Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Slaget ved Solskjel

Av Trygve Orheim

Solve klove. Siste hovding nord om Stadt,
som mot Harald Luva stridde.

Andre gongen,
Solve hærbudd Harald møtte:
Ved hans eine side: Arnvid, Sunnmørs-konge.
Ved den andre: Arnbjørn, over fjordane han rådde

Byrge skip,
med bundne stamnar,
Saman
til ein fredlaus flote.

Folket finner sine plassar.
Hærrop rullar,
Striden byrjar!

Villt ho velter
brynjers gråe masse,
fram gå
på daudens dag.

Slag eit retteleg slag!
Det brusar i dei unge menn
som her er med for fyrste gong.
Og dei eldre, med si røynsle,
høgg ned motmenn
mest som grankvist

Visst dei veit
at vegen aldri
går til Hel si hustrne hall,
om dei her sitt liv lyt late.

Slaget bylgjar,
Uvisst er det,
kven som siger fær i hamn.

Menner fell for kvasse stål,
i ein eim av blod og sveitte.

Men, so bykser brått or rausni
på sitt stamne-bundne skip,
Harald.
hovding for dei nye tankar.
Tenkt av møy
som truskap nekta
før han heile riket samlar.

Snøggt om bord i Arnvids skute,
som eit uver inn frå vester,
som ein brotsjø over tilje.
Vill som bundne bjørnen,
som brått rykkjer av sitt band.
Vesal vanleg viking vart,
imot villmann med sin manke.

Høgt han gaular,
høgg og stikk.
feller kongen over Møre.

Vel den ville hærmann visste
at hans eige sverd
i denne stund,
hans fylgje førte
fram til siger,
eller fall ---.

Fordane og Møres makter
misste sine styringsmenn,
i den harde hærmanns leik;
i det store slag ved Solskjel.

Solve flyr for andre gong,
i sin kamp mot kongen Harald.

Likt eit torever som tagnar,
sluttar slaget.
Siste piler small
mot halvdaud hærmanns brynje.

Raud var sjøen
kring om strender;
just ved Solskjel,
denne dag.

Ein gong
byrge bause skuter;
no av slaget hardhendt merkte.
Ut på havet sakte sigler –
der dei brende vert;
med si last av daude menner ---
som i samla fylgje for,
heim til Valhall.
Fallne hærmenns høge heimstad.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!