YMIST

Meir um diskrimineringi av strilamålet

15 oktober hev Johan V. Litleskare ein sjeldsynt velskrive og velgrunna kronikk i Strilen.Det er all mogeleg grunn til å reisa prinsipielle innvendingar mot stadnamnlovi.Det er ogso sterkt dialektdiskriminerande at striledialekten ikkje skal få rett til å nytta dialektformer i stadnamn,slik som andre målføregruppor fær.Eg skal freista å supplera Litleskare noko.

Litleskare peikar på at målføregruppor i Sogn og i Telemark fær i-former i pakt med lokal uttale.Men kulturstyret i Lindås fekk avslag då dei vilde ha i-former i stadnamn i kommunen jmf Strilen 6 august.Både i Telemark og Sogn er ein underlagt lærebøker med a-former,og a-formene vert nytta mest i skrift,avdi ingen fær upplæring i noko anna.Det er soleis ei kvalitetsvurdering av målføri som ligg til grunn.Strilemålet skil millom sterke og linne hokjønnsord,men det hev i praksis vorte fråteke retten til å markera dette i skriftmålet.Dimed må dei som er sett til å praktisera stadnamnlovi tolka strilemålet som eit målføre av ein ringare kvalitet enn i-målsmålføre,og skiljet millom sterke og linne hokjønnsord,som er eit viktugt regionalt sermerkje for strilemålet,skal gøymast vekk for ålmenta.

Eg ser ein klår parallell til den statlege målnormeringi av nynorsken i etterkrigstidi.Målføre som hadde eit skilje millom sterke og linne hokjønnsord skulde ikkje få rett til å få fram dette skiljet i skrift.Det hev ført til at m.a. journalistar i NRK ikkje tør å nytta dialektformer som boki eller bokjæ i friare talemålsbruk,og endå mindre i normert upplesing.Dette er nett den same undertrykkjingi av strilemålet og andre målføre som nordhordlandske stadnamneformer av sterke hokjønnsord med a-ending. Det finst rett nok sume undantak,men dei er fåe og sjeldhøyrde.På den norskdanske sida derimot hev dei gjeve ein god dag i den statlege normeringi,og resultatet er at felleskjønnbøygning og verbbøygningar på -et er vortne lovlege att.Og bergensk hev i dei aller fleste namneformer fenge -en ending i stadnamn.

Det er soleis grunn til å reisa seg til strid mot alt som kann hindra strilane i å få nytta målformer som er i samsvar med eit gjenomført prinsipp i strilemålet.Folkelege organisasjonar i Nordhordland bør reisa krav um ny stadnamnesak,og senda klagor til stadnamnkonsulenten.Um ein fær gjenomslag for i-ending,bør ein etter mitt syn vera nøgd med det,men må ein gjera eit kompromiss,er æ-former ei framifrå god løysing det òg.


Lars Bjarne Marøy, 20040623

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag