Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Don Carlos på Dramaten

Av Lars Bjarne Marøy

Ein sjeldsynt gong hender det at interessa for soga og litteratur finn saman i teaterstykke eller i historiske romanar. Då eg høyrde at Kungliga dramatiska teatern skulde syna Don Carlos av Friedrich Schiller var det definitivt eit godt argument for å koma seg til Stockholm og på teateret. Det var ikkje vanskeleg å få billett. Salen var knappast fullsett.

Stykket tek handlingi si frå Spania på slutten av 1500-talet. Kong Fillip den andre av Spania herskar yver eit storrike som strekkjerseg heilt til Latin-Amerika. Det vert førd krigar i Europa og i serleg grad i Flandern. Kongen er hard og nådelaus, og i utanrikspolitikken greider Spania seg etter måten godt, trass i nokre tilbakesteg.

Det som derimot skapar tilfløkjingar er at Don Carlos er hugteken i stykmori si. Mori til Don Carlos døydde då han var liten. Don Carlos vert hugteken i ei kvinna som faren seinare gifter seg med, og her er det at ein finn kjernen i stykket.

Det heile tek til med at Don Carlos trur seg til ein gamal barndomsven som hev stor tillit hjå kongen. Han prøver å få til eit møte med stykmori der kjærleiken kann berrleggjast.

Og so er det heile i gong med brev og møte millom dei impliserte partane. Uppe i det heile vert dotteri til stykmori hugteken i Don Carlos. Det gjer ingenting lettare. Mistydingane fører til at barndomsvenen markisen av Posa døyr. Don Carlos vert yverlevert til inkvisionsleidaren.

Temaet kjenner me for so vidt frå fyrr. Det er ikkje vanskeleg å sjå parallellar til Kong Ødipus i den greske tragedien. Tanken um at ein son vil ha mor si til kjæraste eller fruva er knytt til teoriutviklingi innanfor psykolanalysen.

Skodespelarane greider seg rimeleg bra i rolle framføringane, men kostymane var ikkje serleg sudlandske. Når ein er ved det spanske hoffet ser ein fyre seg sterke fargar og personlege klede. Men kostymane er svart jakke og grå buksa. Det gjeld både for mennene og kvinnone. Det einaste undantaket er den litle dotteri til kong Fillip og drotning Elisabeth. Ho hev skiftande fargar i klesdrakten. Det er prisverdig at stykket vert sett upp. Hovudhandlingi er greid nok, men intrigespelet er ikkje alltid like lett å fylgja ned i minste detalj. Det er mogleg at skodespelarane kunde ha fenge meir ut av einskildscenor. Eg kjenner stykket for dårleg til å uttala meg heilt visst um det. Men eg tykkjer det er noko som manglar i sume av scenone.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!