YMIST

"Sidemålet på sidelina?"

Noko um eit fyredrag av Ottar Grepstad, direktør for senteret for nynorsk skriftkultur.

Me hev fenge eit Dokumentasjons-og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur i Volda. Skulde det tyda at den statlege målrørsla er tenkt til å byrja med skriftkultur, etter alle desse åri på norsk folkemålsgrunn? På senteret si internettsida finst eit fyredrag, halde 24.11.2000, av direktør Ottar Grepstad, og det gjev ingi von um at nynorsken hev fenge ein ny stridsmann med fagleg tyngd. Skal nynorsken hava ei framtid, lyt han eksistera. Det gjer han ikkje hjå Grepstad, her er det dansknorske ord høgt og lågt: behov, beretning, bruk, bety, holdningane, mangelen, bli, nødvendig, vedrører, forholdet og mange, mange fleire. Nokre dansknorske ord hev ei form som strid mot nynorskrettskrivingi, so Grepstad skriv viss og meiner hvis, erkjenning for erkjennelse og motarbeiding for motarbeidelse. Kven skal få hug til norsk mål um det berre er ei banalisering av det dansknorske?

Verre er reine språkfeil; ein plass skriv han den og meiner han, ein plass gløymer han at ord på -ing er hokyn og skriv tilslutningen. Verst er stilen, Grepstad nyttar ikkje sernorske segjemåtar; setningsmelodien er heilt ut dansk-norsk avisprosa. Den hev lese mykje i Dagbladet, som skriv so klisjefylt eit mål. Ikkje eingong dette er feilfritt; me finn uttrykket "freista ikkje til å gjere noko overilt"; dansknorsken hev ordet 'friste' og so sleng ein inn ein diftong og huhei, so hev ein nynorsk. (Og overilt, er det verre enn berre ilt?)

Utan målet er målrørsla redusert til eit Flat-Jord-Samfund. So Grepstad agiterar som ein gjer i slike lukka, paranoide samlag; me finn skort på logikk og samanhang, faktafeil og irrelevante utsegner. Skal ein sjå på heilskapen i fyredraget, syner det seg snøgt at ingen slik heilskap finst; tankesprangi er lange og kasti brå.

Grepstad skriv av di det er på tale å gjera skriftleg sidemål valfritt i skulen, noko han likar dårleg. Det vert sagt at skuleborni fær lite ut or sidemålstimane, men Grepstad segjer: "Har undervisninga i nynorsk vore mislykka i seg sjølv? Spørsmålet heng saman med eit anna argument mot obligatorisk skriftleg sidemålsundervisning: Munnleg undervisning er betre eller jamvel nok. So tett heng desse spursmåli saman at Grepstad svarar på det andre istaden for det fyrste. -No kann Grepstad verta mistydd av di han ikkje veit nett kva jamvel tyder; han er komen til å skriva at skriftleg sidemål er so komplett burtkasta at det vert hevda at munnleg læring er betre elder jamvel bra. Men det han meiner, er truleg at skuleborni hev fagleg bate av sidemålsstilen, for han vil halda på honom, og um munnleg nynorsk meiner han at det hev vore freista, og var mislukka:

"Frå og med Jensens leseverk var i prinsippet det å lese landsmål ein obligatorisk del av norsk skule. Då sidemålsstilen blei innført i 1907, hadde elevane altso hatt munnleg undervisning i landsmål i 44 år. Det finst ikkje noko som tyder på at den undervisninga til då hadde gitt nokon positiv verknad. I så fall skulle blant anna røystetala til dømes i Stortinget syne det. Der kan vi berre så vidt ane ei positiv endring. I 1885 blei jamstellingsvedtaket gjort med 78 mot 31 røyster. I 1907 blei sidemålsvedtaket gjort med 62 mot 30 røyster."

Logikken haltar so det er ilt å sjå; kva kann røystetali i stortinget segja um stoda i skulen?Stortingsmennane er vaksne og utdanna folk, fær ein vel tru. Og um desse vedtaki kann samanliknast direkte, syner dei ingen framgang for målstrevet, tvert um er 62 av 92 mindre enn 78 av 109. Ikkje er det 44 år millom 1907 og 1885, heller. Og stoda fyrr 1907 kann ikkje prova at munnleg sidemål i seg sjølv ikkje er godt nok, for i stortingsdebatten i 1907 var det ein som var 9 år då landsmålet i prinsippet skulde hava kome inn i skulen; han sa at alle på hans alder visste at det i deira skuledagar ikkje var tale om noko landsmaal i det heile, og slett ikkje på skulen. Det er sitert lenger fram i Grepstad sitt fyredrag. Nei, dette heng ikkje paa greip!

Like fullt er Grepstad ute med skulemålsstatistikken: "I tida kring innføringa av sidemålsstilen blir det gjennomført ein liten kulturrevolusjon i Noreg. Frå Odelstinget vedtek landsfolkeskulelova i 1892 går det berre 18 år før fleirtalet av elevane i Hordaland og i Sogn og Fjordane har landsmålet som hovudmål i skulen. Etter nye ti år, i 1920, gjeld dette også eit fleirtal av elevane i Rogaland og Møre og Romsdal, mens Telemark ligg like under 50 %. Der blir det fylket verande i mange tiår, men i 1939 har også Nord-Trøndelag vippa over 50 % nynorskelevar i grunnskulen."

Fleirtal i fem-seks fylke, og so skriv Grepstad um sidemålet som um det var nynorsken det galdt? Ja, for det hev vore attergang i heile etterkrigstidi, men det tek Grepstad ikkje med. Han kom då den nynorske skrifttraditionen var broten av samnorskpolitikken, som heller ikkje er nemnd med eitt ord. Heller ikkje tek Grepstad med røystetali i stortinget frå 1892, sjølv um han litt fyrr meinte at desse tali kann syna kor mykje nynorsk skuleungane kunne.

Grepstad legg stor vekt på å syna at argument mot nynorsken og sidemålet er blitt "tradert" men berre det at tvo segjer det same, treng ikkje tyda at båe tek feil. Det er litt morosamt at det vart sagt alt i 1899 at landsmålsgrammatikken var for vanskeleg å læra seg, men etter so lang tid med talemaalsnærleik og valfridom er det vorte sant, som ein kann sjå av Grepstad sine freistnadar på å skriva.

Um Grepstad ikkje toler traderte argument skulle han ikkje nytta so mange av dei sjølv, til dømes klassikaren "500 000 stillingar føreset krav om kunnskapar i skriftleg nynorsk.." Andre hev sagt at stillingane beintfram fyreset kunnskapar i nynorsk- so langt gjeng ikkje Grepstad, men den rundare formuleringi kann jo skuldast fåkunne. Og når Grepstad her endå ein gong skriv at Garborg utvikla tvo-nations-læra i 1870-åri, då er det "tradert" - det vil segja ein feil som går att hjå mange. Men det rette tilhøvet er og prova fleire gonger; lyt ikkje eit dokumentationssenter for nynorsk hava den fyrste nynorske boki, Ny Hungrvekja frå 1858?

Det vert vanskeleg å diskutera sidemålsstilen med Grepstad: "Eg hevdar at det først og fremst dreiar seg om ein motvilje skapt av kulturelle krefter som aldri har akseptert tospråkssituasjonen i Noreg, men som skjuler si eiga motarbeiding mot nynorsken under spørsmaalet om sidemålet." Ein skal ikkje hevda at folk lyg, det er harde ord som gjer vidare debatt umogoleg, so slikt skal provast. Og um nynorsk og Grepstad-målet er einstydande ord, kann det ikkje vera diskvalifiserande i seg sjølv at ein er skeptisk til nynorsken.

Eit serdrag ved Grepstad sin skrivestil er dei frie assosiationane. Eitt døme fær halda; skal tru kva AKP (m-l) hev med sidemålssaki å gjera? "I haust har på ny ein del av mediemerksemda retta seg mot den groteske historia til AKP (m-l). Korleis kunne så mange intellektuelle vere så intolerante? blir det spurt. Den som går inn i den nynorske skriftkulturens historie, vil sjå at det spørsmålet kunne vore stilt mykje tidlegare. Vulgærmotstanden mot sidemålsstilen eller mot nynorsken har aldri mangla legitimeringsbidrag [!] frå intellektuelle krinsar. Blant verstingane finn vi både han som seiest å vere den fremste norske tenkjaren på 1800-talet, filosofiprofessor Marcus Jacob Monrad, og han som går for å vere ein av dei få intellektuelle på Stortinget for tida, teologiprofessor Inge Lønning. Den første nekta for at det var mogleg å skape kunst på landsmålet. Den andre kallar sidemålsstilen ein narresmokk. Når aldrande menn fnysande uttaler ordet narresmokk, skal ein lytte andektig [andektig!!!]."

Nei, AKP (m-l) er ikkje ein fiende av Grepstad (det hev stødt vore mykje nynorsk i Klassekampen, og Grepstad nyttar omgrepet kulturrevolution positivt), ml-rørsla er nemd berre av di ho var intolerant, men det var andre som var intolerante mot målrørsla lenge fyrr AKP (m-l) fanst, til dømes Inge Lønning. Men dette med narresmokken sa han no sant å segja fyrst i 1996, lenge etter at m-l-arane havde mista futten. Lønning er og eit dårleg døme på ein fiende av nynorsken, han er tvertum ein av dei NRK kann koma til når dei skal hava målkvotone fylt. Nei, narresmokken var sidemålet, ikkje nynorsken i seg sjølv- og her hev Grepstad noko å læra. For det er jo eit godt bilæte: målrørsla som svelt i hel medan ho syg på sidemålsstilen sin, og når nokon vil taka honom frå henne, då skrik ho, nett slik Grepstad gjer. Råkande. Men det er stygt, og lett å misuppfatta, og difor kann ein ikkje skriva slik. Når ein elev som er lut leid mødesamt sidemål gjeng til instituttet si internettsida for å få kveikt målhugen, og vert møtt med eit stykke på den uslaste vassvelling av eit mål, der alt han hev tenkt vert avfeid som traderte argument, der han vert kalla intolerant og samanlikna med AKP (m-l)- han er framleis like leid sidemålet, men no er han sur attåt. Her må institutt for nynorsk skriftkultur tenkja taktisk- kann henda skulde Grepstad jamvel lesa Dølen og Norsk Målsoga og læra seg det målet han skal arbeida for.


Anders Moe, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag