Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Då Sverike vart styrt frå Tyrkia

Av Lars Bjarne Marøy

Kalabaliken i Bender
-Karl XII:s turkiska äventyr,
Peter From,
Historiska media, 2009,
200 sidor.

Peter From er ein spanande forfattar. From hev skrive ei rad bøker um Karl XII. Den seinaste handlar um Karl XII og kalabaliken i Bender.

From hev fenge godt skotsmål frå historikarar som Peter Englund og Dick Harrison, og det er ingen liten heider, so eg hadde høge ventnader til honom då eg tok til å lesa boki.

Boki er lettlesi og gjev oss eit godt bilete av kva det var som skjedde då Karl XII styrde Sverike frå Tyrkia. Karl XII møtte Peter den store i slaget ved Poltava som vart eit stort nederlag for svenskane. Det er her forteljingi til From startar. Han syner oss at svenskane no råka ut for ei forfylgjing frå russarane si sida som gjorde at kongen og heile den heren han hadde att laut flykta til dess at dei kunde koma seg yver til den tyrkiske sida av grensa.

Til lukka for svenskane makta nokre av dei å taka seg undan russarane og lura russarane med umsyn til kva veg dei tok. Det førde dei sistpå til byen Bender der dei vart verande i mange år. Tyrkarane tok godt imot svenskane i starten, og det vart halde mange rådleggjingar um svenskane og tilhøvet til russarane som gjekk heilt til høgaste hald, sultanen i Istanbul.

Karl XII hadde heile tidi eit stort vandemål. Han måtte greida å taka seg fram gjenom Europa utan at han kom i konflikt med Russland eller andre europeiske makter. Han hadde berre millom 1000 og 2000 mann att etter slaget og flukti frå Poltava, og russarane låg på lur um han skulde taka seg undan Bender.

Dette var i åri frå 1710 og frametter. Den spanske arvefylgjekrigen hadde bylgja att og fram. Krigar med dansknorske styrkar truga med å utsletta Sverike heimanfrå, der ein vanta soldatar og, som sagt, russarane var reiduge til nye åtak. Tyrkarane hadde brent mykje krut på felttoget mot Ungarn og var ikkje interesserte i å bjoda ut russarane eller andre europeiske stormakter utan god grunn.

Det beste provet på kor varsame tyrkarane var, ser ein i eit slag millom tyrkarane og russarane der tsar Peter vart fullstendig innesperra med soldatane sine, medan ein solid skare av tyrkarar kringsette deim. Det hadde vore ei smal sak for tyrkarane å utsletta heile heren og taka tsaren til fange. Men det vart ikkje gjort. I staden vart det snøgt sett fram fredstingingar som gav russarane langt betre kår enn dei hadde drøymt um.

Mange gonger freista Karl XII å pressa tyrkarane med å segja at svenske styrkar frå Sverike vilde koma tyrkarane til hjelp um tyrkarane berre vilde hjelpa til i eit nytt uppgjer med russarane. Karl XII krangla med riksstyringi i Sverike gong på gong, og det var vanskeleg å få til ei sams forståing. Det var lite resursar att i Sverike, og riksstyringi forstod lite av dei utbjodingane Karl XII stod andsynes i Bender, soleis gjekk det lang tid fyre svenskane fekk stelt upp styrkar til å kriga med på kontinentet. Og då det fyrst lukkast, var det ikkje nokor stor krigslukka med desse styrkane.

Høgdepunktet i denne boki er når tyrkarane vil driva svenskane ut or landet. Etter mange år med hektiske og brysame diplomatiske forviklingar, vil tyrkarane tvinga svenskane til å fara frå Tyrkia. Då set Karl XII seg kraftig til motverje. Fleirtalet av dei svenske soldatane gjev upp å kriga mot tyrkarane som er i stort yvertal. Kongen derimot var ein tverrlynd, uredd og brutal krigsmann. Då tyrkarane kom, forskansa han seg i palasset sitt. Saman med lojalistane sine heldt han stand i lang tid fyre tyrkarane til slutt svidde av huset. Då vart konga tvinga til å forlata det, og han vart fanga, men han møtte ikkje nokon låk lagnad.

Paschaen i Bender tok seg godt av han, trass i uppstanden. Det var tydelegt at tyrkarane trass i alt respekterte Karl XII som den krigsmannen han var. Til slutt vart Karl XII transportert vel heimatt til Sverike, der den store nordiske krigen heldt fram, og Karl XII møtte sin død i slaget ved Halden, som millom anna Anders Klakegg hev skildra ut frå ein norsk synsvinkel.

Boki gjev eit godt bilete av Karl XII og korleis han fòr fram i krigstilstand med den uredde haldningi si. Det er òg ei etter måten god plassering av hendingane her i høve til onnor europeisk soga. From er ein dugande formidlar som skjer undan alt som kann verka kompliserande.

Det er ingen tvil um at Sverike aldri vart det same etter Poltava-slaget og Karl XIIs upphald i Tyrkia. Skattetrykket og forsyningsproblematikken tok knekken på den svenske stormakti. Då svenskane på nyo kom i krig med russarane um Finland i 1809, var dei vortne mykje veikare og ute or stand til å stella upp med noko tungt og reellt motstand. Hadde det ikkje vore for at Sverike fekk fjerna den stormannsgalne kongen i 1809 og til slutt fekk den militært kompetente Karl Johan på truna, hadde dei nok kome til å slita storlegt med å koma godt ut or napoleonskrigane.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!