Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Fysisk aktivitet i dagsens samfund

Av Svanhild Hopsdal

Innleiding

Eg kjem i denne teksti til å dryfta utsegni:
”Fysisk aktivitet er det samme som forebyggende helsearbeid! God fysisk form legger liv til årene og år til livet! En aktiv livstil med tilstrekkelig med mosjon er det beste grunnlaget for god helse!”

Eg vil taka utgangspunkt i tvo artiklar i bladet Helsenytt. Eg tek fyre meg det rådande norske synet på fysisk aktivitet og tilhøvet vårt til friluftsliv, som er litt annleis enn det er i andre kulturar. Eg syner her med døme at det er ikkje alltid like lett for folk frå andre kulturar å forstå verdien av fysiske aktivitetar og vårt syn på desse.

Legg me til rettes for nok fysisk aktivitet i kvardagen?

Fysisk aktivitet er eit mgrep som spenner mykje vidare enn til organisert fysisk trening, som det millom anna gjeng fram or eit intervju som Gudrun Vinsrygg hev gjort for Helsenytt med Egil W. Martinsen under titelen «Fysisk aktivitet og psykisk helse». Intervjuet vart gjort i samband med at Martinsen hadde gjevi ut boki «Kropp og sinn» på Fagbokforlaget i 2004, og Martinsen fortel at «[i] denne boka definerer jeg fysisk aktivitet og trening som aktiviteter de fleste av oss lærer fra barnsben, slik som å gå, sykle, gå på ski og svømme. Det handler både om såkalt aerob trening eller kondisjonstrening for å styrke hjerte-lungekapasieten og øke kroppens surstoffopptak, styrketrening og trening av smidighet, koordinasjon og avspenning. Fysisk aktivitet er et paraplybegrep som dekker alle former for muskelarbeid, mens fysisk trening brukes om mer systematiske treningsopplegg der målet er glede, helse og rekreasjon – men begrepene brukes litt om hverandre».

Ut frå dette sitatet må ein slutta at fysisk aktivitet, fysisk fostring som det sumtid vert kalla, er noko som ein kan vera med og leggja til rettes for heilt frå fødselen av. Og i den norske kulturen hev det tradisjonelt vore ein høg grad av fysisk fostring. Det er naturleg for oss å driva med fysiske aktivitetar av ymist slag, og det ser ein serskilt um ein jamfører med andre kulturar som t.d den amerikanske der folk stoggar og spør um du vil hava skyss når dei ser nokon går langsvegen. Her i landet driv ein med fysiske aktivitetar frå barnsbein av - som babysymjing og turning.Når borni byrjar på skule fær dei tilbod um å vera med i idrottslaget, der dei kan driva med aktivitetar som handball, fotball eller basketball. Og same um dei er med der eller ikkje so er det gymnastikk på skulen, og det vert arrangert skidagar eller fjellturar. Mange skular sender dessutan elevane på leirskule der dei fær vera med på friluftslivaktivitetar i ei heil veka. Då eg gjekk på skule var det både skidag um vintaren og fjelltur um våren. I barneskulen var det jamvel skeisedag um vinteren. Utanum skuletid gjekk eg dessutan på symjetrening og handball. Og so sykla eg alle stader eg skulde, til butikken, skulen o.s.b. Men diverre er eg ikkje so trygg på um det er like mykje friluftsliv på skulane i dag som den gongen. Det er dessutan mange foreldre som gjer borni sine den bjørnetenesta det er å køyra ungane sine til alle slags aktivitetar, i staden for å lata dei få ta seg fram sjølve.

Etter det som vert fortalt i «Hvorfor mosjonere?», eit anna intervju som Eva Fosse hev gjort for Helsenytt med dr. med. Roald Bahr, so er det ikkje so mykje fysisk aktivitet som skal til for at ordtaket ”God fysisk form legger liv til årene og år til livet!” skal gå i uppfylling. Berre litt hagearbeid, rask gange, sykling, leik med borni eller liknande aktivitetar ein time um dagen kann vera nok. Å ikkje prioritera tid til trening kan etter det artikkelen fortel føra med seg problem med helsa - som yvervekt, diabetes og hjarte- og karsjukdomar. Dette er forståeleg nok dersom ein berre et usunn mat og ikkje tenkjer på at kaloriinntaket lyt svara til kaloriforbruket. I den nemnde Fosse-artikkelen vert Hippokrates sitert slik: "Mangel på aktivitet ødelegger ethvert menneskes gode form, mens bevegelse og metodisk fysisk aktivitet bevarer og forbedrer den". Dette vil i praksis segja at ein bør ha ei jamvekt millom inntak av mat og mosjon, og Fosse-artikkelen fortel vidare at ei undersøking som vart gjord millom nesten 2000 norske menn synte at risikoen for å døy av hjarte- og karsjukdomar var dobbelt so høg hjå personar som valde å sitja heime i sofakroken framfor å gå seg ein tur. Endå meir umfemnande studium gjorde i USA peikar mot dei same resultati.

Eit anna perspektiv som gjeld mest i høve til born er at dersom dei ikkje fær høve til å utfalda seg fysisk, so får dei ikkje så lett innpass hjå jamnaldringar: ”Derimot er det lettare å konstatere at barn med motoriske vansker også kan oppleve problemer i leiken og andre dagligdagse gjøremål hvor de ikke strekker til. Det er også sannsynlig at slike barn hemmes i utviklingen på andre områder en på det motoriske.” ( «I bevegelse», s 96).

At det krevst eit mimum av fysisk dugleik og tame for å fungera i kvardagen, millom oss vaksne med, er ikkje noko ein tenkjer so mykje yver, men sjølv hev eg serskilt sett dette når det kjem utanlandske Ph.d-studentar eller post.doc-arbeidstakarar frå India og Kina til Universitetet i Bergen – der dei fleste kjem frå den velståande yver- eller mellomklassen. Når dei hev arbeidt i sine eigne land, hev dei vorte køyrde ikring i bilar med eigen sjåfør, og dei hev jamvel fenge husleiga si svara av det universitetet som dei arbeider for. Men når dei kjem her til lands og til byen, vert dei plasserte på Fantoft der dei må sykla heile vegen til universitetet sjølve. Då kjem det godt med at dei kan sykla, slik som dei lærde det i heimlandet då dei var unge. Dei flest vert likevel nøgde med tilværet her - jamvel um dei lyt sykla til universitetet, eller kanskje nett difor? På Fantoft kan dei både få høve til å sykla til universitetet, slik mange andre norske studentar gjer, og dei hev tilgang til andre studentaktivitetar i nærmiljøet som basketballtrening i Fantofthallen.

Diverre kan det sjå ut som um nokre av me norske er byrja å gå burt ifrå tradisjonen vår med friluftsliv og andre fysiske aktivitetar, og det kan tenkjast at det er av di me tek etter den amerikanske kulturen -som gjeng ut på å sitja inne og sjå på fjernsyn. Og dette jamvel um det for lengst er godt dokumentert og ålment kjent at jamn fysisk aktivitet hev dokumentert helseeffekt på hjarte og karsjukdommar, høgt blodtrykk, tjukktarmskreft og diabetes – slik det til dømes vert nemnt i artikkelen «Hvorfor mosjonere?»

I sistnemnde artikkel vert det dessutan vist til det eg alt hev vore inne på – at me norske er heldigare stelte i høve til andre kulturar som t.d. den amerikanske, av di me som regel kan velja trappa i staden for å ta heisen. Idrottsrørsla i dette landet er dessutan open for alle aldersgrupper, og slik er det visst helder ikkje i Amerika.

Eg som er nordmann kan finna på å invitera dei utanlandske studentane med på bading på Nordnes Sjøbad og på fjellturar – og det tykkjer eg illustrerar litt av både mi eigi og nordmenn flest si haldning til friluftsliv. At dette kan vera svært uvandt for folk frå andre kulturar tenkjer me ikkje alltid so mykje på. Ein gong då eg spurde ei dama frå India um ho ville vera med til Nordnes Sjøbad, svara ho ”But I can not swim in the pool if boys are there to see me”, og eg såg at det ikkje var so lett for henne med alle desse fysiske aktivitetane som eg tilbaud henne frå tid til anna.

Nokre av dei som kjem hit kjenner truleg litt av det same som dei borni som vart omtala i sitatet som eg tok frå «I bevegelse»; at dei ikkje strekkjer til av di dei ikkje hev like god motoriske tame som oss som meiner me er fødde med ski på beini. Det siste må likevel ikkje tolkast som at utlendingar generelt ikkje er i fysisk aktivitet. Det er berre det at dei ofte ikkje hev kultur og tradisjon for den type «røffe» fysiske utbydingar som livet i Noreg representerar. I staden hev dei gjerne andre måtar å halda seg i aktivitet på - i India hev dei millom anna yoga. Det siste illustrerar likevel berre poenget i sitatet åt Egil Martinsen – at anten lyt ein ha eit miljø ikring seg som garanterar for eit minimum av fysisk aktivitet, eller so vert ein nøydd til å trena i staden.

Korleis kan barnehagen driva eit helsefremjande arbeid?

Slik som stoda er i dag so driv barnehagane eit helsefremjande arbeid med di dei tilbyd frukt og minst eitt brødmåltid til borna kvar dag. Nokre barnehagar tilbyd dessutan varm mat ein gong i veka. Dei fleste barnehagane i landet tilbyd borni å få koma ut og leika på uteleikeplassen kvar dag. Alle barnehagar hev dessutan retningslinor for inneklima, som at det skal vera god luftkvalitet inne. Eldre barnehagar hev installert ventilasjonsanlegg. Sjølvsagt er nok dei nye barnehagane betre på dette enn mange av dei gamle, men det hjelper kor som er ikkje um ikkje borna fær vera ute og leika i frisk luft, Helst bør dei få vera i skogen og leika. Der er det frisk luft og mange fysiske utfordringar med det at dei kan klatra i tre og gå i terrenget.

Dei fleste barnehagane hev dessutan turdag på timeplanen kvar veke. På desse turdagane gjeng dei turar i nærmiljøet eller i skogen. For å få meir helsefremjande turar kunde ein ha aktivitetar som er litt meir utfordrande enn slik som det er i dag. Borni gjeng til den same leirplassen og grillar pylsor. Og kva med å gå på ski til leirplassen eller gå til ein skeissehall og ha med salat og fiskekakor i sekken?

I «Retningslinjer for mat og måltider i barnehager» som vart gjeven ut i fjor haust, står det at forbruket av kjøt bør ned medan forbruket av fisk bør upp. Forbruket av grønsaker lyt upp, det med. Kva då med til dømes å ta ein plastpose med masse upphakka grønnsaker i og laga wok på turen? Det er desutan masse sunn mat ein kan laga når ein er ute i det fri, som nanbrød og fiskepinnar – gjerne med fruktsalat attåt. Men me hev diverre ein tendens til å avgrensa oss til pylsor i brød. Um ein vil ha svært helsefremjande mat, kan ein jo gå yver til å ha økologisk mat. Det er også mogeleg no.

Ein kunde dessutan havt meir leikeaktivitetar med fysiske utbydingar på turane, som å kliva i tre, balansera på tre, fjellklatring o.s.b, og ikkje berre frileik. Rulla ned ein bakke, dansa kring leirbålet, det er mykje kjekt ein kan finna på når ein er ute på tur.

Økologisk kaffi til dei tilsette og økologisk mjølk til borni er eit anna mogleg tiltak. Det hev millom anna Bortigard Barnehage i Bergen gjort. Slike tiltak burde vera fullt i tråd med råmeplanen, der det under punktet «Nærmiljø og samfunn» heiter at ein skal «[s]ørgje for at barna erfarer at vala og handlingane deira kan påverke situasjonen både for dei sjølve og andre. Og punktet 3.4 Natur, miljø og teknikk kor det står:I tale og handling fremje ei forståing for bærekraftig utvikling og velje litteratur og aktivitetar som fremjar ei slik forståing. (Rammeplanen 2006, s 42, 3.6).

I høve til at ein bør ha meir friluftslivrelaterte aktivitetar, for å kunna driva eit meir helsefremjande arbeid, kan ein syna til Rammeplanen der det står at ein skal «[få] gode erfaringar med friluftsliv og uteliv til ulike årstider».

Litteraturlista

Gudrun Vinsrygg, «Fysisk aktivitet og psykisk helse». Intervju med Egil W. Martinsen. http://www.helsenytt.no/artikler/aktiv_psyk_helse.htm
Eva Fosse, «Hvorfor mosjonere?». Intervju med dr. med. Roald Bahr. http://www.helsenytt.no/artikler/hvorfor_mosjonere.htm
Greta Langlo Jagtøien og Kolbjørn Hansen, «I bevegelse». Gyldendal Forlag, 2000.
Sosial- og helsedirektoratet, «Retningslinjer for mat og måltider i barnehager», 2007.
Kunnskapsdepartementet, «Rammeplan for innhaldet og oppgåvene til », 2006.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!