Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Deg vere ære, Händel!

Av Alex Kurbanov

For 250 år sidan, påskeaftan 1759, 74 år gamal, døydde Georg Friedrich Händel. Saman med sin jamnaldrande Johann Sebastian Bach var Händel ein av dei allerstørste representantane for den vesteuropeiske seinbarokken. Komponist, organist, cembalist, fiolinist, dirigent, han var fødd i den austtyske byen Halle på Saale, men hadde budd størsteparten av sitt liv i London. Händel hev komponert i alt meir enn 40 operaer, 23 oratorier, masse ymse verk for cembalo, orgel og andre instrument, kor og orkester, m.m. vesentleg store mengder kyrkjemusikk.

Slik skildrar den store franske forfattaren Romain Rolland siste livetidi åt den blinde og svært sjuke komponisten:

”…Han sköter ånyo orgeln vid de tolv oratoriekonserter han ger varje år vid påsktiden, och därmed fortsätter han till sin död. Men med synen har han förlorat den förnämsta källan till sin inspiration… Från 1752 till 1759 försjunker han alltmer i den dvala, som går före döden…

”Den 6 april 1759 spelade han ännu orgeln vid ett uppförande av Messias. Krafterna sveko honom mitt i ett stycke. Han fattade sig emellertid åter och improviserade, säges det, med sin vanliga storslagenhet. Hemkommen lade han sig till sängs. Den 11 april fogade han en ny paragraf till sitt testamente, vari han bestämde om den storslagna gåvan av tusen pund sterling till Sällskapet för understöd åt fattiga musiker och helt lugnt uttryckte sin önskan att bli begravd i Westminster Abbey. Han sade:

”Jag skulle vilja dö på Långfredagen, i hoppet att få komma till min gode Gud, min milde Herre och Frälsare, på Hans Uppståndelses dag”.

”Hans önskan gick i uppfyllelse. Påskaftonen den 14 april, klockan åtta på morgonen, insomnade Messias` sångare i sin Gud”.

Denne gripande soga røyver meg kvar gong når eg spelar Händel sin mest kjende – tykkjer eg – melodi, som er den ålment kjende påskesalmen “Deg være ære”. Eg tillét meg å ta på meg frekk tanke på at det er dei fleste av oss som assosierar Händel sitt namn fyrst og fremst med denne salma – og med Påska.

Det høyrast kanskje litt paradoksalt ut at handlingar av Händel sine religiøse oratorier er henta frå Det Gamle Testamentet, der han trulegt kjende seg ”i sitt rette element” - heilt i motsetnad til Bach som einast henta inspirasjon og kjeldor for oratoria, kyrkjekantatene og pasjonane sine frå Nytestamentet, - vel, den 19 år gamle Händel hev då komponert Johannes-Pasjonen i 1704...

Men korleis vart korfragmentet frå akt III i oratoriet Judas Maccabæus frå 1746 (som også kom seinare inn i oratoriet Josva) slik ein populær og kjær påsksalme i Noreg? Diktet som me alle kjenner, er ikkje frå Händel si tid, longt ifrå, det er sopass ”moderne”, frå 1947. Den upphavlege teksti til Händel sin librettist Thomas Morell byrjar slik:

See, the Conqu`ring Hero Comes, // Sound the Trumpets, Beat the Drums!

Han viser til den apokryfiske 1. Maccabæus-boki frå gamle testamenttidi. I rundt 1820 laga Johann Joachim Eschenburg (som nokre kjeldor tilskriv den mykji yngre samtidige Friedrich Heinrich Ranke) tysk advents- og jolesalmetekst Tochter Zion, freue dich! // Jauchze, laut, Jerusalem! - som framleis er bruka i den tyske lutherske kyrkja. Denne teksti fekk umsetjingar til svensk (Dotter Sion, fröjd dig!) av ein ukjend forfattar i slutten på 1880-talet og norsk (Zions datter, gled dig!) av Gustav Bøhn på ca. 1910-talet. Men i ca. 1760 enno, i so fall berre eitt år sidan Händel døydde, kom det ei onnor engelsk tekst, denne gongen med påskehått – Christ the Lord Is Risen Today! av Charles Wesley. 124 år seinare vart påsktemaet halda fram av den sveitsiske Edmond Louis Budry med hans tekst på fransk: Á Toi la gloire, O Ressuscité! // Á Toi la victoire, pour l`éternité! For det er denne teksti til Budry allereie på 1900-talet vart umsett til engelsk (Thine Be / Is The Glory, risen, conqu`ring Son, Richard B. Hoyle, 1923), norsk (Deg være ære, Herre over dødens makt, Arne Fjelberg, 1947) og svensk (Gud tillhör äran, Lars-Åke Lundberg og Anders Frostenson, 1977, Ge Jesus äran, frälsta mänsklighet, Bo Setterlind, 1978).

So kann ein konstatera det faktum at Händel sitt majestetiske tema frå Judas Maccabæus hev livd sitt eige ”suverene” liv som salme i ei rad europeiske land – både som advents,- jole- og serleg påskesalme – i mest tvo og eit halvt hundradår. Det inspirerte Ludwig van Beethoven å komponera tolv brilliante variasjonar for cello og klavér i 1796 og ikkje minst vår eigen Christian Cappelen - og han laga fantastiske Postludium over et Thema af HÄNDELS ”Judas Maccabæus” i 1893. Og endå eit hundreår etter kom Händel sin eigen marsj frå det same oratorium (som kjem der rett etter det namngjetne koret) på prent i den periodiske utgåva Permen i Cantando Musikkforlag, og slik vart det eitt av dei faste pre- og postludia til gudstenestebruk til salme 187 i Norsk Salmebok.

Og til slutt lyt ein taka fyre seg tvo ting. I 1789 hadde W.A. Mozart gjort ein uppmodande ting – umarbeidd heile Händel sin Messias. Eit lite temaelement frå fyrste akt av dette oratoriet, som berre var ein nedgåande durtetrakord, hadde ei stund seinare kveikt Dr. Lowell Mason å adaptera og arrangera den, faktisk å komponera ein ny melodi på joleteksta til Isaac Watts – Joy To The World. I Noreg kjenner me den som Gled deg, du jord, la mørket fly. Og denne melodien som vart ein like kjend og kjær jolesalme, er tilskriven sjølve Händel, etter det Mason fortel! So hev ein i allfall fått seg båe ”påske-Händel” og ”jole-Händel”.

Kort sagt – Händel leivna denne verdi for 2,5 hundradår sidan, men den geniale musikken hans livde, liver og skal liva ævelegt. Deg vere æra, Händel yver dødens makt!

Tusen store takkar til min gode ven og organistkollega Lars Gjerde for nokre viktige upplysingar – og endå fleire tankepunkt!

Kjeldor

Festmusikk for orgel. Hefte 6: Verker av Christian Cappelen. Cantando Musikkforlag, Stavanger 1999, s. 32 – 35.
Gjerde, Lars. Min salme // Menigheitsbladet, nr. 1, 2008, s. 4.
Rolland, Romain. Händel: Bemyndigad översätting av Hugo Hultenberg. P.A. Nordstedt & Söners Forlag, Stockholm 1919, s. 118 – 119.
Syng i Flokk: Firstemmige sanger for blandet kor med biografiske notiser om komponistene. Samlet og bearbeidet til bruk for lærerskoler, ungdomsskoler og sangforeninger av Gustav Bøhn. Norsk Musikforlag, Oslo u.å., s. 76 – 77.

Netkjeldor

International Music Score Library Project (IMSLP – www.imslp.org) – Händel, Beethoven
Wikipedia: Händel – Tochter Zion, freue dich – Dotter Sion, fröjda dig – Ge Jesus äran, frälsta mänlighet – Gud tillhör äran – Joy To The World.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!