YMIST

Korleides møter me sidemålsmotstandarane?

Unge Høgre sitt mangeårige stræv for valfritt sidemål hev til slutt bore frukter. Med den historiske alliansen millom Høgre, Frp, Ap og SV ser det no myrkt ut for sidemålsupplæringi i hovudstaden.

I dag kallar Oslo-elevane nynorsken for "spynorsk" og ordlista "mordliste". Og gruppeleidar i Oslo SV, Kari Pahle, segjer ho er so glad i nynorsk litteratur at ho unnar nynorsken ein betre lagnad enn dette. NMU og Noregs Mållag vel å køyra konfrontasjonslina, men det spørst um ikkje argumentasjonen åt sidemålsmotstandarane hev ein kjerne av sanning i seg. I dag vert elevane upplærde i ei mekanisk umsetjing frå nynorsk til bokmål. Dei vert ikkje kjende med den store nynorske ordskatten, og bokreidingslagi legg med vilje målet so nært upp til norskdansken som råd, då trur dei han skal glida lettare ned. Dette er dei same synsmåtane som kjem til uttrykk når Nynorsk kultursentrum i Volda/ørsta med vitande og vilje skiltar med "innkjøring" til Ivar Aasen-senteret: Når målet du nyttar er so godt som "nynorsk" frå fyrr av, er det ikkje det heilt store stiget å byta frå bokmål. Då ser dei burt frå resultatet: eit fatigt og fargelaust mål, ein nynorsk som likevel er "tenkt på bokmål", og som dei færraste let seg kveikja av.

På 1930-talet skreiv Gustav Indrebø at "med å kasta dansken og gjera norsken til skriftmål og officielt mål att, velter me av oss ei nasjonal skam. For det er audmykjande soleis som det stend til no." Men tidene skifter. I eit upprop for sidemål som Ola E. Bø, Kjartan Fløgstad og Norsk Målungdom hev gjort upptak til heiter det at "for norsk dikting og skriftkultur har tospråksituasjonen vore ein uvurderleg ressurs." Snaudt eit halvt år er gjenge sidan målungdomen tok ved den nye tufti der dei valde å stå fast på eittspråkslina, men desse prinsippi kastar dei yver bord i sidemålsstriden. Prinsippløysa vert ikkje mindre tydeleg i eit innlegg frå målungdomsleidaren på nettsida ungnett.no:

"Bjerkomp skriv at skuleelevane ikkje får læra retteleg nynorsk, "ikke det vakre litterære språket nynorsken egentlig er (...) det er en avslepet blanding av nynorsk og bokmål". Den nynorsken skuleelevar får læra er det me kallar læreboknormalen, og det er slett ikkje noko blanding av nynorsk og bokmål, men nynorsk slik det er vanleg å skriva språket no i 2000. Slik er nynorsken Kjartan Fløgstad, Jon Fosse, Ragnar Hovland, Are Kalvø Solveig Aareskjold og dei fleste andre leiane nynorskskribentar i dag nyttar. Denne nynorsken tykkjer eg er både vakker og litterær nok til å læra."

Etter mitt syn gjer ikkje Pernille Bjerkomp frå Unge Høgre anna enn å slå fast eit faktum. Me kann moralisera so mykje me vil yver skuleelevar som er leide av nynorsk, men helder ikkje for rikspolitikarane kann det vera anna eit eit spursmål um tid fyre dei ser meiningsløysa med obligatorisk upplæring i tvo programfesta (jamfør samnorskparagrafen åt Norsk Språkråd) avbrigde av det same blandingsmålet. Ingen ting hev undergrave sidemålsstilen meir enn den statlege samnorskpolitikken, det kann me ikkje lata att augo for. Men diverre ordskiftest dei ikkje um sovore i målungdomen, der er det jamne huglaget at rettskrivingsspursmål berre fører til "avpolitisering" av målrørsla.

I desse dagar uppliver me ei stor veljarflukt frå Arbeidarpartiet til Framstegspartiet. Det er eit uttrykk for at vanlege folk hev mist trui på at DNA hev noko meir å bjoda "mannen i gata", dei hev skyna at det gode, gamle sosialdemokratiet er ute or soga. Under Brundtland, Jagland og Stoltenberg hev Ap-regimet systematisk rive grunnen burt under det sosialdemokratiske "folkhemmet", og i dag fører fagrørsla og vinstresida ein defensiv kamp, utan perspektiv utyver å verja gamle, tilkjempa rettar. Me målfolk lyt vakta oss for å gå i same fella. Det er ein mannsalder sidan Arbeidarpartiet offisielt skrinla målblandingslina, og visjonane hans Halvdan Koht um eit framtidig samnorsk mål er det snaudt andre enn lærebokforfattarane for vidaregåande skule som framleides trur på. Når skuleelevane endeleg gjenomskodar samnorskdogmi, er det ikkje vår uppgåva å halda desse i live.

I staden lyt me taka motmennene våre på ordet og nytta høvet til å formulera nye og offensive krav um betre sidemålsupplæring. Det lyt verta ende på den livlause og mekaniske umsetjingi frå nynorsk til bokmål, viktugare er det å vekkja målkjensla hjå elevane. Dei lyt få uppliva at målet hev sine eigen dåm og klang, få smaka på ordi og kjenna at dei "smakar godt" som Torstein Tomassen so råkande sagde det. Sidemålet kann verta inngangsporten til rike kulturupplivingar, men då lyt det fokuserast på meir enn bøygning av verb.


Olav Torheim, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag