Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Sveitsarstilen i Noreg

Av Kenneth Kiplesund

Innleiding

I denne artikkelen vil eg fyrst gjera stutt greida for soga åt den byggjestilen som vert kalla sveitsarstilen. I neste bolk vil eg taka fyre meg karakteristiske drag ved denne stilen. So vil eg sjå på korleis desse prinsippi tek seg ut i praksis. Til sist vil eg dryfta kvifor sveitserstilen kunde verta so umtykt her i landet.

Historia

Sveitsarstilen kom til Noreg um lag 1840. Stilen kom frå Tyskland, og han som introduserte honom i Noreg var slottsarkitekt Linstow. Han fekk bygt Garden si vaktstove ved slottet i Oslo. Denne er i sveitsarstil. Stilen breidde seg snøgt ut yver landet, og vart ovlegt umtykt. "Ein kan seie det så sterkt at all nybygging og ombygging på slutten av 1800-talet var påverka av den nye stilretningen" (Sunnfjord Museum 2006). Dei fyrste sveitsarhusi var som oftast på landsbygdi. I byrjingi hadde dei ofte eit symmetrisk grunnplan, eit krossplan med veranda på midten. Med kvart vart dei som oftast asymmetriske. Til å byrja med var takvinkelen låg, men med kvart vart denne nokso mykje hevja.

Ein brukar å segja at stilen vart spreidd utyver i landet med jarnvegen. Grunnen til denne utsegni er at mange stasjonsbygningar vart bygde i sveitsarstil. Dette skjedde ofte med busetnaden kring stasjonen au. Me fekk ein "stasjonsby". Ein annan grunn til at stilen spreidde seg so mykje, hev med stor byggjeaktivitet kring um på bygdene å gjera. I 1821, 1857 og 1882 vart det mykje jordteig-utskifting. Dette førde til at nye gardar vart bygde på kvar sin teig. Dei nye våningshusi som vart eit resultat av dette, var ofte bygde i sveitsarstil.

Typiske trekk

Sveitserhusi høvde svært godt inn etter norske tilhøve, i motsetnad til det som hadde vore vanleg før, murhus. Murhus var ikkje naturlege i norskt hopeheng, det naturlege byggjetilfanget var tre. Sveitsarhuset hadde mange drag som var nye, med umsyn til korleis husi var bygde fyre denne stilen vart teken i bruk. Dette nye innebar ikkje berre ei stilendring, "men (…) nye prinsipper for materialbruk og en ny "estetistisk logikk" (…) "Når man bygde i tre, skulle man utnytte treets egenskaper, for eksempel ved at trekonstruksjonene ble gjort synlige og ikke dekket til, og at man utnyttet det dekorative mulighetene som fantes i selve treverket, blant annet panelet" (Indresøvde (red.) 2006: 53).

Noko nytt som sveitsarhuset kom med, var verandaen. Han vart ovlegt umtykt. Verandaene fekk ulike utformingar: Nokre av dei var ute i friluft, verna av eit tak. Her kunde ein nyta ettermiddagskaffien ute i soli. Andre var bygde inne, sumtid var desse verna av glas. Slik kunde ein gjera sumarsesongen lenger. Det var nokso vanleg å ha ein glasveranda som var vend mot hagen, med ein open terrasse i andre etasje. "Et viktig kjennetegn ved sveitserhuset er det fremskutte midtpartiet med en stor veranda overdekket av en dekorert galv" (Norges Eiendomsmeglerforbund 2006)

Ein høg grunnmur er eit anna sentralt drag ved sveitsarhuset. Den høge grunnmuren var tufti desse husa var bygde på. Slik kom huset høgare upp frå bakken, dette hindra råme og ròte. Ein høg grunnmur gjorde òg sitt til at ein fekk ein mykje større kjellar enn ein hadde havt tidlegare. Dette gjorde at ein fekk større plass enn fyrr til å lagra ting, t.d. blomeknollar og reidskap. I tidlegare husslag hadde det som regel vore låkt stell med kjellarar. Det var sopass sparsamt, at mange hus hadde det ein kan kalla krypekjellarar. Nedgangen til kjellaren finn ein som regel utvendes på huset. Denne løysingi gav betre plass inne.

Rutone på vindaugo var større enn dei hadde vore på tidlegare hus. Dette kom av industrialiseringi, det var mogleg å masseprodusera glasrutor. Krysspostvindauga var noko som kom med sveitserstilen. Denne typen gjorde det lettare å lufta på ein effektiv måte. Vindaugo var òg etter måten høge, og glasrutone var store. Dette gjorde at vindaugo sleppte inn mykje ljos. Det vart òg vanleg med farga glas i vindaugo. Kring 1905 kom krysslisting i bruk au. Slik sèt vart sveitserhusi sunnare å bu i enn husi hadde vore i tidlegare tider.

Noko som var viktugt for ein byggherre når han bygde eit sveitsarhus, var at han ikkje skulde dylgja kva materiale han hadde nytta: "Teglstein eller naturstein i grunnmurer og piper bør ikke dekkes til, men framtre med sin naturlige overflate" (Indresøvde (red.)2006: 55). Det som vart mest konsekvent gjennomført på hus bygde i sveitsarstil, er takutspringet. Dette skulde verna veggane. Slike store tak fører til at sperrone og åsane stikk seg ut. Det var eit mål at desse ikkje skulde dekkjast til.

"Pynting" av husi var òg eit viktugt punkt. Det viktugaste når det galdt dette, var at det skulde "understreke det konstruktive, for eksempel gjennom konsekvent utsmykking av utstikkende sperrer og bjelker, og gjennom avfasing av bjelker og stolper" (Indresøvde (red.) 2006: 56). Ein bruka ofte løvsag for å laga flotte utskjeringar på husi. Det vart lagt vinn på at dette utsmykkingsarbeidet kunde gjerast lett og rasjonelt, og med einfelde reidskapar: sentrumsbòr, stikksag og sjablongar.

Eit anna drag er den rike utformingi. Dette gjeld alle lekkar på huset: "vindusomramminger, bjelke-ender, takutspring, rekkverk og hvor man ellers kunne komme til med løvsagarbeider" (Indresøvde (red.) 2006: 20). Rundt krysspostvindaugo var det vanleg å leggja krysslistor. Utskjeringar var vanlege innmed gavlen på huset, rundt vindauga og på verandaen. Verandabordi hadde ofte flotte endeprofilar nedst på bordet.

Eit anna moment er bruken av panel. Her var det viktig at tåttane til treverket vart utnytta mest mogleg: "Sveitserstilens panel var spinkelt og glatthøvlet (…) Man brukte mest loddrett panel, ofte med en skjøt og vannbord i etasjeskillet. Man kunne også veksle mellom liggende og stående panel (…) Slik kunne man på en effektiv måte gjøre dekorativ bruk av industrielt produsert panel og listverk" (Indresøvde (red.) 2006: 56). Det var vanleg å bruka bord for å markera skiljet millom høgdene. Det var vanleg å nytta tannbord og/eller takk-kantlist til dette fyremålet. På sume hus kann ein jamvel sjå det som vert kalla vannbord, ein kombinasjon av ei profilert list og eit tannbord.

Når det gjeld dørene på sveitsarhusi, finn me fyrst og fremst kryssportdøri. Denne var vanleg både som dør innvendes i huset, og som ytterdør. Døri er gjerne kløyvd upp i det me kallar speglar, og som regel var den øvste spegelen av glas. Tidleg i sveitsertidi var det vanleg med det som vert kalla tvovengja (tofløyet) utgangsdør. Denne typen hadde ofte glas òg. Dersom eit hus hadde mange stovor i fyrste høgdi, og desse hadde tvovengja dører, kunde ein sjå gjenom heile huset når dei stod opne. Serleg i byane var det vanleg med utskjeringar i dørspegli. Dørene hadde sine serskilde dørvridarar. Dørvridarane var ofte pæreforma, og var som oftast produserte i massing. Sjølve grepet på vridarane kunde vera av t.d. tre og ibenholt.

Taket på eit sveitsarhus kunde vera forma etter typen "knebukk". Dette gav ein betre plass til å byggja loft. Takvinkelen på sveitsarhuset var brattare enn på tidlegare hus, 30-45 grader. Ein sopass bratt takvinkel gjorde at det ikkje var mogleg å dekkja taket med torv, slik det var vanleg tidlegare. Difor vart det vanleg å bruka ein ny type kledning, nemleg skifer.

Flestalle sveitsarhusi vart måla. "Panelet ble oftest malt i lyse, bleke okerfager, mens alle konstruktive ledd, som belisting og skiller mellom etasjene ble malt i mørkere farger. Utskjæringer i rekkverk, gavler og andre steder ble skilt ut og fremhevet i en mellomfarge. Da sinkhvitt kom i produskjon, ble mange eldre hus malt hvite, med kontrastfarger på listverk og dekor" (Brunborg m.fl. 2002). Det vart bruka tollegt sterke fargar for å få fram pynten og detaljane i huset: raudt og grønt eller blått og gult.

Samla sèt kan me altso segja at det som gjekk att i sveitserstilen, var "en konsekvent holdning til hensiktsmessighet, materialekthet og bruk av dekor" (Indresøvde (red.) 2006: 57).

Dalen Hotel

Lat oss no sjå på eit hus bygt i sveitsarstil, og sjå korleis det samsvarar med nokre av dei dragi som er nemnde ovanfyre.

Eg hev valt meg ut Dalen Hotel i Telemark. Dette hotellet vart bygt i 1894. I 1940 tok den tyske okkupasjonsmakti yver hotellet. I dei fem åri krigen varde, vart det ikkje gjort noko vedlikehald av hotellet. Dette førde til at hotellet stod til nedfalls då krigen var slutt. Det vart prøvt å starta upp att med hotelldrifti, men det lukkast ikkje. Til sist vart hotellet stengt. "Det vart antyda at det ville vera meir verdig å setje fyr på hotellet enn å la det rotne ned til skam for bygda" (Dalen Hotell 2006). Men bygget fekk stå, og sist på 1980-talet vart det vedteke å renovera hotellet att. I 1992 vart hotellet opna, "totalrenovert og med store visjonar. Restaureringa var så vellykka at hotellet i år 2002 fekk verneorganisasjonen Europa Nostras høgaste pris, sylvmedalje, for bevaring av hotellet som unikt kulturminne." (Dalen Hotell 2006)

Dalen Hotel er i stor grad bygt i sveitserstil. Men bygget hev ein del sereigne drag ved seg. Dette kjem seg av at hotellet er influert av ein annan stilart, drakestilen, som vara ca. 1880-1910. Denne stilen var ein freistnad på å norska upp sveitsarstilen, som sume meinte vart for utanlandsk og framand for Noreg. Dette ynskjet heng saman med nasjonalromantikken, som var sterkt framme i denne tidi.

Drakestilen hev nokre sentrale kjennemerke: Inspirert av gamle, norske laftetradisjonar hadde fleire drakestilbygg upanelte timberveggjer. Inspirasjon frå norske stavkyrkjor og vikingetid resulterte i dekor forma som m.a. drakehovud. Like eins som sveitsarstilen hev drakestilen høg grunnmur, usymmetrisk grunnplan og dekorasjonar på svalen og gavlen. "Konstruksjonen var en blanding av laft og staveteknikk". (Kunsthistoriewiki 2006). Me ser altso at det som framfor alt skil drakestilen frå sveitsarstilen, er dei norske innslagi.

I og med at Dalen Hotel hev fenge sylvmedalje, må me rekna med at umvølingi som vart gjord, var svært vellukka. Ho hev truleg greidt å taka vare på serdragi som upphavleg var på hotellet. Sveitsarstilen/drakestilen er i stor grad intakt.

Kvifor so umtykt?

Kvifor kunde denne byggjestilen verta so umtykt her i landet?

Ein viktug grunn kan vera at her fekk folk høve til å avgjera svært mykje sjølve um korleis dei vilde at husi deira skulde vera. Dette galdt serleg på den dekorative fronten. Her kunde folk gjera utskjeringar og dilikt so mykje dei berre makta. Dei fekk verkeleg bruka dei kreative evnone sine.

Sagbruk og høvleri vart industrialiserte på 1850-talet. Slik kunde masseproduserte tremateriale produserast. Spikar kom òg i masseproduksjon. Alt dette er svært viktuge "ingrediensar" i sveitsarstilen, og gjorde nok sitt til at han kunde breida seg sopass utyver landet som han gjorde. Det var dessutan økonomiske uppgangstider i landet, og difor hadde folk råd til å byggja mange slike hus i perioden 1850-1920.

Ein annan grunn til den store utbreidingi, var stor turisme. Stor pågang frå turistar førde til at ein trong mange hotell. Og mange av desse hotelli vart bygde i sveitsarstil/drakestil. Jarnvegen kom for fullt på denne tidi, han med, og det måtte byggjast jarnvegsstasjonar. Dei var òg jamt og samt i sveitsarstil. Folk var mykje på jarnvegsstasjonar, og slik fekk dei augo upp for dette nye. Den nye stilen vart kjapt adoptert. Folk som budde kring stasjonen bygde husi sine i sveitsarstil, dei med.

Noko anna som var med og "reklamerte" for sveitsarstilen, var avisor, magasin og tidsskrift. I desse publikasjonane var det mange bilæte av bygningar bygde i sveitsarstil, saman med mange rosande artiklar.

Denne stilen var ikkje berre for dei som hadde godt med pengar. Arbeidarklassen òg kasta seg yver det nye. Dette er ein grunn til at stilen finst yver alt i landet.

Ein annan grunn til at det vart reist so mange sveitsarhus, var fulla det at folketalet auka. sterkt . Når dette hender, må det byggjast nye hus.

Som me hev sèt, kom sveitsarstilen inn yver landet som ein uppatt-nyande vind. Det vart slutt på å byggja i stein. Det naturlege norske byggjematerialet, tre, kom til sin rett. Husi vart pryda med flotte utskjeringar. Nordmenner tok denne stilen til hjarta sitt, og det vart reist mange hus i sveitsarstil. Mange av desse stend enno i dag.

Kjelder

Brunborg, Ann-Christin (2002): Sveitser (ca.1850-1930),
http://home.no.net/annlena/sveitser.htm
Dalen Hotell (2006): Historie, http://www.dalenhotel.no/pages/historie.html, sist vitja 08.12.2006.
Gamletrehus.no (2004 ?): Sveitserhuset 1840 - 1920,
http://www.husnett.no/GTH_Sveitserhus.htm, sist vitja 12.02.2008.
Gunnarsjaa, Arne (2006): Norges arkitekturhistorie Oslo: Abstrakt Forlag
Indresøvde, Eivind (red.) (2006): Kompendium. Bustad og byggeskikk gjennom tidene Volda: Høgskulen i Volda
Kunsthitoriewiki (2006): Dragestil, http://www.kunsthistorie.com/wiki/index.php?title=Dragestil, sist vitja 08.12.2006.
Kunsthitoriewiki (2006): Sveitserstil, http://www.kunsthistorie.com/wiki/index.php?title=Sveitserstil
Norges Eiendomsmeglerforbund (2006) Sveitserstil og nasjonalromantikk,
http://www.nef.no/admin/filearchive_get.jsp/197/Sveitserstil%20og%20Nasjonalromantikk.pdf, sist vitja 08.12.2006.
Spangen, Amund (2006?) Landstedet - byggeskikken,
www.verdensarvenroros/leighgarden/927, sist vitja 08.12.2006.
Sunnfjord Museum (2006 ?): Husa i tunet, http://sognogfjordane.kulturnett.no/sunnfjordmuseum/byggeskikk/hus_og_tun_husa_i_tunet.htm, sist vitja 08.12.2006.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!