Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Europa markerar 200 år sidan napoleonskrigane

Av Lars Bjarne Marøy

I fjor var det mykje fokus på at det er 200 år sidan me var i krig med Sverike. Både i Kongsvinger og ved Trangen i Solør hev det vore markeringar. I Bergen hev ein havt markeringar og rekonstruksjon av slaget ved Alvøen. I Sverike markerar ein at det er 200 år sidan utbrotet av den finske krigen, som svenskane kallar krigen. I fjor kom det minst 3 bøker i Danmark som tok fyre seg det britiske flåteranet frå Kjøpenhamn i 1807.

Same kvar ein reiser hen i Europa vil ein truleg på ein eller annan måte sjå verknadene av Napoleonskrigane. Den klassiske historieboki Palmer Courton talar um eit tilstand av heimskrig frå 1792 til 1815. I moderne skulepensum vert denne tidi kalla for det moderne gjenombrotet. Ein må undra seg yver kvifor det er so viktugt med denne ukjende verdskrigen? Dei fleste hev då høyrt um den fyrste og den andre heimskrigen, men Napoleonskrigane var nok um ikkje den fyrste so den nullte av desse.

Bakgrunnen finn ein i upplysningstidi. I 1776 proklamerte Sambandsstatane seg for sjølvstendige og slo fast tankegods som gjekk på folkesuverenitetsprinsippet og maktfordelingsprinsippet. Den amerikanske grunnlovi frå 1787 tufta på folkesuverenitetsprinsippet og tankane frå upplysningstidi dana upptakten til eit nytt syn på tilhøvet millom folk og styresmakter. Det kann vera grunn til å studera Napoleonskrigane nøgnare både ut frå eit amerikansk perspektiv og ut frå same perspektiv som ein studerar 1. og 2. verdskrigen på 1900-talet.

Medan ein fyre upplysningstidi hadde, som millom anna historikaren Tore Pryser hev lagt vinn på, vertikale tilhøve millom menneske, vart dei horisontale relasjonane snart meir framherskande. Det vil segja at medan folk fyre den amerikanske grunnlovi ikkje hadde handla ut frå at ein hadde sams interessor med andre i same stoda som ein sjølv, byrja ein å gjera det no. Fyre upplysningstidi såg bønder og arbeidarar på dei herskande i samfundet som ei gruppa for seg som ein måtte sjå upp til og vera lojal mot. Med upplysningstidstankane fekk folket rett til å gjera uppreist mot herskarar dersom dei var misnøgde med deim. Då vart det aktuelt å samla ulike lag av samfundet til masseprotestar og uppreistar og til slutt samfundsumveltningar.

I Sambandsstatane slo ein langt på veg berre fast det som i røyndi hadde vorte naturlegt, og amerikanarane var i stand til og viljuge til å lata dei store leidarane få forma ut framtidi til det nye landet yver tid, men i neste land som gjorde uppreist vart det langt blodigare og mykje meir umseggripande. Frankrike var eit kongedøme med lange tradisjonar og med mange mektige familiar kring seg som ikkje ynskte å missa dei mektige posisjonane dei hadde.

Den franske revolusjonen skulde strekkja seg yver mange år, og historikarane ser litt ulikt på kva tid han i røyndi tok slutt. Det er i alle fall uumtvistelegt at den prosessen som starta i 1789 nådde sitt endelege høgdepunkt i 1815. Den franske revolusjonen kann i eit sovore perspektiv skiftast inn i nokre hovudfasar. Den fyrste er den borgarlege revolusjonen og folkerørsla frå 1789 til 1792. Denne fasen var den rolegaste. Borgarane var dei leidande frå tridjestanden og tok kontrollen. Men revolusjonen kom fullstendig ut or kontroll i perioden frå 1792 til 1795. Denne fasen vert gjerne umtala som ein fase som var merkt av revolusjonsregjeringi og folkerørsla. I denne fasen vert det utførd masseavrettingar og dei mest ytleggåande kreftene attum revolusjonen tek makti. Perioden frametter frå 1795 til 1799 gjeng for å vera ein konsolideringsfase som vert umtala som den konstitusjonelle republikken. Han vert fylgd av fyrespelet til Napoleon si kryning av seg sjølv i 1804 og vert kalla for den despotiske republikken. Napoleon vart som dei fleste veit sitjande ved makti til 1814. Då vart han avsett, men kom attende ein stutt periode, so det vart ikkje halde endelegt fredsmøte fyre i 1815.

Upphavet til revolusjonen var pengevanskar ved hoffet. Det franske bu-slitet var eit resultat av det som mange statar sleit med på 1600- og 1700-talet, som var skortande inntekter til å føra krig. I andre land hadde dei sosiale skilji millom borgarar og adelsslekter vore mindre enn i Frankrike. Det gjorde at det var råd for kongane å skaffa seg nok inntekter til krigføring, men i Frankrike var dei sosiale skilji sers sterke og dei rike adelsfolki og dei geistelege hadde skattefritak. Frankrike og Storbritannia hadde vore beinharde rivalar i krig etter krig, og Storbritannia vann kampen um å kontrollera kolonistatane i Amerika i sjuårskrigen som tok slutt i 1763. Storbritannia vilde betala krigskostnader gjenom skattleggjing av amerikanarane, men amerikanarane neitta og kravde representasjon i det britisk parlamentet um dette skulde verta akseptabelt. Amerikanarane starta krig med britane, då britane stod på sitt med skatten, men neitta dei eigne målsmenner i det britiske parlamentet.

Franskmennene hemna seg med å alliera seg med amerikanarane som kravde sjølvstende frå britane. I 1776 vedtok USA deklarasjonen um sjølvstende. I 1778 gjorde amerikanarane og Frankrike avtalea um militært samarbeid. Fram til 1783 var utbrytarrepublikkane i krig med Storbritannia og henta god og avgjerande hjelp frå Frankrike. Det vart slutta fred i Paris i 1783. Paristraktaten millom Frankrike-Spania-USA og Storbritannia vart underskriven i Versailles. Storbritannia godtok amerikansk sjølvstende og sagde frå seg Tobago til Frankrike og Florida til Spania. Eit forfatningskonvent med George Washington i spissen utarbeidde ein konstitusjon for USA, den fyrste demokratiske forfatningi i verdi.

George Washington vart amerikansk president i 1789. I krinsen kring Washington vert det drege inn ei rad leidande personar som skulde verta sentrale i den amerikanske soga. Etter måten mange av dei vart seinare presidentar. Millom desse var Thomas Jefferson (president 1801-1809), John Adams (president 1797-1801) og James Madison ( president 1809-1817). Alexander Hammilton var leidande i utformingi av det amerikanske bankstellet. Han døydde seinare i ein sers illgjeten duell med den politiske rivalen Burr i New York.

Frå 1792 av tok Frankrike upp att krigføringi med umverdi, og USA vart utbode på avtala av 1778. Men George Washington konkluderte med at dei amerikanske interessone var best tente med at USA ikkje vart innblanda i ein krig. 70 prosent av all handelen til USA var med Storbritannia. Same kor edelt samarbeidet med Frankrike hadde vore, so talde dei handelspolitiske interessone imot. Jamvel dei tvo næste presidentane John Adams 1797 til 1801 og Thomas Jefferson 1801 til 1809 var kloke og hepne nok til å makta halda USA utanfor direkte krig med Frankrike eller Storbritannia, men det skulde halda hardt.

For å skyna tilhøvi millom USA og Europa, må me venda attende til Europa. Og her må me taka fyre oss nøgje kva som gjekk fyre seg i krigføringi millom dei europeiske maktene og Frankrike. Leidarane i dei europeiske landi fylgde natulegt nok nøgje med på kva som skjedde i Frankrike. Det var ikkje dagleg kost at kongen og dei herskande, dei geistlege og adelen vart avsette. Preussen og Austerrike gjekk saman mot Frankrike av di dei meinte revolusjonen hadde gjenge for langt. Austerrike leid nederlag og måtte resignera Austerikisk Nederland (det som er Belgia i dag). Det franske nasjonalkonventet avskipa i november monarkiet og utropa republikk. Konventet tilbyd hjelp til alle land som vil innføra republikk. Det vert sjølvsagt uppfatta som ein provokasjon mot alle dei hine europeiske landi.

I 1793 proklamera Frankrike krig mot Storbritannia og den nederlendske republikken. Den fyrste av tri komande alliansar mot Frankrike vert dana av den nederlendske republikken, Storbritannia, Preussen, Austerrike, Spania og Sardinia. Austerrike tek attende det austerrikiske Nederland.

Napoleon stod fram i slaget kring hamnebyen Toulon der han slo den fyrste alliansen i eit viktugt slag. I 1794 vann Frankrike slaget ved Fleurus. Alliansen måtte gjeva upp og Frankrike okkuperte Belgia. I 1796 var Napoleon leidar for den franske Italia-armeen. Han slo Austerrike i slag etter slag i Italia. Det hev vorte sagt at då krossfarar plundra Konstantinopel i 1204 tok dei med seg meir gull enn ved noko anna slag tidlegare i verdssoga. Dette gullet og det som var bysantinsk gull, kunst og so vidare vart for det meste samla i Venezia. Napoleon plundra byen hardt for å skaffa seg innkomor til ny krigføring. Likevel er Venezia framleis rekna for å vera den byen som hev mest att av bysantinsk gull og kunst.

Han leidde vidare eit felttog til Egypt, men laut gjeva upp i slagi med ottomanarane ved pyramidane og med Storbritannia i slaget ved Abukir-bukti. Då han kom attende til Frankrike i 1799 tok han makti gjenom eit kupp og fekk seinare gjenomslag for å verta fyrstekonsul gjenom ei folkerøysting.

Krigen mot den andre koalisjonen starta alt i 1798. Målet var å få franskmennene ut or Italia, men det lukkast ikkje og vart uppgjeve i 1801. Krigen mot den tridje koalisjonen vert rekna frå 1805 til 1807. Etter freden i Tilsit slutta Russland seg til den franske kontinentalblokaden av Europa.

Dei komande åri skulde verta merkte av ein handelskrig utan sidestykkje i verdssoga. Frankrike hindra britisk handel yver land. Storbritannia gjorde sitt fremste for å hindra handel på sjøen. Noreg vart lagt under fullstendig blokade. Fyrst miste me krigsflåten dinæst skreiv den danske kongen ut ei lov um kaperfart. Dette var ein vanleg måte å få utnytta skip på under ein krig. Det var i prinsippet ulovleg å frakta varor for motstandaren som no var Storbritannia, so handel med Storbritannia var utelukka. Handel med Frankrike vilde Storbritannia slå ned på, og det var knappast nøytrale land det let seg gjera å få driva handel med. Skipi kunde einast nyttast til å taka inn andre skip, sokalla prisar, som dreiv handel i strid med den tids forståing av kva som internasjonal rett under krig. Det var sett upp ein priserett i Kristiansand der ein kunde føra inn kapra skutor og få prøvt um dei var ein god prise eller ikkje. Kaperfarten starta på 1600-talet og vart fyrst avskipa som legalt verkemiddel under krig etter krimkrigen i 1856.

Ikkje nok med at utanlandshandelen låg nede og at norske sjøfolk som var ute til sjøs vart bura inne i britiske prisonar, britane blanda seg jamvel i nokre høve inn i sjøfarten innanlands. I slaget ved Alvøen kom britane heilt inn i den bergenske ”skjergarden”. Takk vere at framsynte krigsfolk hadde bygt kanonjollor, greidde bergensarane å slå attende eit britisk skip. Skipet vilde inn til Bergen hamn av di dei meinte det var eit nederlandsk skip som låg ulovleg ved kai og som kunde takast som priseskip. Det britiske skipet laut gjera vendereis, og etter denne episoden vart det lite eller ingenting av at britiske skip våga seg heilt inn i norske hamner. Men i 1812 tok britane seg inn til Tromsø hamn under det sokalla slaget ved pølsehamni.

Det største problemet for Noreg i nauds-åri 1808 og 1809 var skort på korn. Den råka folk hardt, og ein måtte tyda til alle slags alternativ. På Vestlandet og langs kysten hadde ein fisk, men i innlandet kunde ein vera verre stelt og matmangelen vart tung å bera for mange.

Martin Härstedt hev skrive bok um den finske krigen. Han med peikar på matforsyningar som viktuge i høve til krigen millom Russland og Sverike. Russarane hadde ein lettare forsyningssituasjon då dei tok seg fram til Sveaborg, den avgjerande festningi i høve til å kontrollera Finland. Svenskane hadde problem med islagde hamner og med å få fram nok mat og forsyningar til troppane sine.

Og til sjuande og siste var det mat og forsyningar elles som knekte Napoleon då han gjekk mot Russland. Felttoget skulde berre vera ei konsolidering av Napoleon si stilling som eineherskar i Europa, men so balla det heile på seg og fyre han visste av det, var han på veg inn i Russland. Då Napoleon godt og vel hadde teke Moskva, so kom han ikkje vidare. Tsaren hadde sett kriminelle til å svida av store luter av byen, og Napoleon kunde til slutt ikkje syta for armèen sin. Det var fulla ikkje meir mat att å henta, forsyningane kom til å taka slutt og heren laut snu og venda attende til Frankrike. Denne krafttappingi kunde ikkje vera anna enn undergravande for Napoleon.

Dei europeiske stormaktene hadde gong etter gong freista å slå Napoleon, men lautgjeva seg for skuld dårlegt samarbeid og samordning, men den britiske generalen Wellington var ingen mann som let seg stogga. Han var uppteken av presisjon og av hardt og grundig arbeid. Fram til 1812/1813 hadde han og dei britiske soldatane trengt seg fram gjenom Portugal og Spania og slege franskmennene attende på alle frontar. No var britane reiduge til å taka seg vidare inn mot Frankrike, og denne gongen fekk britane og Preussen til eit godt samarbeid.

Den preussiske generalen Blukker var yver 70 år, medan Wellington og Napoleon framleis var i 40-åri. Blukker vart hardt teken på av Napoleon, men gav seg ikkje. Napoleon trudde i dagane fyre slaget ved Waterloo at det skulde lukkast for honom å kløyva britane og prøysarane.

Preussarane kom seint, men godt til Waterloo. Saman med britane fekk dei endeleg slege Napoleon, og denne gongen vart han send so langt undan at det ikkje let seg gjera å taka seg upp att til Frankrike på nye eventyr, slik som han hadde gjort tidlegare. Dette var i 1814.

Det er altso fyrst når me kjem til at 2014 og 2015 at me er ferduge med alle 200-årsjubilèi etter Napoleonskrigane. Det er soleis grunn til å gleda seg for alle som interesserar seg for militærhistorie. Museumi i Europa kjem til å vera fulle av utstellingar frå krigane i mange år frametter.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!