leggja ut hotellkostnader og avgifter som skal dekkja utleggi. Hadde sentrallekken lagt vekt på å uppmoda folk til å finna rimelegare yvernattingsstader, og hadde dei og landsmøtetilskiparane hjelpt til med å finna rimelegare møtelokale, vilde det ha vore lettare å få samla folk.

Noregs Mållag lever i stor grad på lagspengane frå lokallagi. Desse pengane vert kravde inn av sentrallekken som legg dei ut att til lokallagi. Lokallagi mister råderetten yver eigne pengar, og det vert ikkje betre av at sentrallekken ventar både lenge og vel med å senda pengane attende. Og dei gjer det berre tvo gonger i året.

Skal lokallagi ha vitjing av einkvan frå sentrallekken må dei leggja ut reisekostnader og full godtgjersla etter statlege satsar. Fram til for tvo år sidan var det vanleg at leidaren i Noregs Mållag var leidar på ideelt grunnlag. I dag er leidaren i Noregs Mållag betalt for å driva med målarbeid.

Mange lokallagsaktivistar ynskjer å få regionale skrivarstovor. Dette må Noregs Mållag finna ei løysing på, hev det vorte hevda. Styret i mållaget gjekk på landsmøtet i Noregs Mållag inn for at ein måtte setja upp medlemspengane for å få til dette. Landsmøtet slutta seg til dette, men berre med halvdelen av det styret hadde gjenge inn for.

Ikkje nok med at organisasjonen Noregs Mållag er gjenomsyra av ei pengefiksering, den målpolitiske tenkjingi er det same. Noregs Mållag hev gjort Alf Hellevik til heiderslagsmann. Andreas Hompland fekk nyleg Vinjepris med rosande ord frå leidaren i Noregs Mållag. Hellevik hev tent pengar på den statsautoriserte ordslista si som folk hev vorte tvinga til å kjøpa til skulebruk. Hompland skriv i ei av dei største avisone i landet som tener godt med pengar. Båe gjer nynorsken meir bokmålisert. Korleis ein enn ser på det, so bøygjer dei seg for bokmålspress og -agitasjon av økonomiske umsyn. Ein kann ikkje fremja målsaki på denne måten.

Noregs Mållag ivrar etter å skaffa seg rådvelde yver målfond og testamentariske gåvor. Å samla pengekjeldor frå lokallag og andre friviljuge samskipnader under vengene til mållaget er ikkje vegen å gå for å fremja målsaki. Skal ein fremja målsaki må ein gjera det gjenom å motivera dei som sit med pengekjeldone lokalt til å gjera noko. Folk bør ikkje gjeva pengar til Noregs Mållag fyrr mållaget syner seg i stand til å setja tæring etter næring og målsak fyre økonomi.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag