Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Frostfull daudmetall frå Finland

Av Lars Moe

Immortal Souls,
"Wintereich",
Dark Balance, 2007.

Ei plata som eg ikkje hev høyrd vorti umtala på heavymetal.no eller nokon annan norsk musikknetstad er "Wintereich" frå 2007 - med det finske metalbandet Immortal Souls. Heng det i hop med at dei er eit kristenrockeband, tru? Sist gong eg høyrde um dei på norsk var i alle fall i det no nedlagde kristne musikkbladet Treff, og det må vera minst ti år sidan, trur eg. Kor som er, det er ingen grunn til å ignorera Immortal Souls for oss som er ein smule interesserte i hardrock. Bandet hev halde det gåande sidan tidlegt 90-tal og er berre vortne betre og betre. Gruppa er sumtid vorti skildra som "the best kept secret from the underground of the cold north".

Immortal Souls spelar skandinavisk daudmetall av det slaget som ofta er vorte umtala som Gøteborg-metal. Um namn som In Flames og At The Gates segjer deg noko, so er det der landet ligg. Men kanskje aller mest kann dei jamførast med eit anna finsk band, Children of Bodom.

Det er ingen dårlege melodiar på "Winterreich", berre meir eller mindre gode. Opningssporet "Nightfrost" er rett på sak - med brutalt gitararbeid, harske vokalar og dundrande blastbeats. Og slik held det fram i låt etter låt, kjapt og catchy, og alltid med èin eller fleire friske gitarsoloar. Temaet i tekstene deira er jamt og samt refleksjonar yver deira eigi kristentru, men der motivi er tekne frå den barske nordiske vinteren, som ein kann høyra frå titlar som "Nightfrost", "Frozen inside", "Icon of ice", "Heart of cold", "Winter of my discontent" og "Winterreich".

"Wintereich" er ei heilt topp plata for alle som tykkjer vel um melodiøs daudmetall. Likevel so skal eg ikkje segja at dette er ei serskilt original utgjeving, til det minnar materialet og tematikken litt for mykje um tidlegare utgjevingar frå ymse andre band som eg alt hev nemnt. Men når det er sagt so veit du kva du fær eg og kann lova deg at det fungerar bra. Med "Winterreich" hev Immortal Souls synt at dei meistrar daudmetallhandverket til fingerspissane, og hadde "Wintereich" kome ut for ti-femtan år sidan skulde eg ha gjeve deim terningkast seks. No vil eg helder nøgja meg med å konstatera at for dei som er interesserte i å høyra skandinavisk daudmetall med den gode gamle nittitalsljoden, so er det Immortal Souls som leverar varone nett no.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!