Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Nynorsk - eit mål i uppløysing

Av Tore Lund

Med "nynorsk" meiner eg ikkje det same som høgnorsk. Men eg meiner ei utgåva av norsk mål som tykkjer det er ein fyremun å knota etter bokmålet. Men eit språk som ter seg på dette viset, er eit språk på veg mot uppløysing.

Millom nynorsk-tilhengjarane, serleg ungdomen, møter me jamt slagordet: Snakk dialekt, skriv nynorsk! Ein skulde mest tru at dette slagordet er laga av nokon som vil nynorsken til livs. Eit mål som ingen talar og som einast eksisterar i skriftleg utgåva, er berre bokmål og gjeng sin visse daude i møte. Um lag som latinen i millomalderen.

Nei, snakk nynorsk og skriv nynorsk - eller betre: høgnorsk! Det er lov å snakka dialekten sin, må vita, men attåt denne må ein læra å snakka korrekt normaltalemål med. Slik er det i alle andre europeiske land, medrekna våre skandinaviske broderland. Der vert ikkje dialektbruk utan vidare godteken i offisielle høve som til dømes radio og fjerrsjå.

Dialektane, serleg slik ungdom flest i dag snakkar, er so infisert av bokmål at dei er lite sætande som norm for eit nynorsk skriftmål. Dessutan, kva for ein dialekt skal me leggja til grund? Sognamål eller bergensdialekt? Kva med dialektane i Finnmark jamført med Telemark? Og austlandsialektane vert meir og meir påverka av oslodialekten og er soleis på full fart yver til bokmålet.

Lat oss sjå på nokre døme. I vèrmeldingi både i radio og fjerrsjå høyrer eg stødt sokalla nynorsk-brukarar som snakkar um lavtrykk. Eg trudde det heitte lågtrykk på nynorsk, eg. Dersom det framleides eksisterar noko som heiter korrekt nynorsk, då.

"Anbeheitelse"-ordi er framleides ikkje heilt godtekne i nynorsk (men berre vent...). I bokmål hev me til dømes ordet uttalelse, som på nynorsk heiter fråsegn. Men mange nynorskfolk meiner visst at dette ordet er på sida av slik folk plar tala. Bokmålsordet uttalelse lyder meir folkelegt. Men for å sleppe -else hev nokon koma på ei god løysing: Tak berre burt heile endingi, so vert uttalelse til uttale! Genialt, kva? Men problemet er berre at på bokmål er ikkje uttale det same som uttalelse. Ein person kann gjerne koma med ein "uttalelse", jamvel um han hev dårleg uttala. Men på nynorsk skal altso denne språklege skilnaden viskast ut. Det er slikt som heiter språkleg utarming.

På nynorsk heitte det tidlegare millom anna kvefs, kvelp, kvervel, korkje. Men no tykkjer mange at det læt finare å segja som på bokmål: hveps, hvalp, hvirvel, hverken. Dessutan er det urimeleg å krevja at vilkårssetningar på nynorsk alltid skal byrja med konjunksjonen dersom. Nei, i namnet åt demokratiet må hvis med kunna nyttast, må vita.

Men her er eit problem, av di ingen vanlege nynorske ord byrjar med kombinasjonen hv. På nynorsk byrjar, som ein veit, desse ordi med kv. Men problemet let seg lett løysa: Me tek berre burt alle h'ane, og vips hev me både veps, valp, virvel, verken og viss. Men me kann då ikkje skriva same ordi ulikt på bokmål og nynorsk (kvifor ikkje, forresten?), og difor må den nye rettskrivingi gjenomførast for bokmålet med.

Men vert ikkje då viktuge meiningsskilnader viska ut? "For viss det vert slik, kan eg verken vera viss um dei snakkar um verken i hovudet mitt eller um noko anna." Og held denne tilskeivingi fram, kjem det kann henda ein dag til å heita at "det du viska i øyra mitt, det hev eg no viska ut på papiret". Til lukka heiter det framleides kviskra på nynorsk. So lenge det varar!

Til slutt: Kvifor i all verdi skriv ein på dagsens nynorsk ein leiar utan d? Det er ikkje noko argument at i nynorsk skal d'en til vanlegt ikkje uttalast millom tvo vokalar. Ordet kjem frå gamalnorskt å leiða. Og i dette åføret skil den nynorske ortografien seg frå bruken i andre germanske mål: Bokmål og dansk leder, svensk ledare, engelsk leader, tysk Leiter (i dette ordet er ein upphavleg d vorte til t).

Men på nynorsk skal det altso heita LEIA!


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!