Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Ingen hev bruk for utvatna nynorsk

Av Olav Torheim

I det seinste hev Aftenposten teke inn ei rad kronikkar og lesarbrev frå folk som alle hev det sams at dei er tidlegare nynorskbrukarar som klagar yver at nynorsken er altfor ulik bokmål. Svarinnlegget nedanfor vart nekta innteke i avisa:

I kjølvatnet av forfattaren Brynjulf Jung Tjønn si konvertering frå nynorsk til bokmål freistar Anne Viken i eit innlegg frå 22. april å draga i gang eit nytt ordskifte um "den ubrukelege nynorsken". Hovudpunkti i argumentasjonen hennar er no som tidlegare at dagsens nynorsk er altfor inkonsekvent til at det er mogleg å nytta honom rett. Anbeheitelse-ordi til dømes, som det i år er ti år sidan Språkrådet sist gong diskuterte, er millom formene som det er uråd å vita kva tid ein kann nytta og ikkje. Og dette er praktiske problem som alle som nyttar nynorsk ser, men som "nynorskforkjemparane" ikkje er viljuge til å diskutera, meiner Viken.

Eg skal ikkje segja at innlegget hennar Viken er skivebom, men kanskje ho skulde ha justert siktet litt og dessutan sett til at det er rett skiva ho retter skytset mot? For "nynorskforkjemparane" er ingi einsarta gruppa.

På den eine sida finn me ein flokk som hev vore tilhengjarar av det dei kallar "talemålsnær nynorsk". Desse hev arbeidd for ein nynorsknormal med størst mogleg valfridom - og ikkje minst eit størst moglegt utval av bokmålsord - slik at kvar og ein kann setja seg ned og setja i hop den nynorsken som han sjølv tykkjer høver best med eige talemål. Den nynorsken me hev i dag er resultat av den målpolitikken som talemålsflokken hev slutta upp um.

På den andre sida finn me ein flokk som i årevis hev tala um problemi som den inkonsekvente nynorsken fører med seg, um bokmålsveldet i kvardagen og ikkje minst fråværet av ein klår og tydeleg nynorsknormal. Desse hev teke til ords for ein nynorsk som skil seg sopass skarpt frå bokmålet at ein slepp å sitja med ordlista og slå upp på kva slags bokmålsord som er lov å nytta og ikkje.

Um det er den fyrste flokken som Viken retter skytset mot, so skal eg vera samd med Viken i at desse kanskje ikkje ser problemet - eller rettare sagt, dei ser ikkje at det er den bokmålsutvatningi av nynorsken som dei sjølve hev studd upp um som hev skapt eit problem (ikkje minst gjeld dette Det Norske Samlaget som i alle år hev gjeve ut skulebøker med dei nynorskformene som til kvar tid ligg nærast upp mot bokmål). Men um det er den andre flokken Viken gjeng til felts mot, so må eg få lov å slå fast at me slett ikkje er usamde um at det finst eit reellt problem for nynorsken - derimot er me kanskje usamde um korleis me skal koma til kjernen i problemet?

For dersom problemet er at nynorsken er for uklår andsynes bokmålet, med di det er sume bokmålsformer som er lov å nytta og andre som ikkje er det, hev ein tvo alternativ. Det eine alternativet er å sleppa til stødt fleire bokmålsord, slik at flest mogleg kann kjenna seg sikre på at det ikkje er eit problem å nytta ein nynorsk som er full av bokmålspåverknad. Det andre alternativet er å gå hin vegen - kutta ut mest moglegt at det bokmålstilfanget som er i nynorsken i dag, og freista reindyrka nynorsken som eit sjølvstendig mål med eit klårt ideal og ein klår identitet.

Og gjer ein det siste, treng det ikkje verta verre å skriva god nynorsk under bokmålsveldet som det for den saks skuld er å skriva god engelsk eller god tysk utan bokmålspåverknad. For problemet med det fyrste alternativet er at ein ikkje løyser problematikken med grensedraging andsynes bokmålet, ein berre flytter honom. Og ein nynorsk der mest mogleg bokmål er lovleg vert til slutt so utydeleg og veik at den ultimate løysingi, der ein segjer at alt bokmålstilfang må verta lov, kjem til å pressa seg fram: til sjuande og sist kann nynorsken gjerast til ei samling med klammeformer innanfor den eksisterande bokmålsnormalen (so fær ein helder problemet med at nynorskfolk lyt slå upp i bokmålsordlista um kva slags "konservative" nynorskformer det er lov å nytta og ikkje).

Viken kjem naturlegt nok til å protestera på at dette er endemålet, men dei fundamentale problemi ho peikar på - og som ho meiner "nynorskforkjemparane" ikkje tek ålvorlegt - vert ikkje løyste fyre me er komne ned til dette nivået. Etter vårt syn er bokmålstilfanget i nynorsken soleides ein part av problemet, ikkje ein part av løysingi. Hadde den nynorsken som finst vore meir fylgjerett og einskapleg, vilde nynorskelevar flest verta meir enn nok eksponerte for nynorsk til at dei hadde greidd aa skriva nynorsk rett.

Å segja at det må vera fritt fram for å blanda nynorsk og bokmål um einannan av di det er so mykje bokmål ikring oss er å kapitulera for bokmålspresset. Vil Viken at nynorskbrukarane i framtidi skal få det valet at anten skriv dei eit korrekt og stilreint bokmål eller so må dei finna seg til rettes i ei vilkårleg blanding av bokmål og tidlegare nynorsk? Og kva med lærebokforlagi som heile tidi pressar på skuleelevane dei formene som til kvar tid ligg nærast upp til bokmål?

Dersom det til dømes er problematisk å vita kva slags anbeheitelse-ord som er lovlege å nytta og ikkje, so kutt heilt ut desse ordi då! Dyrk helder språket og gjer det rikare og betre! Skriv nynorsk so godt at det vert normdanande for andre!

Det krev ikkje ein gong den heilt store innsatsen å få til dette - det krev fyrst og fremst at nynorske skribentar og intellektuelle, på same måten som når dei skriv bokmål, startar med å ikkje lata vera å nytta eit godt norskt ord av di det ikkje er "dialektnært" eller "moderne" nok å nytta. Og det krev dessutan at ein hev vyrdnad for dei som hev lært seg eit godt språk. For dersom ein freistar skriva god nynorsk i dag, er fåren stor for at ein slett ikkje vert møtt med ovundring millom andre nynorskingar - men snarare med irritasjon yver kvifor ein skriv so "gamaldags" og "talemålsfjernt" og "unaturleg".

For dagsens nynorsk er litt av ein balansegang: ikkje berre skal ein lata vera skriva altfor gamaldags og talemålsfjernt, ein skal samstundes helder ikkje nytta andre bokmålsformer enn dei som slumpesamt er lagde inn i ordlista. Det segjer seg sjølv at dette vert for vandslegt for dei fleste, men som eg alt hev peika på so finst det meir enn èi mogleg løysing på problematikken. Vågar Viken og meiningsfrendane hennar å diskutera andre løysingar enn dei som berre gjeng ut på å byta til bokmål eller gjera nynorsken mest mogleg lik bokmål?


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!