YMIST

Noregs Mållag heidrar sine

Noregs Mållag hev halde landsmøte i sunnfjordbyen Florø. Og etter meldingar i media var det lite av målsak og målreising på landsmøtet. Lenste tidi gjekk med til hardt ordskifte um tvo formannskandidatar. Den avtroppande formannen kjempa for attval, og den som valnemndi hadde peika ut i staden var viljug til å gå inn i kampen, og han vann.

No fekk me og vita at Mållaget hadde utnemnt ein «heiderslagsmann». Valet fall Alf Hellevik, og Noregs Mållags grunngjeving for den utnemningi var at Hellevik gjenom sine mange Nynorsk ordliste hev vore normgjevande for fleire generasjonar av nynorskbrukarar og skuleelevar.

Både denne utnemningi og grunngjevingi er ei klår stadfesting på at Noregs Mållag ikkje hev fylgt med i den «utviklingi»/avviklingi av norskt mål som Alf Hellevik med sine Ordlistor hev stade i brodden for. Ordlistone hans med dei mange dubbelformene og isletti frå bokmålet, hev vore med og forma det blandingsmålet som skuleelevar hev lært seg, og som dei brukar i kringkasting, i pressa og i administrasjon.

Ein samskipnad som kjem med heidring for avviklingsarbeid i staden for dyrking og odling av det språket som Mållaget burde verna, den samskipnaden hev svike det programmet som var målsetjingi i starten og i mange år som fylgde. Noregs Mållag var eit sterkt lag då det stridde imot 1938-rettskrivingi. No er det ein skugge av seg sjølv.


Ludvig Jerdal, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag