YMIST

Demokratiunderskotet i NMU

I eit uppslag i Dag og Tid 13.12.03 hevdar Arild Torvund Olsen at NMU hev vore ein demokratisk organisasjon. Det er ikkje fyrste gongen Olsen uttalar seg i saki. På epostlista Mållagslista hev Olsen 30.10.02 eit innlegg der han m.a. segjer at ”[n]år Økokrim hev slege fast kva som er gjort og ikkje gjort, so er det både viktug og naudsynt at me tek ei uppgjerd.” Dette stend i klår kontrast til det Olsen skriv seinare, når fakta hev kome fram og seks personar er tiltala: ”Dei tvo som er nemnde her [dei som avslørde medlemsjukset] hev tydelegvis havt eit ynskje um å skada resten av målrørsla, og eg vil berre få presisera at dei IKKJE hev resten av høgnorskrørsla bak seg.” (Mållagslista 5.5.03)

Innleggi frå Olsen gjeng inn i eit mynster: Dei same personane som fyrst freista å draga provmaterialet frå Rikets Tilstand i tvil, hev sidan freista å rettferdiggjera juksemakarane og sverta dei som avslørde jukset. Olsen hevdar at han ikkje kjenner til politisk siling av medlemer i NMU. Frå 1999 til 2000 var Olsen sivilarbeidar på NMU-kontoret. Tyder det at Olsen hev arbeidt eit heilt år på skrivarstova utan å få kjennskap til svindelen som eg og Myrvoll fann solide prov på etter nokre fåe kveldar? I so fall burde det vera av mindre interessa kva Olsen elles ikkje hev sét eller høyrt i NMU.

Olsen er ikkje den einaste som hev engasjert seg i NMU-saki den siste tidi. I Dag og Tid 6.12. vert Vidar Lund sitert slik: ”AUF-skandalen førte til ein sterkare indre justis og at jukset måtte haldast endå meir hemmeleg.” I same nummer uttalar ein av dei tiltala at ”det harde arbeidet var nok med på å rettferdiggjere det vi gjorde overfor meg sjølv”. Det vert vidare referert at dei tiltala hadde ”jarndisiplin”. Dei torde ikkje å gå til Noregs Mållag.

Indre justis og jarndisiplin kring jukset

Attåt juks med studieringar og misbruk av frifondmidlar til tiltak som var initierte frå sentrallekken og ikkje frå lokallagi, vart det drive medlemspengejuks. At dei tvo fyrste tiltaki ikkje skapte verksemd i organisasjonen og soleis ikkje fungerte demokratisk, segjer seg sjølv. Vidare førde medlemsjukset til at hovudfyremålet vart å samla inn namn og tilskrifter på folk som kunde puttast inn i medlemskartoteket, uavhengig av um dei ynskte medlemskap. Skulde ein halda medlemstalet uppe, måtte ein sanka inn mange nye namn for å få gjenomstrøyming i organisasjonen. Ideologien i målreisingi og dei målpolitiske ordskifti vart underordna det vesentlege, som var å halda organisasjonen gåande.

Det var dessutan eit skeivt tilhøve millom NMU representert ved skrivarstova og aktivistar som freista å argumentera mot leidingi. Med tvo løna tilsette og nokre aktivistar kunde skrivarstova styra heile organisasjonen. Vart det for mange skulerte i opposisjon til leidingi, vilde risikoen vera at jukset vart avslørt av folk som ikkje hadde noko å tapa på å avsløra det. Det var dette som var ein av fårane i fraksjonsstridane på slutten av 1980-talet.

Dei tiltala hev sagt at dei ikkje kunde gå til Noregs Mållag med problemet, men kva med opposisjonsgruppor i eigen organisasjon? Det er openbert at dette temaet må ha vore klårt for dei tiltala og andre som organiserte jukset, for dei talar um ”sterkare indre justis” og ”jarndisiplin”. Dei meiner at dei var ”fanga av systemet og historia” (DT 6.12.03). Det som er klårt, er at dei gamle juksemakarane ikkje hadde nokon represaliar mot nye sentrale tillitsvalde. Kvar ny leidar eller skrivar kunde når som helst reservera seg og eventuelt avsløra jukset. Difor var det viktugt for dei gamle å sikra seg so fullstendig kontroll som mogeleg yver nye tillitsvalde.

Landsstyret det høgste organet i NMU?

I lovene til NMU heiter det at “[l]andsstyret er det øvste organet i NMU mellom landsmøta”. Det høver dårleg med korleis sentralleidingi såg på seg sjølve. I eit upprit frå eit sentralstyremøte 9.5.00 slær sentralstyret fast (i ei sokalla ”B-sak”) at det er dei som er ”den røynlege politiske leiinga”. Landsstyret er ein ”kaderbyggjingsplass”, og møti bør nyttast på skulerande verksemd framfor å gjeva innsyn i organisasjonen.

I eit anna dokument frå sentralstyret ser me at ein av styremedlemene skal ha andsvar for å halda yversyn yver ”kva [som] finst av kadrar og kaderspirer og syta for at sentralstyret driv aktiv kaderbyggjing”. Normalt sett skulde ein tru at det vilde merkast når det kom upp folk som var serskilt interesserte i å arbeida med målsaki i NMU. Men det er ikkje nok, for ein skal skaffa folk som leidingi er nøgde med, ”kadrar”. Det fører med seg at sentralstyret etter landsstyremøti tek ein gjenomgang av korleis kvar einskild landsstyremedlem ter seg. Det vert laga tiltaksplanar, der dei ulike medlemene skal fylgjast upp slik at dei kjem mest mogeleg på lina med dei leidande i sentralstyret.

Unge Høgre-mann i programnemndi, nei takk!

Ein Unge Høgre-mann frå Møre og Romsdal sat i landsstyret frå 1997 til 1999. På eige tildriv vart han peika ut til å sitja i nemndi som skulde koma med framlegg til ”Program for ein alternativ ungdomskultur”, eit stort satsingsumråde for NMU. Det er tydeleg at utpeikingi av UH-mannen må ha høvt dårleg for dei leidande i organisasjonen. Det gjeng fram av uppritet frå landsstyremøtet 6.–8. februar 1998:

”LST har vorte samde om å utsetja vedtaket av programmet. I ordskiftet vart det lagt mange føringar på arbeidet i nemnda. Sidan [UH-mannen] ikkje var til stades under desse dryftingane, bør han ikkje sitja i nemnda. Røysting: 6 mot, 6 for, 5 fråhaldande. Vedteke med leiaren si dobbeltrøyst.”

På sentralstyremøtet 10. februar diskuterte sentralstyremedlemene ”kva me skal gjera med [UH-mannen]”. Vedkomande vert umtala som eit problem av di ”han byggjer alliansar” og vert karakterisert som ”kverulant” og ”fjomp”. Ein av medlemene i sentralstyret hevdar at han berre ”appellerer til medkjensla”; han hev ”ingen med seg politisk”. Vedkomande uppsummerar med at det beste tiltaket er: ”Putt han i ei nemnd, [der] har han ikkje fleirtal”. Me fær òg vita at argumentasjonen frå sentralstyret um UH-mannen var ”dårleg”; den eine av dei argumenterte ”vikarierande” og ei onnor var ”dogmatisk. Men sentralstyremedlemene hev meir å segja av prinsipiell karakter denne gongen:

”Det vert eit kunstig skilje mellom lst og sst. Det at lst-medlemer snakkar om «dåkker» vitnar om at dei ser eit skilje, i og med at dei ser for seg eit skilje, er det eit problem, dette er [UH-mannen] med på å forsterka. Me må diskutera korleis me skal takla motsetnader i lst. Kvar einskildperson i sst kjende for lite andsvar for si sak på lst-møtet.”

Sentralstyret skulde med andre ord havt betre kontroll yver møtet. Dessutan uppsummerar ein med at landsstyremedlemene hev inntrykk av at det vert drive lobby på gangen og at ”store gutar diskuterer seg i mellom”. Me ser her at sentralstyret hev ein klår dagsetel der dei ynskjer å nytta landsstyret som eit verkty for seg sjølve. Tilfellet med Unge Høgre-medlemen er noko spesielt av di tenkjingi til sentralstyremedlemene vert so tydeleg, men det finst nok av døme på liknande tilhøve.

Vinstreradikalismen

I samband med at AKP kasta redaktøren for Klassekampen i 1997, laga ei rad sentrale NMU-arar og NMU-støttespelarar eit upprop. Der helsar dei redaktørskiftet velkome og ”er viljuge til å gjeva avisa ein ny sjanse, og byrja tinga avisa/verva nye tingarar/selja henne og elles gjera ein innsats der det trengst.”

Det var nær kontakt millom NMU og Raud Ungdom. Mange leidande NMU-aktivistar var til stades på sumarlæger i RU, og leidande NMU-arar spreidde ofte infor masjonstilfang um RU og RV til nye medlemer. Når ein ser på dei mange ålmennpolitiske sakene som NMU hev teke upp, ser ein snøgt at det er umsynet til å visa seg som ein vinstreradikal organisasjon som vert det viktugaste, ikkje å fremja målpolitiske standpunkt ut frå ein ålmennpolitisk nøytral ståstad. Til dømes hev NMU gjenom heile 90-talet gjeve studnad til frigjeringsrørslor i konfliktvald som Nord-Irland, Baskarland og Kurdistan. Andre døme på utspel med liten relevans for målsaki er studnad til Blitz- miljøet i Oslo og muslimske leidarar i World Islamic Mission, eller motstandet mot samanslåing av skjotefelti i Mauken/Blåtind.

Ein av dei tiltala i NMU-saki hev vore med på utgjeving av blad og hefte for AKP, medan andre hev engasjert seg politisk for RU og ROSSO (Radikal og sosialistisk studentorganisasjon). Ikkje so reint fåe leidande aktivistar i NMU hev dessutan funne vegen inn i Klassekampen som løna medarbeidarar.

Audun Skjervøy, fyrre bladstyraren i Dag og Tid, uppsummerte saki greidt fyre landsmøtet i NMU i 1998:

”Slik blir det når udemokratiske krefter med meir og mindre fast tilknyting til Rød Ungdom – ungdomsorganisasjonen til det politisk marginale AKP – får altfor stor ideologisk gjennomslagskraft. Og det er vel vanskeleg å tenkje seg noko som står fjernare frå dei radikale ideologiske tradisjonane i målrørsla enn autoritære og einsretta tankar.”


Olav Torheim, 20041208

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag