YMIST

Målbruk i NMU

Vestmannen hev frett at det hev vore ordskifte kring rettskrivingsspursmål i NMU. Saki gjeld um og kor mykje høgnorsk organisasjonen skal fremja. Um det skal fastsetjast ein eigen NMU-normal, og korleis den i so tilfelle skal vera.

Vestmannen hev naturleg nok klåre standpunkt i so måte. Godt som full liberalisme må gjelda i rettskrivingsspursmålet. Ein vinn ikkje fram med uskynlege diktat anten dei kjem frå ein organisasjon eller frå eit offentleg råd som Norsk Språkråd. Den som skriv godt, vil verta mynsterdanande. Ein kann ikkje lata det vera upp til den som er hagast til å laga ordlistor og ordbøker etter regelløysa i Helleviknormalen å avgjera kva som skal verta framtidsnynorsken. Den leidi som stend for eit slikt syn kann me kalla for Hellevikianismen.

Ein må spyrja seg kvifor NMU no kastar fram tanken på å driva fram intern normering. Me veit at det hev vore gjort beinveges eller umveges rettingar i språket til dei som skriv høgnorsk i Målungdoms-blad tidlegare. Dette trudde me no var eit tilbakelagd stadium. Og me vonar at det ikkje er slike tankar som ligg attum dryftingane i landsstyret. Målbruken i blad som Mål og Makt og Motmæle hev i den seinste tidi, so langt me veit, ikkje drive med rettingar mot høgnorskskribentar. Snarare tvert um. Det er me glade for.

Grunnlaget og argumenti for dryftingane på landsstyremøtet skal millom anna ha vore at mange hev reagert på at språket er avstikkande og at eventuelle vedtak um språket i organisasjonen berre skal gjelda sentrale tillitsvalde og tilsette i NMU. Difor råkar ein sers fåe personar. Det skal vidare ha vorte peika på at det er viktig reint praktisk at eit stykkje som skal nyttast redaksjonelt, vert skrive etter ein standard. Då kann fleire skribentar arbeida utfrå den same språklege rettesnori. Ein sams normal for NMU vil gjeva NMU eit språkleg andlet utetter, skal ha vore endå eit synspunkt.

Til denne argumentasjonen er det ein ting å segja; at mykje av dette minnar ikkje reint lite um Hellevikianisme av godt gamalt 1950-talsmerke. Den gongen var det folk som var so ivrige på at den offisielle nynorsken skulde nyttast at dei jamvel vilde at Noregs Mållag skulde vedtaka uppmodingar um at forfattarar skulde skriva Hellevik-nynorsk. Målbruken var eit reint praktisk spursmål og folk kunde ikkje bala med det dei ikkje fann i ordlistone og som ikkje var statsstempla målbruk. ågjera det til eit poeng at det er fåe som vert umfata av ein normal er berre å skuva til sides det røynlege poenget. Det viktige er det prinsipielle høvet til å skriva i pakt med si eigi yvertyding. Og å få nå ein vid lesarkrins med synspunktet sitt. Det er yvertydingane ein må diskutera.

Etter de me veit driv sume i NMU og lagar framlegg til rettskrivingar. Slik mållaging minnar um dei teknokratiske framstøytane frå Hellevikianarane. Lat oss vona at dette berre er nokre framstøytar på veg mot ei ny sannkjenning. Ei sannkjenning som slær fast at mållaging etter Hellevik-lina ikkje fører fram.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag