Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Fjordske og mørske m.m.

Av Trygve Orheim

”Fjordske og mørske”, kva er no det for noko? Ja, du kann so spyrja! Og her kjem svaret:

Uppal av unghest, hev vore fast skikk og bruk på gardane i Nordfjord i århundrad. Ikkje minst under krigen. Og ein dag i dei tider fekk vi på garden heime (Orheim i Stårheim) vitjing av ein god gamaldags hestehandlar.

Han hadde høyrt at vi hadde ei slik fin 2-års merr ståande. Og den var han storleg huga på å få tak i. Men nei, det var nok ikkje råd. Den var nemleg kjøpt som føl, for med tid og stunder å gå inn i rekkja av vyrdelege avlsmerrar på garden. Og då so ---. ”Ja-ja”, sa handelskaren: då får eg seie som han sa sunnmørsguten som vilde ha seg ei nordfjord-taus til kone --- og ikkje fekk det. ”Nå-ja, fær `kje ej mej ei fjordske, so fær ej mej ei mørske.” Og dermed gjekk han sin veg (og det gjorde hestehandlaren òg). Han hadde visseleg ei på lur, på heimlege kantar. So då var det berre å gå heimatt og låst som ingen ting. Men eg trur tausa som svarte nei, gjorde ein feil. Eg trur dette må ha vore ein kvalitets-kar. Truleg ein av same slag som Bjørnson hadde i tankane då han skreiv: ” Løft ditt hode du raske gutt.”--- Eller minner det meir um reven sin sans for å ha tvo utgangar? Ja-ja, so var no det.

Elles kjem ein av og til i tankar om den rolle dei gamle vandringsvegane millom Nordfjordeid og Sunnmøre hev havt gjenom ættledane. Ikkje minst den over Steinsvikeidet. Her hev mang ein fehandlar fare med sine drifter av storfe og hest. Og under krigen var då denne råsa reint ei velsigning. Varer det var knapt med på eine sida av fylkesgrensa kunde det vera overflod av på andre. Som til dømes frukt sunnanfor og industrivarer nordanfor. Og gangstigen langs Bauvatnet, fungerte då som den reinaste transitt-åre. Slik han hadde gjort både før og seinare, med si spesielle evne til å vera ei handsrekning millom sud og nord. Og kanskje ein artig liten sogestubb på kjøpet som til dømes denne: Bestefar min var ein gong nord i Dalsfjorden og kjøpte ein hest. Det leid på hausten og straks handelen var i orden, byrja han ykta på å koma seg på heimveg, so han ikkje skulde myrkna ute. So dimed var det berre å firra på og strama på grimetoget og byrja vandringa.

Men hesten var ikkje heilt ferdig til å gå enno, han. Han emna på å avlevera noko magefyll, før han for heimanfrå, ser du. Og det var ikkje kjøparen merksam på so med ein gong. Dimed stod gampen stødt på sine bein og byrja på sitt, han, sjølv om gubben drog i toget aldri so mykje. Men seljaren, trass i sin spaklynde dialekt, var han snøgt frampå: ”So lenge hesten he vore her på garda, he han i alle fall fått stade i fred når han he gjort ditta.” So her hadde hesten ein hevdvunnen rett. Det måtte kjøparen merka seg.

Under uppatt-byggjinga av Ålesund etter brannen fekk visseleg det klangfulle sunnmørske mål og mæle mykje godt selskap både her og der ifrå. Der var då nokon som hadde lagt merke til eit par karar, truleg kom dei frå ein by. Dei var innum eit hus og spurde um å få kjøpa mat. So vart det spursmål um kva slags mat dei vilde ha. ”Sviller og vafler” var svaret. Men kona i huset måtte nok gje eit anna svar, og det var. ”Nei dæ he ikkje oss, men --- oss he noke oss kallja heilljedrivara.” Kor vidt det vart mathandel av, veit ikkje eg.

Dette var eit døme på sunnmøringen si sterklynde haldning i samband med å måtta slå av ein prat med folk frå andre kantar av kongeriket. Og halda bomfast på sitt morsmål gjorde dei. Men merkeleg nok, det motsette kunde og henda, her er ein prøve av den kategori: Ein skreddar busett i ei av dei sunnmørske grendene og med målføre som der høyrde til; fekk ein dag vitjing av splint. Diverre vart det usemje og ein av tatterane drog kniv. Men då fekk han seg ein høveleg liten støkk. For skreddaren, kaldblodig som han var, vart snøgt situasjonens herre. ” Vogt Dem De”, sa han kjapt på perfekt bymål; og heldt fram den digre sprikande skreddar-saksa. Ferdafylgjet var kjappe å finna døra.

I fint haustvêr over dei indre nordfjordbygdene, var der ei gamal kona på ein gard som var tenkt seg avstad og raka lauv. Ho fann seg eit par tomsekker og ei rive og gjekk. Vel ut or tunet komi, trefte ho på ei bydame som var på ferie i bygda. Og ho spurde: ”Hva skal De gjøre nå da?” ”Å”, svarte gamlemora som skulde til skogs. ”Eg tenkte meg bort onde hasljane og rake meg noke pondebrøslje onde enj jysjlepøke vi ha ståande. Enj må ha nåke å puslje med nåe enj no går her likevel og tuslja.” Det var svaret --- skal tru bydama forstod seg på slik prat?

Og skulde det vera andre som til dømes lurar på kva ein jysljepøk er for noko. So er det ein stutekniv som er under uppgjøing.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!