Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Punkbandet Haggis slær til endå ein gong

Av Lars Moe

Det Stavanger-baserte punkbandet Haggis er ute med ny plata, “Nation of fools”. “Nation of fools” kjem ut på meksikanske BFF Records, og dette er det tridje plateselskapet som gruppa hev gjort kontrakt med.

Nett som tidlegare fær me servert ei blanding av brutal punk, rock og metal, og med tekster som sparkar i alle leider og med takk for sist til kritikarar av ymist slag, men det er kanskje vorte hakket meir melodiøst enn tidlegare? Eg tykkjer dessutan at dei hev fenge ein klårare og reinare produksjon, men utan at nerven i det tidlegare so rå og upolerte ljodbilætet er vorten burte med det, slik det so lett vert til. Attåt nytt materiale er det dessutan teke med nokre live-upptak frå ein konsert i USA, millom anna med den allsong-venlege “The vikings are coming”.

Haggis hev vore aktive i meir enn ti år no, men det var fyrst i 2003 at dei debuterte på eit belgisk plateselskap. Det festlege plateumslaget på debutplata “Stormtroopers of hate” var ei venetenesta frå den kjende teiknaren Kristoffer Nielsen.

Ottar Stangeland, som er frontfigur i Haggis, er eit kjent namn i Stavanger sitt musikkmiljø. Han er millom anna drivkraft i suksessfylde Stavanger Punkrockfestival som plar draga mange kjende namn til byen. Det vekte dessutan åtgaum at medlemene i Haggis freista få til konsert med det kontroversielle vikingrockebandet Ultima Thule.

Som ein kann sjå frå til dømes videoar på Youtube so hev Haggis vore flinke til å profilera seg sjølve med norske flagg og politisk ukorrekte tekstar, og dette hev sjølvsagt vekt reaksjonar frå personar og gruppor som hev skulda deim for både eine og hitt. Andre hev tolka det heile som rein humor. Sjølve segjer dei at dei er norske patriotar, og mest sannsynleg er dei nok nett det - men med ein god porsjon sjølvironi.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!