YMIST

Den rettenkjande målmannen

I Dag og Tid 19. februar kjem leidaren i Norsk Målungdom, Sigbjørn Hjelmbrekke, med eit svar til meg der han langt på veg gjev meg rett i at utbasuneringi hans av nynorsken som meir «demokratisk» enn bokmålet i Rett på sak-spalta 6. november vantar sakleg grunnlag. Han innser at «[e]it vilkår for eit demokratisk mål er at det er råd å tileigna seg», og at nynorsken kjem dåleg ut på nett dette punktet. Han held like vel fast ved at nynorsken er «demokratisk» av di han «[i] motsetnad til bokmålet [ikkje] byggjer [...] på målet til ei avgrensa gruppe».

Det er ei idealisert demokrati-uppfatning Hjelmbrekke her legg for dagen. Det er ikkje i kva mun skriftmålet påverkar høvet kvar einskild borgar hev til å vera med i demokratiske prosessar, t.d. ytra seg i ålmenne ordskifte, som er avgjerande, men kva dei ulike skriftmåli (nynorsk og bokmål) symboliserer historisk. Hjelmbrekke tillegg nynorsken eit serskilt demokratisk verde på grunnlag av måten målet vart til på («samnemnaren» åt Aasen), og ser i norsk-dansken ein tilsvarande «udemokratisk» grunnhått (arven frå dansk).

Problemet er, som eg peika på i innlegget mitt 27. november, at Hjelmbrekke i so stor mun ser burt frå det som hev hendt sidan. Jamvel um norsk-dansken upphavleg knytte seg til ein liten elite, hev målet utvida nedslagsfeltet sitt munaleg det seinaste hundradåret. Det hev kome nærare norskt talemål i skrivemåte, ordval og setningsbygnad, og samstundes hev det grunnfest posisjonen sin som bruksmål i breide lag av folket. Ein tarv helder ikkje vera målmann for å leggja merkje til at stendigt fleire lèt norsk-dansken vera rettesnor for talemålet sitt. Den skilnaden millom norsk-dansk skrift og norsk tala som enno finst, og som Hjelmbrekke synest å leggja so stor vekt på, vert av dei fleste upplivd som liten og uviktug. Ein kann mæla godt for at det er norsk-dansken som er det røynelege nasjonalmålet i Noreg, og ikkje nynorsken.

Denne nye stoda burde sjølvsagt få fylgjor for måten målfolk argumenterer for nynorsk på, men Hjelmbrekke og andre heng di verre att i ein millomkrigstidslogikk der «det er vanskeleg å vera usamd i at nynorsk er rett», for å herma noko Hjelmbrekke openbert stend inne for (jf. uppattakingi no 19.2.). Hjelmbrekke gjev seg til å grunngjeva verdedomen sin med at nynorsken er «både historisk norsk og folkeleg forankra», og hev openbert ikkje skyna at det var sjølve merkjelappen «rett» um eit skriftmål som eg reagerte på. Um eg gjeng på eit nederlag, til dømes i eit ordskifte, er det som regel ikkje av di eg tek «feil» og motstandarden hev «rett», men av di eg ikkje lukkast å få gjenomslag for mi syn på saki. Ein bør so langt som råd er reservera ord som «rett» og «feil» til reint objektive kjensgjerningar, og ikkje nytta deim som billeg retorikk.

Eit problem eg ser i påstand av det slaget Hjelmbrekke set fram, er koss dei vert uppfata av folk som ikkje hev sét det same ljoset som han, anten det er «vanlege» nynorskbrukarar elder potensielle slike. Kombinert med ei moralisering yver deim som «vel burt» nynorsken, syter dei truleg for å skræma undan potensielt interesserte helder enn å gjera deim nyfikne. (At dette slaget retorikk kann verka åtdrøgt på røyndomsfjerne ekstremistar av ymist slag, er ei onnor sak.) Ein kann godt leggja fram ei historisk grunngjeving for nynorsk utan å hevda at skriftmålet er «rett». Det er elles bisneleg at Hjelmbrekke, som grunngjev at nynorsk er «rett» ut frå ein tanke um at det er berar av «det historiske norske målet», ikkje kann ganga med på at ein ubroten norsk-dansk litterær tradisjon er eit argument for dét målet.

Eit anna problem med den godmæta (sjølvgodskapen) som eg meiner at målfolk rusar seg i, og som Hjelmbrekke tydeleg finn seg vel til rette med (jf. yverskrifti på innlegget hans), er at ho blindar ein for at noko av grunnen til at ein ikkje vinn fram, kann liggja hjå ein sjølv og i sin eigen argumentasjon, og ikkje i dei ytre umstendi. Det er typisk for representantar for målrørsla at dei ikkje er viljuge til å taka inn yver seg at nynorsken i seg sjølv hev innebygde hindringar som gjer at han ikkje vinn fram. Når Hjelmbrekke kann segja seg samd med meg i at nynorsken kann vera vanskeleg å læra, er det berre med grunnlag i at folk ikkje er «vane med målet» og at «nynorsken er skvisa frå ålmenta». Det er nærast utenkjelegt for godmætne målfolk som Hjelmbrekke å ganga ved at nynorsken lid under ei uyversynleg norm og vedvarande indre uppløysing. Det er symptomatisk på den utbreidde tendensen til å stikka hovudet i sanden at Hjelmbrekke ikkje kommenterer med eitt ord det eg skriv um den kritiske stoda for språket nynorsk.

Eg ser det som heilt avgjerande for um nynorsken skal hava ei framtid at han finn attende til ei fastare form med større vyrdnad for tradisjonen. So lenge nynorsken er uklår og utan feste, og vert meir og meir lik hitt målet for kvar dag som gjeng, hjelper det lite kor nøgd målfolket er med seg sjølv og saki si.


Klaus Johan Myrvoll, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag