YMIST

Høgnorskkamp i målungdomen

Olav Torheim er landsstyremedlem i Norsk Målungdom. Han skriv her um diskusjonen kring målbruken i Motmæle og legg fram korleis han vurderar ulike utspel og framgangsmåtar i ordskiftet i organisasjonen.

Leidande krefter i NMU hev i år freista å framstella det som um det hev eksistert ein redaksjonell praksis i Motmæle, lagsbladet til Norsk Målungdom , med samling um ein sokalla "NMU-normal", og at høgnorskbrukarane i Motmæle bryt med den einskapen som "NMU-normalen" stend for når dei skriv i bladet. Me høgnorskarane hev aldri havt noko i mot einskap i rettskriving, det er snarare noko av kjernen i argumentasjonen vår, men denne einskapen må koma etter ordskifte, ikkje etter formelt diktat. Kravet um "einskap" gjekk att i argumentasjonen frå motmennene våre, jamvel um det òg vart nytta andre argument.

Symptomatisk for tilhengjarane av "NMU-normalen" er det at ingen av deim hev skrive til Motmæle og gjort greida for sitt (mål)syn eller argument. Dette jamvel um både bladstyraren og folk på høgnorsksida hadde sagt klårt frå kvar dei stod i saki. Dersom dei såg på denne saki som so viktug, skulde ein tru at dei vilde freista å draga fleire NMU'arar med i ordskiftet. I staden hev dei, som me skal sjå, nøgt seg med å stå for ein verhanepolitikk mot oss høgnorskarar. Dette stykket er ein freistnad på å dokumentera kva som hev hendt i ordskiftet kring målbruken i Motmæle,bladet til Norsk Målungdom, og kva for nokre krefter som stod attum.

Landsmøte i Oslo

På landsmøtet i Norsk Målungdom kom det framlegg um å taka inn i arbeidsprogrammet ei formulering um at "Landsstyret skal vurdera om nynorsknormalen i Motmæle bør modererast". Dette framlegget vart vedteke utan røysteteljing.

Samstundes kom Erik Bolstad, tidlegare bladstyrar for Motmæle, med dette framlegget til intern fråsegn: "Landsmøtet ynskjer at Motmæle skal bli redigert på ein mindre konservativ normal enn i dag."

Dette framlegget drog han attende etter at fråsegnsnemndi hadde kome med eit umarbeidd framlegg. Der heitte det at "Landsmøtet pålegg landsstyret å syte for at bladstyret i Motmæle lagar ei vurdering av både den redaksjonelle språknormalen og den språklege heilskapen i bladet. Denne vurderinga skal først og fremst ta omsyn til korleis bladet kommuniserer med nye så vel som røynde lesarar. Vurderinga skal leggjast fram for landsstyret, og ein evt. ny normal skal røystast over." Leidar i fråsegnsnemndi var Magnus Bernhardsen, og denne fråsegni vart vedteki med 21 mot 6 røyster og 2 fråhaldne røyster.

Det var ikkje ordskifte um fråsegni fyrr på vedtakspunktet. Dei som hadde ordet var røynde organisasjonsfolk, so å segja alle hadde havt leidande tillitsverv i NMU. Det var ingen "grasrotuppreist" mot høgnorsken.

Landsstyremøte i Bergen i september

På landsstyremøtet i Bergen 8.-10. september heldt ordskiftet kring Motmæle fram. Sentralstyret hadde bede Marita H. Ådnanes um å innleida mot høgnorskmannen Håvard Tangen. Eg siterar uppritet åt møteskrivar Tarjei Vågstøl:

"Marita H. Ådnanes frå landsstyret innleidde om sitt syn på språknormalen: Motmæle er det viktigaste andletet vårt utetter. Mange tykkjer bladet er gamalvore eller vanskeleg av di målet bryt med den nynorsken dei er vane med å sjå. Mange trur difor at "høgnorsk" er vedteken NMU-nynorsk. Slik er det ikkje, og det inntrykket bør heller ikkje folk ha. For oss er det viktig å seia at NMU er ein organisasjon som strir for all slag nynorsk. Difor bør me skriva på ein sams normal som vert oppfatta som "vanleg". Det er ikkje "einsrettande" å nytta ein sams normal, både Samlaget (sic!) og skrivarstova i Noregs Mållag gjer det. Bladstyret bør halda seg til ein redaksjonell normal, medan "eksterne forfattarar" bør stå friare."

Dei som ynskte å snøra inn mangfeldet av ulike nynorsknormalar i Motmæle, meinte at høgnorsken isolerar oss frå resten av nynorskbrukande ungdom, og sume av dei meinte heile den "tradisjonalistiske" nynorsknormeringa som NMU nytta, var ein fiasko. Høgnorsk bryt med det ålmenne biletet av nynorsk i skrift. Difor er det ei rett strategisk vurdering å stengja høgnorsken ute når me skal vinna ungdomen for "meir nynorsk".

Enden på visa var at landsstyret gjorde dette vedtaket:

"Sentralstyret skal greia ut saka, og koma med framlegg om korleis normalen i Motmæle skal vera". (15 røyster for, 1 fråhaldande, 1 mot)

Nokor utgreiding frå sentralstyret såg me ikkje noko til. I staden fann me i innkallingspapiri til næste landsstyremøtet tvo framlegg til vedtak, eitt frå Arild Torvund Olsen og eitt frå Ragnhild Ås.

Framlegget frå Arild Torvund Olsen lydde slik:

"I samband med ordskiftet um språket i Motmæle gjer eg framlegg um at landsstyret gjer eit slikt vedtak:
Dei som skriv i Motmæle kan nytta den nynorskrettskrivingi dei sjølve ynskjer. Motmæle hev like vel eit serskild andsvar for å syna fram at det finst mindre bokmålsnære utgåver av nynorsken enn den elevane møter i lærebøkene.

Vedlegg: utdrag frå "Målføri og nynorsken", som er den vedtekne politikken vår på umrådet.

4.5
Ein viss valfridom i rettskrivinga er av det gode, så lenge han er oversynleg og ikkje kløyver nynorsken i ulike målformer. Klamme- og sideformsystemet i dag er så ugreitt at snautt nokon har det fulle oversynet. Sideformer som me/vi er på sin plass, likeins byd valfridom i store bøyingskategoriar (ulike infinitivsendingar, i-mål og a-mål o.l.) heller ikkje på store vanskar. Verre er det med ulik skrivemåte i ordstomnar. Sumt i rettskrivinga i dag bryt med systemet i alt norsk talemål, og er etteraping av bokmål (t.d. tida med li(d)a, gard med ur(d), humle men somla). Målrørsla treng ikkje stå vakt om den statlege normeringa av nynorsken all den tid det einast tyder avnorsking. Nynorsken treng ikkje gjerast meir bokmålsnær, tvert om. Og difor må NMU arbeida, gjerne i samråd med NM, for å få attende dei opphavlege skrivemåtane på grunnlag av Aasen sitt syn; at alle orda skulle byggja på det som er sams i dialektane.

4.6.
Så lenge me talar vent om valfridom og/eller heilnorsk mål, lyt me ta avstand frå den hetsen som den tradisjonelle nynorsken ("høgnorsk", "Aasen-mål", eller klassisk norsk") og dei som brukar han vert møtte med. Ei rørsle med vanvyrdnad for sin eigen tradisjon, lever ikkje lenge i landet. Det meste av den klassiske nynorske bokavlen er skriven på dette målet, og er framleis leseleg. Dei fleste fordomane mot "høgnorsken" råkar dessutan nynorsken ålment."

Ragnhild Ås med "Hellevik-normal"

Framlegget frå Ragnhild Ås derimot, synte at her vilde høgnorskmotstandarane leggja band på skriftpraksisen. For framtidi skulde fleire høgnorskformer vera uaktuelle i bladet. Berre lokallag skulde aller nådigast få halda fram å nytta sitt eige mål, utan umsyn til kva former dei fann det for godt å nytta:

"Motmæle skal redigerast på NMU-normalen. Der artikkelforfattaren ikkje bed spesielt om noko anna skal omsette bidrag fylgja NMU-normalen. I "organisasjonsdelen" av bladet (det som ikkje er til motmæle) skal alle bidrag fylgja NMU-normalen om det ikkje er bidrag frå lokallaget om laget deira. I til Motmæle-delen bør bladstyret oppmoda dei som leverer til å fylgja NMU-normalen".

I framlegget frå Ragnhild Ås var utkast til ny "NMU-normal" lagt ved, ein normal som nok var meir eigna til å forvirra enn å avklåra. Der hadde ho millom anna ei lang lista yver "tilrådde former". Kva vilde det segja? Meinte ho kann henda "påbodne former", eller gav ho med dette rom for eit visst "slingringsmonn"? Dette fekk me aldri noko svar på.

I tufti åt NMU stend det at me arbeider for ein fylgjerett og yversynleg nynorsk, men det er meir enn ein kunde segja um det vilkårlege uppsettet av ord og former som me fann i "NMU-normalen" hennar ås. Kva slags ord som skulde skrivast med "stum d" og når ein skulde nytta langformer av verb var heilt på slump. I framlegget skreiv ås at "grunnlaget for normalen er den offisielle rettskrivinga. Hovudregelen er at når fleire alternative skrivemåtar finst, vel ein den mest tradisjonelle". Likevel fann me former som til dømes "få - får - fekk - fått" og "gå - går - gjekk - gått" i lista yver kva som er tilrådd. Visste ikkje Ås at "få - fær - fekk - fenge" og "ganga - gjeng - gjekk - gjenge" er lovlege former i offisiell rettskriving?

I grunngjevingi for framlegget sitt skreiv Ragnhild Ås at "eg (Ragnhild Ås, min merknad) trur ikkje framgangen til nynorsk vert avgjort av kva normeringspolitikk NMU fører. Likevel ynskjer eg å gjera vedtak. Normering er eit viktig målpolitisk spørsmål. Sjølv ser eg ingen grunn til å "ta hemn over soga" gjennom å arbeida for eit språksystem som for lenge sidan er skove til side frå vanleg norsk språkbruk".

Vidare stod det at "på grunn av tidlegare ordskifte eg har vore med på om dette emnet, er det viktig for meg å presisera at det er like mykje eit politisk standpunkt å ynskja at NMU ikkje skal vera ein høgnorskorganisasjon som å ikkje ynskja at organisasjonen skal vera ein samnorskorganisasjon. Det er ikkje slik at om ein ynskjer noko anna enn høgnorsk, so er det automatisk hets av normalen. Om ein ynskjer å slå fast ein måte NMU slår fast korleis organisasjonen sin offisielle språkføring skal vera, tyder ikkje dette at ein vanvyrder alle andre måtar å skriva på, men at ein meiner ein språknormal er betre eigna enn ein annan."

Som me hev sét, reikna Ragnhild Ås det som uproblematisk å jamstella NMU si distansering frå samnorsken med ei tilsvarande distansering frå høgnorsksynet. Dette endå NMU hev vedtekter som forbyd samnorsksympatisørar (i lag med nazistar og rasistar) å få vera med i organisasjonen.

Ordskifte på landsstyrelista

8. november skreiv Magnus Bernhardsen på epostlista åt landsstyret i NMU:

"Kven kjem dette normeringsframlegget til å gjelda for?
Bladstyret i Motmæle, og eventuelle omsetjarar utanfor bladstyret. Alle andre kan skriva nett som dei vil. Eg tykkjer den normalen som er meisla ut i all hovudsak dekkjer det som har vore NMU-normalen, og eg reknar vel med at skrivarstova vel å nytta han. Altso, dette er ikkje nokor stor sak, i all hovudsak eit praktisk spørsmål. "

Noko slikt sagde vel Faarlund òg då språkrådet tvinga igjenom den nye læreboknormalen (som NMU kom med fråsegn mot). Kven som skulde nytta denne normalen var eit praktisk spursmål, men stridsspursmålet var um landsstyret skulde tvinga igjenom nokon slik normal i det heile. Og det er eit målpolitisk spursmål, ikkje eit praktisk.

9. november skreiv Astrid Dypvik, leidar i NMU, på landsstyrelista:

"Dette framlegget stengjer ikkje ute noko form for nynorsk frå bladet. Framleis kan alle som vil skriva slik dei har lyst, so lenge dei skriv nynorsk. Det framlegget derimot gjer er å slå fast kva som skal vera NMU si offisielle språkform. Eg kan ikkje skjøna at det skal vera mindre demokratisk enn å la dei som tilfeldigvis skriv desse tekstane avgjera det? Eg kan forresten ikke skjøna kven som skulle vera betre eigna til å ta avgjerder i dette ordskiftet enn landsstyret i NMU. "

10. november skriv Astrid vidare:

"Framlegget vil på ingen måte hindra høgnorsk i å sleppa til på organisasjonssidene. Forslaget spesifiserer jo nett at lag som nyttar høgnorsk skal få skriva høgnorsk (eller samlagslæreboknormal om det er det dei nyttar ) på organisasjonssidene. Det er jo stort sett slikt stoff som står på desse sidene.

[…]

Ja, sjølvsagt ligg det målpolitiske vurderingar til grunn for at eg som einskildperson skriv den nynorsken eg gjer. Eg skriv slik eg gjer fordi eg ynskjer å markera avstand frå Samlaget og Læreboknormalen, fordi eg meiner dei i alt for stor grad let bokmålet avgjera korleis nynorsken bør skrivast. Og eg skriv ikkje høgnorsk fordi eg ikkje delar høgnorskarane sitt syn på kva som er det rette norske målet.

Men eg klarar ikkje å sjå at det skal vera noko gale i å ha eit demokratisk vedtak i organisasjonen på kva som skal vera organisasjonen sin offisielle språkbruk (redaksjonelt stoff i medlemsbladet t.d.). Og det er nett dette eg tykkjer er verdt å ta stilling til, ikkje kva alle skal få lov til å skriva eller på kva som er den beste tolkingsmåten av "målføra og nynorsken". Slik detaljregulering vert i alle høve feil. Eg meiner at NMU på alle måter bør framstå som ein organisasjon for alle som ynskjer å fremja nynorsk, og for alle som vil betra villkåra for nynorsken. Me har enno ikkje røysta over framlegga i sentralstyret, men eg kjem iallefall til å gå for det framlegget eg tykkjer oppfyller kravet om at NMU skal vera ein organisasjon for nynorsk - uansett kva normal. "

Med andre ord reiknar Astrid Dypvik det som "detaljregulering" å krevja at landsstyret skal retta seg etter landsmøtevedtak, men ikkje å påleggja medlemene å nytta ein serskild "NMU-skriftnormal", utforma etter kriterieum som neppe nokon er i stand til å gjera greide for!

Men det er likt til at Dypvik fekk kalde føter etter ordskiftet på internett. Same kvelden er det sentralstyremøte i Norsk Målungdom, og der syter ho for at det vert framlegget frå Arild T. Olsen um full liberalisme i rettskrivingi som vert fleirtalstilrådingi frå sentralstyret.

Landsstyremøtet 17-19 november

Det vart sett av ein time til innleidingar ved Klaus Johan Myrvoll og Inger Johansen. Inger Johansen var fyrst ute. Ho hævda det var eit problem for NMU i dag at organisasjonen vart uppfata som ein høgnorsksamskipnad, og ho reikna det som ei reint demokratisk sak å strama inn målbruken i Motmæle.

Etter at Myrvoll hadde halde innleidingi si (som vart prenta i Vestmannen nr.10), vart det opna for ordskifte.

Erik Bolstad hævda at mange medlemer hev kome med reaksjonar på at normalen i bladet er for konservativ. Eit eventuelt vedtak kom berre til å gjelda sentralt i organisasjonen. Andre medlemer fær skriva som dei vil. Han peika på at det vanlege i organisasjonane, media og arbeidslivet elles, var å hava offisielle språknormalar. Slik er det i Noregs mållag, Samlaget, Dagbladet, NRK, TV2 m. fl. Han hevda elles at NMU hev "tonnevis av vedtak" um korleides nynorsken bør sjå ut. "Målføra og nynorsken", som Myrvoll hadde herma, var det mest konservative av det som framleides var offisiell politikk.

Magnus Bernhardsen ynskte å forklåra kvifor ein ynskjer seg ein slik NMU-normal. Det er fyrst og fremst for at ting skal fungera reint praktisk. Dersom nokon samarbeider um ein tekst til Motmæle, t.d., so er det mykje greidare um den som tek yver med å skriva etter ein annan, skriv på same normalen. Dette kann best tryggjast gjenom faste retningslinor for målbruken. Han peika på at eit eventuelt vedtak kom til å råka sers fåe, og at det difor ikkje var noko problem i å vedtaka ein serskild NMU-normal.

Nokre peika på at det var bra um det fanst ein normal - slik som Samlaget, Noregs mållag osb. hadde sine. Dette kunde i so fall ha vore andlitet åt organisasjonen utetter.

Astrid Dypvik vilde gjera merksam på at ho var usamd med mykje av den argumentasjonen Myrvoll hadde nytta for fleirtalsframlegget. Det fanst òg andre argument som tala mot å vedtaka ein slik NMU-normal. Ho meinte at dette ikkje handla um demokrati. Det vilde òg vera råd å nytta høgnorsk òg innanfor dei råmone som framlegget frå mindretalet set. Ho reagera på den synsmåten som hadde kome frå høgnorskhald um at berre høgnorsken er god nok og at andre former for nynorsk er "avslagsnorsk". Hovudgrunnane til at ho gjekk inn for framlegget frå Arild var: 1) Ikkje alle meistrar å byta normalar heile tidi, og dette tek mykje ekstra tid, og 2) å vedtaka ein serskild NMU-normal vilde gjeva signal um at andre normalar ikkje er velkomne. Me burde helder arbeida for å få inn fleire typar nynorsk i Motmæle.

Røystingi på sundagen

Det hadde vorte sett ned ei eigi redaksjonsnemnd på møtet, som hadde saki fyre på laurdagskvelden. Dei som sat i denne nemndi var Gudrun Kløve Juuhl (leidar), Snorre Sandemose og Ingvild Aursøy Måseide.

Det låg fyre 4 framlegg til vedtak ved møtestart på sundagen:

  1. Fleirtalsframlegget frå sentralstyret (upphavlegt frå Arild Torvund Olsen). Dette var tilrådd avvist av nemndi mot ei røyst (Aursøy Måseide).
  2. Mindretalsframlegget frå sentralstyret (upphavlegt frå Ragnhild Ås). Det var samrøystes tilrådd avvist av nemndi.
  3. Nytt framlegg frå Erik Bolstad og Hilde Havro, som var mindretalsframlegget med desse brigdi:
    • brigda "For Motmæle" til "For Motmæle og eksternt tilfang".
    • pkt. 1 brigda til: "Tilfang frå NMU skal vera på NMU-normalen. Motmæle skal redigerast på NMU-normalen".
    • strjuk pkt. 3 og 4.
    Dette framlegget var tilrådd vedteke mot ei røyst av nemndi (Aursøy Måseide).
  4. Nytt framlegg frå Snorre Sandemose:
    "I Motmæle bør eksterne medlemer [sic!] få lov til å skriva den nynorsken dei ynskjer. Dei interne (bladstyret, sentralstyret, landsstyret) må fylgja "Motmælenormalen" som Ragnhild har presentert. Her vil eg at det skal bli gjort unnatak når det gjeld høgnorsk språkbruk. Me må ha litt høgnorsk i blada, men ikkje for mykje."
    Dette framlegget hadde vorte trekt for fleirtalstilrådingi.

Ordstyrarane spurde dei um det var nokon som heldt uppe framlegget frå Sandemose. Det var det ikkje. So spurde dei um det var nokon som heldt uppe det upphavlege framlegget frå mindretalet i sentralstyret. Det var det helder ikkje. Med di sat ein att med tvo framlegg som vart sette upp mot einannan: Det frå Olsen mot det frå Ragnhild ås, med brigde frå Bolstad og Havro. Desse vart det so røysta yver heile tri gonger. Alle tri gongene skulde det røystast aktivt yver tilrådingi frå nemndi (ås/Bolstad/Havro, etter dette ÅBH) fyrst, for so å motprøva fleirtalsframlegget frå sentralstyret (Olsen).

I fyrste røystingi var det berre nokre fåe hender som vart upprekte for ÅBH (eit par stykke), og røystingi vart avblåsi fyrr det vart nokor motprøva. I andre røystingi vart det både røysting og motprøva. Her var framleides berre eit par stykke som studde ÅBH, og på grunn av "uro" og uklårleik um kva som vart røysta yver, vart det gjort upptak til ei ny røysting, som so vart gjenomførd. I denne tridje røystingi røysta landsstyremedlemene på denne måten:

For Olsen: 6
For ÅBH: 4
Fråhaldande: 3

Røystetali vart soleides 6-4 for framlegget frå Olsen, med 3 fråhaldande.

Etter dette kunde det sjå ut til at framlegget frå Olsen hadde vorte vedteke. Då tok Astrid Dypvik ordet til saksfyrehavingi og sagde at me burde røysta yver um me vilde hava eit vedtak elder ikkje i det heile. Det vart so ei ny røysting, og denne gongen skifte røystene seg soleides:

For Olsen: 3
Inkje vedtak: 8
Fråhaldande: 2

Røystetali vart soleides 8-3 for å ikkje gjera noko vedtak, med 2 fråhaldande.

Til ettertanke

Kvifor vilde ikkje fleirtalet i landsstyret gjera noko vedtak likevel?

Astrid Dypvik, leidar i NMU, tala fyrst varmt for å regulera målbruken i Motmæle. Dinæst snudde ho 180 grader og sytte for at fleirtalet i sentralstyret studde Arild Torvund Olsen sitt framlegg for full liberalisering. Nestleidar i NMU, Kløve Juuhl, var med i fleirtalet på sentralstyremøtet. Men då ho var leidar i redaksjonsnemndi på landsstyremøtet gjekk ho i mot det same framlegget. Når dette framlegget frå Olsen endeleg er vedteke, tek Dypvik til orde for å gjera det til inkjes.

Eg veit ikkje kva som skulde vera fyremålet med å bruka so mykje tid og krefter på ein sovoren prosess, dersom me likevel ikkje skulde koma fram til noko som helst. Ein skulde då tru at det var råd å draga sume konklusjonar ut or eit so langt ordskifte. I alle høve er det likt til at sume ser seg best tente med at "den eksisterande praksisen" held fram so lenge dei ikkje fær nett det vedtaket dei sjølve ynskjer. Det er berre å vona at høgnorsken framleis kann ha leveleg vilkår i Motmæle og elles i Norsk Målungdom, noko anna vil vera eit sjølvskot for målreisingi. Det er fridomen til å arbeida fram ein skriftspråkspraksis som hev lagt grunnen under nynorsken. Dei statlege brigdi og reguleringane etter Hellevik-normalen set berre kunstige sperror.


Olav Torheim, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag