Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Fyrste bandet av soga åt slaveriet - Part 2

Av Lars Bjarne Marøy

Målmannen presenterar andre bolken i bokmeldingi åt soga um slaveriet. Den fyrste bolken stod på prent i nr 5/07. Red.

Millomalderen

Slavehandel vert gjerne tilskrive antikken og ikkje millomalderen, men det vil ikkje segja at slavehandelen tok slutt under millomalderen. Heilt fram til seinantikken hev me godt med kjeldor på slavehandel og trulegt er husslavar mest utbreidde under yvergangen til millom-alderen. Det fyrste ein må merka seg med slavehandelen når ein gjeng frå å studera slavehaldel i antikken til å studera slavehaldet i den europeiske millomalderen, er at ein gjeng frå å ha slavar i eit stor imperium til å ha slavar i mindre konge- og hertugdøme. Kjeldone frå 400- og 500-talet ser heilt like ut med det som ein hadde fyre denne bolken, meiner Harrison.

Harrison meiner at det er meir uklårt korleis slavehaldet hev vorte organisert. Det er brest på upplysningar um produksjonstilhøvi. So lenge dei gamle antikke storgodsi vart ståande, meiner Harrison at det var heilt naturleg at ein heldt fram med slavehaldet som fyrr. Yvergangen frå slavesamfunn til feudalsamfund vert understreka av mange historikarar, serleg marxistane, men når gjekk denne yvergangen fyre seg? Det fyrste dømet på samfund med ein sentral hovudgard og ein periferi med rentebetalande bønder stammar frå 500-talet i Padua i Nord-Italia, men det er eit isolert tilfelle som berre kann leggjast til grunn for vage hypotesar. Deretter drygjer det tvo hundrad år fyre me fær meir informasjon.

Men på hi sida er det helder ikkje serleg mange kjeldor som borgar for at det fanst massar av slavar som arbeidde på storgods. Det finst derimot eit utal med kategoriar av jordbruksarbeidarar som ser ut til å ha vore halvfrie, frie, slavar eller heilt frie. Det gjer det vandsleg for ein notidig historikar å finna ut korleis slavesystemet kann ha fungert. Kjeldone er knytte til millom anna lovsamlingar og frankiske og galloromerske testament. Slavehald vart ikkje under noko umstende problematisert i dei kjeldone me hev. Det vart godteke.

Det finst tvo teoriar um kva tid det storskalige slavehaldet kann ha teke slutt. Den franske historikaren Marc Bloch meiner at slavehaldet kvarv som storfenomen på 700- 800-talet. Ein seinare fransk historikar, Georges Duby, meiner at slavehaldet vart verande ein grunnleggjande samfundsinstitusjon heilt fram til 1000-talet. Båe synspunkti byggjer på veike fundament. Kjeldetilfanget er som oftast avgrensa til visse regionar i Frankrike. Dersom ein derimot gjeng til England eller Italia, vert det lett å stella spursmål ved påstandi til dei franske historikarane. Dei fleste etterkrigshistorikarane hev studt upp um Dubys hypotese. Ekspertar på ufridom som hev teke standpunkt til dei tvo historikarane styd som regel Duby.

Harrison meiner at det er tri grunnar som fær honom til å tvila på båe teoriane:

1. Framfor alt er eit halvt millennium for lang tid til at me kann uttala oss lettløyselegt um tufti til heile økonomien. Harrison meiner at me må ha respekt for at det var eit mylder med gardar, landsbyar og byar som vart grunnlagde, utvikla seg og blømde på heile kontinentet på 500 år. Å generalisera yver heile dette tidsromet og kontinentet er uforsvarleg.

2. Det held ikkje med punktstudium av einskildlandsbyar og greivskap i Frankrike. Kjeldone er for fåe.

3. Det er mange variasjonar. Under antikken levde hus-, jordbruks-, administrasjons-, handverks-, og gruveslavar under heilt ulike vilkår. Juridiske og sosiale definisjonar kann skilja seg mykje. Jamvel um lovgjevarane vil putta frie og ufrie i ulike båsar, kann dei snøgt koma til å hamna i same bås i samtidi sin praksis. Ufridom hev vorte eit viktig og negativt umgrep i dag. Det er ikkje visst at det var uppfatta sameleis for 1000 år sidan.

Problemet med termen servus

Harrison understrikar endå ein gong at ein må vera varsam med å freista å tolka termar slik dei vart nytta i eldre tider. Han viser til hamburghistorikaren Hans-Werner Goetz som hev gjenge gjenom ei mengd kjeldor frå 700- og 800-talet. Gjenom ein noggrand analyse viser han at det fanst ufrie bønder i det frankiske imperiet, men at dei er vandslege å plassera etter det gamle romerske systemet. Fridom og ufridom kunde skilja seg mykje frå det me i dag uppfattar som fridom og ufridom. Goetz set derimot upp ei trideling av korleis ein servus skulde kunna uppfattast etter den juridiske skipnaden, det sosiale systemet og den økonomiske funksjonen på godset.

Juridisk sett var ein karolingsk servus eit ufritt menneske. Han høyrde til herren sin og vart sett på som noko heilt anna enn ein fri mann. Lovene reflekterte derimot eit eldre samfundssystem. Dei hadde kome til langt tidlegare og vart førde vidare endå samfundet endra seg.

Sosialt sèt definera ein ikkje servus som ein ufri, men berre som ein som var i ei underordna stoda andsynes godseigaren. Dimed kom termen servi i mange kjeldor til prinsipielt å vera meint for alle arbeidande menneske på eit gods, juridisk frie som ufrie.

Når det gjeld den økonomiske funksjonen meiner Goetz at jamt fleire servi under den karolingiske tidi gjekk yver frå å ha vore botne til godset i seg sjølv til å verta underordna brukarar på eigne jordvald.

Den sosiale mobiliteten gjekk båe vegar. Sume servi avanserte til å verta juridisk frie, medan andre frie vart tvinga til å gjera meir og meir arbeid på godset.

Venedig og Genova var mektige statar frå kring 1100-talet og framyver. Desse statane hadde so store inntekter grunna umsetnaden av luksusvaror at dei kunde føra krig mot einannan med innleigde herar. Venedig kann sjå ut til å ha vore leidande når det gjeld slavehandelen. Kor som er vart det ført slavar frå Balkan. Det finst det kjeldor på frå millom anna 1281. På heile 1300-talet var Bosnia merkt av veike leidarar. Landet vart rekna som eit legitimt mål av di det fanst kjettarar og avvikarar frå den sanne kristne trui der, difor var det ikkje syndig for katolikkane å føra krig der. Då tyrkarane kom inn på Balkan, tok slavehandelen der slutt. Det vart for risikabelt å føra slaveraid der då.

I mange høve vart det drive samarbeid millom ulike slags interessentar um slavehandelen. Det var ei stor investering å skaffa seg slavar og ikkje lett å skipa til trygg forvaring og transport av slavane. Sumtid når eg les Harrison fær eg tokken av at det italienske slavehaldet må ha vore umfemnande. Andre gonger let det til å vera heilt uviktig. I desse bolkane kunde han tviklaust ha skore gjenom og sagt klårare frå um kva som var den røynlege stoda etter hans syn. Han er ikkje god å verta klok på her.

Islam og slavehandelen

Islam var frå starten av ein ekspanderande religion som vann fram med våpenmakt. Ein kann tenkja seg mektige slavar millom slavane i Europa i antikken og millomalderen, men dei kjem ikkje upp mot dei slavane som skulde stå fram i Egypt på 1200-talet. Mamelukslavane greip makti og innførde militærstyre i Egypt. Harrison meiner at det var muslimane som fann upp mamelukane eller slavesoldatane. Ei nyskaping som ikkje hadde funnest fyre islam.

Det grunnleggjande som òg fekk fylgjor for slavehaldet er det at islam ikkje skilde millom det åndelege og det verdslege liv. Både samvitet åt einskildmennesket og styreskikken i samfundet gjekk innunder islam og sharia-lovgjevingi. Sharia, som tyder vegen til vassholet, hadde lite sams med det lovstellet som kom upp i Europa og den kristne verdi i millomalderen. Shariaen er æveleg og ubrigdeleg. Det shariaen sa um slavar og slavehald galdt i alle muslimske land under den europeiske millomaldaren.

Innanfor islam ser ein på slavehaldet som ein skipnad som er innsett av Allah. Ein skil millom frie menneske som er slavar under Allah og ufrie som er under både menneske og Allah. Det er Allah som avgjer um menneske skal vera frie eller ufrie. Det er dessutan tvo andre grunnfyresetnader for slavehaldet som lærde islamistar hev arbeidt med å tolka:

1. Alle menneske bør i røyndi vera frie. Fridomen er naturtilstandet. Det er Allah som hev gjort skilnaden millom dei ufrie og dei frie. Men det er ein annan skilnad med, den millom dei rettruande og dei som ikkje er rettruande.

2. Ein sann muslim kann berre gjera dei vantrue til slavar, dei som er ikkje-muslimar og som hev nekta å godtaka muslimsk yverherredøme. Med det meiner ein at dei korkje hev vorte muslimar eller hev svara jizya eller den sokalla dhimmiskatten. Desse menneski er fiendslege vantrue og kann heilt lovleg kjempast ned og gjerast til slavar innanfor råma åt Jihad.

Men dette er i teorien, ikkje i det tilskitna praktiske livet. Eit fleirtal av dei tallause slaveproduserande krigane og slaveraidi som hev vorte gjenomførde i den muslimske verdi hev ikkje havt status av Jihad. Det finst ei rad døme på muslimar som hev vorte gjorde til slavar av andre muslimar. Serleg i dei siste hundreåri i Afrika hev dette vore vanleg.

Etter shariaen er det like fullt heilt klårt at ei kvinna eller ein mann som vert fødd som muslim ikkje kann verta slave under andre muslimar. Islam gjev fridom til og med ved fødselen. I andre kulturar arvar born av slavar statusen som slavar, men ikkje i islam. I praksis kann ein utanlandsk slave gå vyer til islam inngå ekteskap og få born som vert frie. Um ei slavinna fær born med ein muslim vert barnet fritt, og det fær arverett etter faren, for shariaen gjer ikkje skilnad på legitime og ikkje-legitime born. Men når det ikkje kann vera tale um ein arveleg slavestatus, er ein nøydd til å stødt importera nye slavar.

Det er dette som serleg vert interessant å studera i høve til uppbyggjingi av mamelukstyret i Egypt. Innanfor dette styresettet var alle dei leidande i byråkratiet og på toppen av samfundet rekrutterte som slavesoldatar. Slavesoldatane vart plukka ut i ung alder og førde til Egypt der dei vart sette i trening frå unge år og fram til dei kunde brukast som soldatar. Dei kom frå Kaukasus og dei vidstrekte landi nord for svartehavet. Sjølve systemet bygde på eit meritokratisk prinsipp. Dei soldatane som utmerkte seg kunde rykkja uppetter i systemet og til slutt jamvel verta storherskar. Sjølve hoffet kring storherskaren vart bytt ut med herskaren sjølv. Ein ottast for at dei soldatane som hadde tent ein herskar ikkje vilde vera lojale mot den neste herskaren.

Mamelukane si soga tok til i Irak midt i sentrum av det abbasidiske kalifatet. Mamelukinstitusjonen byrja med kvart å slå rot og vart grunnlagd i Spania og Afghanistan. Under dei næraste hundradåri vart institusjonen meir og meir utbygd og ein stor part av dei muslimske valdi (territoria) vart styrde av slavesoldatar. Alle herskarane vart tvinga til å måta seg etter intitusjonen sine krav. Skulde ein kunna tevla med grannelandi, laut ein ha like gode og dugande soldatar som deim.

Slavesoldatane fanst yveralt. Me kjenner systemet ikkje berre frå Egypt, men òg seinare i ei litt onnor form innanfor det osmanske imperiet - som Harrison truleg kjem attende til i seinare band, her sluttar han kring 1500.

I andre bandet er han berre so vidt innum det osmanske riket. Han peikar på at osmanarane gjorde sine eigne innbyggjarar til soldatslavar og spara store innkjøpskostnader, jamført med det mamelukane i Egypt laut ut med. Men mange peika på at shariaen ikkje tillet at kristne innbyggjarar som svara dhimmiskatten likevel vart gjorde til slavar. Det var i strid med shariaen, men teori og praksis var ikkje samanfallande i dette høvet.

Slavehandelen og Afrika

Me hev tidlegare sèt på korleis historikarane hev freista forklåra korleis slavehandelen kom upp i Afrika. Karavanehandelen yver Sahara var livsfårleg. Torste, heite, sol og svolt var alle faktorar som måtte meistrast, um ein skulde koma seg vel fram. I regelen var slavehandlarane sud for Sahara der um vetteren og tok seg nordetter i april eller mai. Um sumaren var dei i Nord-Afrika og selde varone sine og gjorde nye innkaup. I september eller oktober reiste dei sudetter att. Målet deira var å halda seg burte frå ørkenen under den kalde vetteren og den ov-varme sumaren. Attåt varone vart det frakta slavar. Nokre slavar kom til byane i Nord-Afrika, andre vart sende yver Midhavet. Det var serleg kvinnelege slavar som vart sende til Europa. Det tyder på at dei svarte kvinnone var attraktive i kjøkenet - og i sengi - hjå europearane.

Kjeldone til afrikansk soga er fåe og hev kome seint fram i dagen. Det gjer at det er vandsleg å få eit godt bilete av kva som hev gjenge fyre seg. I hovudsak er det dessutan berbarar og arabiske muslimar som gjev oss innsyn i den slavehandelen som gjekk fyre seg i Afrika.

Det fleste vil assosisiera svart hudfarge med slavar i dag. Kvifor?, spyrr Harrison. Slavehandelen hev vore verdsumspennande heilt frå forntidi. Harrison meiner at det er sogeløysa og amerikansk kulturpåverknad som hev ført til at me assosierar slavar med myrk hudfarge. Men det finst ei årsak til: Det er at slavehandelen hev vore større i Afrika enn i andre heimslutar.

Det er mykje som er uvisst um slavehandelen i Afrika. Det som hev skaffa oss kunnskapar um slavehandelen er påverknaden frå islam. Hadde det ikkje vore for honom, hadde me truleg visst lite eller inkjevetta um beltet sud for Sahara. Utan at det hadde vore ein so stor etterspurnad etter slavinnor i arabarverdi, og utan at berbarane hadde sett i gong store karavanar, vert uppsvinget av slaveraid og heile slaveøkonomien vandsleg å forklåra. Afrika hadde fyresetnader for å verta viktig innanfor slavehandelen, men då trongst det maktrelasjonar og handelsnettverk for å gjera fyresetnadene til røynleg handel. Når stormenner skaffa fram krigsmaskinor med tusundtals væpna hestemenner, såg slavehandelen millom Niger og Tchad-sjøen dagsens ljos. For tidi fram til umlag 1500 og 1600-talet reknar forskarane med at slavehandelen i Afrika kann ha femna um so mange som uppmot 10 millionar slavar, men tali er sers uvisse.

Avslutning

Harrison gjer grundig greida for nokre av slavehandelsvegane, men er so pass detaljert at det vert vandsleg å få fram nokon hovudessens av funni hans utyver det eg alt hev peika på. Når det gjeld Asia og Osceania er det sers mykje interessant tilfang, der med, men emnet er ikkje nåme nær utforska godt nok enno. Med det søkjande huglaget sitt, gjev Harrison oss alltid lyst til å læra meir, men sume tider skulde eg ynskja at han kunde samanfatta stoffet sitt betre. Han verkar nær sagt allergisk mot modellar og strukturar som kann gjeva oss yversyn og hjelpa oss til å skipa soga inn i periodar og meiningsfulle samanhengar. Han avgrensar seg for det meste til å leggja fram kva andre historikarar hev sagt og so vil han straks driva det litteraturforskarane kallar for dekonstruksjon av dei skipingsmåtane som historikarane hev lagt fram. Det finst ikkje nokor nøytral soga, og det er ingen som trur at Harrison er nøytral, jamvel um han gjer gode freistnader på å stella spursmål ved det meste.

Den fyrre boki eg melde for Målmannen, “Förrâdaren, skökan och sjãlvmordaren”, var langt meir velskipa og lettare å samanfatta. Når det gjeld Slavehandets historia, so er det det å segja at dette er fyrste bandet, og samanhengane og strukturane i framstellingi kjem kann henda til å syna seg fullklårt når ein hev lese det tridje og siste bandet i soga. Det er kor som er eit stort og spanande prosjekt Harrison hev sett i gong. Han hev alltid noko nytt på lager, og eg hev venta i spaning på kva som kjem frå han heilt frå eg vart kjend med honom for fyrste gongen i 2002.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!