Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Trefall er burte

Av Lars Bjarne Marøy

Det er med sorg eg konstaterar at Harald Trefall er burte. Trefall vart 82 år. Han var ein svært sentral person i striden kring Vestmannalaget i åri 2000 til 2002. På tvo årsmøte var han ordstyrar, og han streva heilhuga for laget med ynskje um at det skulde koma til eit forlik millom dei tvo partane i striden, men sjølv tok han tyngste taki i ungdomsstyret som tok makti etter det umframme årsmøtet i 2000 og sat fram til 2001. Trefall var ein trugen varamann som møtte på kort varsel og hadde alltid sers god orden i sakspapiri. Rettferdssansen var sterk og nådelaus. Når nokon vilde fara fram med lureri, sa han definitivt frå um kva han meinte.

Millom dei som fekk merka dette var Sissel Anny Hjelmtveit og Leiv Flesland. Personleg var han den fyrste til å uttrykkja studnad til meg etter at Hjelmtveit hadde gjenomførd sitt feige kupp i 2000. Den studnaden varma meir enn alt anna, og eg kjem aldri til å gløyma dei gode ordi hans den gongen.

Som bergensar var ikkje fyrstevalet til Trefall nynorsk, men han kunde nytta godt nynorsk mål, um han vilde. Når dei vinstre-radikale i NMU og andre stader meinte at Trefall sverta målsaki, må ein segja med å venda ordi til ein av dei: Det er berre til å rista på hovudet av.

Trefall gjorde sitt ytste for å ikkje draga inn ålmennpolitikk i Vestmannalaget. Men då han ein gong fekk spursmålet frå Arild Håland, "Kva meiner du at du hev vunne med å skipa ditt eige politiske parti?", kom svaret kontant: “Eg hev vunne min eigen sjølv-respekt”.

Meir komisk var det då han på eit møte spurde Ludvig Jerdal: “Kvifor vilde du ha meg med i Vestmannalaget?” Jerdal svara: “Eg hev alltid lika deg. Eg vil ikkje kalla deg ein fargeklatt, men du er ein fargerik person.”

Det er ein talefør, intelligent og sterk person som hev fare frå oss. Minni etter honom kjem til å vera der.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!