YMIST

Strilekrig mot Radøyna

Fyrstekonsulent på Namnekonsulenttenesta i Bergen,Kjell Erik Steinbru,kjem endå ein gong med eit stadnamneutspel i Strilen 8 november.Kjell Erik Steinbru, hev vorte intervjua fleire gonger av Strilen.29 mars i år tok han upp namnesaki um feste/festo,og kjem innum namnesaki umkring normeringi av sterke hokjønnsord i stadnamn i Nordhordland.

Skrifttradisjonane segjer at det skal heita anten vika eller viki,slær Steinbru fast.Lindås er den einaste kommunen som gjeng inn for å nytta i-form,segjer Steinbru.Han segjer ingenting um at nokon av kommunane hev gjenge imot å nytta i-endingar på kart,og han nemner slett ikkje at fyresegnene til Stadnamnlovi paragraf 2-3 opnar for å nytta regionale samformer av typen Knarvikjæ.Dei sterke hokjønnsendingane av typen vikjæ er eit sentralt målmerkje,eit serskilt kjennemerkje for Nordhordlandsmålet,i motsetnad m.a til målet i Sunnhordland.

So langt utspelet 29 mars. No 8 november stend det i strilen at det m.a. vil vera vanskeleg for tilreisande å forstå dei lokale namneformene.Det neste vert vel at folk ikkje kann forstå Nordhordlandsdialekten.Um nokon spør etter vegen til Radøy eller Marøy,so er det umoglegt å mistolka bygdefolki når dei svarar med å segja at du må køyra der og der for å koma til Marøynæ.Med Marøyna vil det verta minst tri namneformer i umlaup.Då må ein snart ha med seg ordlista for å finna fram.Det er Marøyna som er den uhøvelege formi.Formi skapar fleire problem enn ho løyser,og det vert ikkje fred med ei slik løysing.

Marøy eventuelt Marøynæ eller Marøyni med uttalen Marøynæ vil vera dei løysingane som vil fungera best.Det må beint ut vera fåkunna og likesæla som hev gjort at ingen av Nordhordlandskommunane utanum Lindås og Austrheim hev teke upp namnespursmålet til nærmare dryfting.Lindås Kommune vert yverkøyrd av namnekonsulenttenesta,og lat meg spørja um det er nokon i Radøy kommune som vil stå til andsvars for namneformer som Radøyna og Marøyna.Frå no av må vel kommunen i so tilfelle heita Radøyna kommune i strid med formi Radøy som er ei innarbeidd form i skrifleg samanheng.Me vil uppmoda Radøy Kommune til å taka upp att denne saki fyrr kommunen eventuelt skifter namn til Radøyna.

De hev rett til å krevja Radøynæ,og det hev dei andre kommunane òg.Um namnekonsulenttenesta ikkje hev upplyst um denne retten,er det beint fram eit offentlegt yvergrep.Dei grunngjevingane Steinbru kjem med når det gjeld normering av stadnamn held ikkje.Steinbru skal taka umsyn til fyresegnene,og dei opnar for former som Radøyæ,soframt kommunane sjølv ynskjer slike former. Det er elles verd å leggja merkje til at Austrheim kommune som etter det eg veit er ein av dei få,kanskje den einaste av kommunane i Nordhordland som hev a-ending,gjeng inn for æ i samsvar med fleirtalsmålet i Nordhordland.Korvidt dei hev vore merksam på fyresegnene veit eg ikkje,men dei er ikkje redde for å tala offentlege instansar midt i mot.Soleis bør denne kommunen vera eit fyredøme for dei andre.

Mange trur vel at målnormeringsspursmål er noko ein bør yverlata til statlege instansar og folk som hev greida på det,men i Noreg er det umoglegt.Her hev det vore ein kontinurleg pågang mot det nynorske målet.Målet skal stødt fornyast. Ingenting er bra nok.Innarbeidde salmar vert umskrivne so dei skal fylgja gjeldande rettskriving.Resultatet er at salmane vert umdikta til dei mest ikkje er råd å kjenna att. I utlandet set dei upp ei ordbok og ein grammatikk og dei dyrkar fram eit normalmål i offisielle tilknytingar.I utlandet brigdar dei mest aldri på målformer.Dei endrar stavereglar og anna smått slikt,men ikkje stort meir.I Noreg derimot skal ein setja inn sideformer og hovudformer og få den eine målformi inn og den andre ut.Av og til kjem for resten målformer som hadde gjenge ut inn att,men det kann taka 50-60 år fyrr sånt skjer t.d. med eit einskildeord som so som no er lovleg sideform til så.

Det offisielle og halvstatlege forlaget,Det Norske Samlaget,tek seg til rette og nyttar,so langt me veit,burtimot berre e-infinitiv i bøkene sine.Dei nektar å gjeva ut ordbøker/ordlistor med a-infinitiv.Ein fær mest ikkje statlege og offisielle skrifter med anna enn e-infinitiv,endå um folk som bur i umråde med a-infinitiv hev rett til å få nytta det.Det var nett same måten styresmaktene og Samlaget nytta då dei tok i-målet frå nordhordlandskommunane.På denne måten gjev folk frå seg den eine litlefingaren etter den andre.Det er på tide at folk byrjar å vakna og hevdar viktige sermerkje innanfor Nordhordlandsdialekten.

Det er ikkje nok å halda på dialekten.Ein må hevda dialektkjennemerki gjenom dei rettskrivingsprinsippi som Ivar Aasen bygde på.Ein må ikkje yverlata målnormering til språkplanleggjarar som skal konstruera seg fram til eit eller anna difust mål,les samnorsk.Språkplanleggjing mot difuse mål og med haltande grunngjevingar er berre eit dekkje for språkundertrykkjing.Målet er å audmjuka dei som forsvarar den nynorske skriftkulturen.Det finst ikkje nokon nynorsk berre dialektar og kaos.Då fær dialektane lågare status,og det same skjer med dei som brukar deim.Kvar kjem du frå kann nokon verta spurd um.Eg kjem frå Marøynæ,men det heiter Marøyna og eg heiter Marøy.Å, du meiner Marøen vil riksmålsbergensaren segja,og sjølv kann ein verta kalla Marøyen.Dessutan vil folk frå andre delar av Vestlandet umtala staden som Marøyno eller Marøynå.Det minst kontroversielle vil vera å halda fast ved Marøy,Radøy og Knarvik.

Prestisjemålet , bokmålet,trengjer seg fram i Nordhordlandsmålet.Dette er språkundertrykkjing. Det er ikkje akseptabelt at Nordhordlandsmålet ikkje fær syna meir att i offisiell skriftnormering.Folk må læra seg til å segja frå.Me må få ein strilekrig mot uppkonstruerte stadnamn og bokmålsmobbing frå offentlege språkplanleggjarar.Kva segjer de Osterøy og Radøy skal kommunane dykkar heita Radøyna og Osterøyna frå no av,eller vil de og dei andre kommunane taka upp kampen for folkemålsformene Osterøynæ og Radøynæ eventuelt Osterøyni og Radøyni.Det er de sjølve som avgjer dette.Ikkje Namnekonsulenttenesta.


Lars Bjarne Marøy, 20040620

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag