Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Dei forsvara Pol Pot

Av Olav Torheim

Peter Frøberg Idling:
Pol Pots leende,
Bokforlaget Atlas,
2006.

Den tolvte august 1978 reiste ein svensk delegasjon, med den kjende skribenten Jan Myrdal i spissen, til Pol Pot sitt Demokratisk Kampuchea. Til liks med eit fåtals andre utlendingar hadde dei fenge lov til å sleppa inn i det stengde landet, landet med den mest radikale kommunistiske revolusjonen som verdi hadde sett. Når dei kjem heim, er dei fulle av lovord um det kambodsjanske regimet, som dei meiner er eit fyredøme for andre land.

Snaudt eit halvt år seinare kjem det fram at nærare tvo millionar menneske, fjordeparten av folkesetnaden, er vortne avretta eller hev døytt av slavearbeid, svolt og sjukdomar, under Pol Pot sine drjuge tri år og eit halvt år med makti.

Peter Frøberg Idling er fødd i 1972, og han voks sjølv upp i ein huslyd der foreldri var aktive kommunistar og Kamputchea-aktivistar. Eitt av dei fyrste barndomsminni hans er at han vart køyrd ikring i sportsvogni si, tri år gamal, og høyrde foreldri ropa slagord i ein demonstrasjon mot Henry Kissinger og USA sin politikk i Sudaust-Asia. I den same demonstrasjonen var det appell frå ein talsmann for det kambodsjanske regimet, ein mann som sjølv vart avretta av regimet då han stutt tid etter reiste attende til heimlandet sitt.

Det Idling freistar finna ut er korleides velutdana svenskar, spesialiserte på Sudaust-Asia, kunde reisa gjenom eitt av dei mest umfemnande massemordi i moderne historie utan å sjå noko av det. I jakti på svar hev Idling søkt upp dei svenskane som var med på den nemnde reisa, og det syner seg at dei i dag hev sers ulike syn på det som hende.

Kva segjer dei til sitt forsvar?

Idling hev skrive brev til Jan Myrdal, reiseleidaren, og bede honom um eit intervju um saki, men Myrdal svarar at han hev skrive so mykje um saki tidlegare at han ikkje hev noko å leggja til. Som til dømes artiklar der ofri for Pol Pot-regimet vert jamførde med franske kollaboratørar som vart likviderte på gata etter frigjeringi i 1944. Når Idling svarar at han hev lese alt det Myrdal hev skrive um saki, og framleis hev spursmål som han vil ha svar på, høyrer han ikkje noko meir um saki.

Dei hine som var med på reisa er derimot meir velviljuge, og kring helvti av dei segjer seg viljuge til å vera med på eit intervju. Det er i dag ingen av deim som framleis freistar forsvara Pol Pot-regimet, og dei hævdar sjølve at dei inkje visste um den grufulle nedslaktingi som gjekk fyre seg.

Forfattaren gjeng langt i å tru dei på deira ord. Ikkje minst av di det på denne tidi var eit stort problem at Pol Pot-regimet ikkje vilde sleppa journalistar inn i landet. På den eine sida hadde ein den offisielle propagandaversjonen, på hi sida rapportane frå stødt fleire flyktningar - flyktningar som fortalde ei heilt onnor historie enn den offi-sielle. Dette førde naturleg nok til mange spekulasjonar um kva som gjekk fyre seg. I 1976 publiserte til dømes Sydney Morning Herald bilæte av raude khmerar som avretta sivile, bilæte som seinare vart prova å vera falske. Og eit intervju som ein italiensk journalist det same året hævda å ha gjort med den kambodsjanske statssjefen, Khieu Samphan, synte seg på same måten å vera konstruert. Ei onnor historie, som hev versert i vestlege media heilt fram til i dag, er rapportane um at Raude Khmer etter inntoget i Phnom Penh systematisk tok livet av alle som hadde brillor. Helder ikkje denne forteljingi hev rot i røyndomen.

Det som er klårt er at det både under Vietnam-krigen og seinare i Kambodsja var umfemnande propaganda frå båe sidor, og det kom til eit punkt der dei aktivistane som hadde teke stoda for kommunismen ikkje lenger trudde på dei nyhendemeldingane som kom fram. I 1977 kasta til dømes den kjende amerikanske lingvisten og samfundsdebattanten Noam Chomsky seg inn i ordskiftet, og han gjekk langt i å taka parti for dei som hævda at rapportane frå Kambodsja um tortur, utsvelting og nedslakting var skremselspropaganda. Millom svenske vinstreradikalarar var det ei vanleg uppfatning at media dreiv ein "hetskampanje" mot det kambodsjanske regimet.

Hedda Ekerwald er ei av dei som forfattaren hev tala med. Ho fortel at Demokratisk Kamputchea vart hennar hovudinteressa frå 1977. Ekerwald fortel at ho fyrst og fremst ynskte å engasjera seg i kampen mot USA-imperialismen. Det viktugaste var etter hennar syn å få slutt på USA si krigføring. Det var seinare at engasjementet hennar kom på ville vegar. Ho jamfører seg sjølv med ein kjernekraftsven som framleis hev tru på kjernekraftkonseptet, jamvel um ein etter 1986 må taka Tsjernobyl-nedsmeltingi med i reknestykkjet. Kommunismens offer er nøgje bokførde, segjer ho, men kven hev freista bokføra alle ofri for kapitalismen og imperialismen, og for den strukturelle valden som den rådande verdsordningi representerar?

Gunnar Bergstrøm er ein annan utsending som forfattaren hev tala med. Bergstrøm kallar i dag den kambodsjanske revolusjonen for ein "skrivebordsrevolusjon" der ein handfull personar med "xenofobisk verdsbilæte" sette fram utopiar "fullstendig utan tanke på menneske". Bergstrøm var yvertydd Pol Pot-sympatisør både då han kom til Demokratisk Kamputchea, og då han kom attende, men det var sumt han hadde sèt og høyrt som gav grobotn for tvil. Seinare melde han seg heilt ut or den kommunistiske rørsla.

Kambodsja frå kongedøme til militærstyre

På 1970-talet eksisterte det eit aktivt svensk-kambodsjansk venskapssamband. På same måten som med andre kommunistiske regime, til dømes det sosialistiske Albania, var det i vinstreradikale krinsar ei sterk interessa for statar og land som stod på rett sida i "kampen". Seinare hev interessa for desse landi dabba av, samstundes med at andre stridar og konfliktar er komne i fokus, og det er i grunnen synd, for mange av desse landi hev ei sers forvitneleg soga, både frå gamal og moderne tid.

Ein av veteranane i kambodsjansk politikk dei seinste seksti åri er prins Noroddom Sihanouk. Sihanouk var upphavleg konge i Kambodsja, men abdiserte på midten av femti-talet av di grunnlovi ikkje gav honom løyve til å involvera seg so mykje i politikken som han sjølv ynskte. Den aldrande faren hans, som aldri hadde interessert seg for politikk, tok yver titelen som konge, medan Sihanouk sjølv heldt fram som statsminister og prins.

Sihanouk styrde landet som um det skulde vera hans eigen private butikk, til dømes regisserte han filmar som vart spela inn på staten si rekning, og gjerne med soldatar frå heren som statistar, men i motsetnad til mange andre korrupte diktatorar engasjerte hans seg samstundes aktivt med å byggja ut landet, med helsestell, skular, vegar og annan infrastruktur. På papiret var landet eit demokrati med fulle borgarrettar for alle, men dei sterkaste kritikarane av regimet hadde ein tendens til å koma i klammeri med tryggjingspolitiet. Etter måten mange leidande vinstreopposisjonelle vart dømde til fengselsstraffer, sume vart myrda og stødt fleire gjekk under jordi og tok til å organisera motstandskamp.

Prins Sihanouk freista å halda ei nøytral lina i høve til Vietnam-krigen. Likevel var Sihanouk nær ved å verta avsett i ei rad ulike kuppfreistnader, orkestrerte frå Sud-Vietnam og Thailand, som han mistenkte at USA stod attum. I 1959 kom det tvo pakkar med "presangar" til slottet hans. Pakkane var adresserte til mor hans, men vart opna av den kongelege hovmeisteren. Det var ei bomba som bles ut heile romet og drap tri menneske.

Etter dette var Sihanouk yvertydd um at CIA freista styrta honom, og stilltegjande gjekk han med på å hjelpa Nord-Vietnam i konflikten med USA. Samstundes med at krigen stod på som verst i Vietnam, gjekk det fyre seg ei umfemnande våpen-smugling gjenom Kambodsja, frå hamna i Sihanoukville til den sokalla Ho Chi Minh-vegen. Då prins Sihanouk i 1970 var på utanlandsreisa til Frankrike, tok general Lon Nol makti i eit militærkupp. Nokor direkte amerikansk innblanding i kuppet let seg ikkje ettervisa, men CIA kjende til kupp-planane og let vera å åtvara prinsen.

I byane var folk leide av prins Sihanouk, men på landsbygdi hadde Sihanouk framleis høg status, og spontane demonstrasjonar braut ut. Lon Nol svara med å senda ut heren, som meia ned demonstrantane med kulesprøytor (miltraljøsor).

Frå militærdiktatur til "Demokratisk Kamputchea"

Lon Nol starta ein militær kampanje for å få jaga dei vietnamesiske kommunistane ut or Kambodsja, men snart var offensiven snudd til ein forsvarskamp, med di halve Kambodsja vart okkupert av vietnamesiske upprørarar. I april 1970, månaden etter maktyvertakingi, gjekk amerikanske og sudvietnamesiske styrkar inn i Kambodsja for å nedkjempa kommunistane. Åtaket kom like yverraskande på Lon Nol-regimet som på dei vietnamesiske kommunistane. Og åtaket vart ikkje berre halde i løynd for Lon Nol: Den amerikanske grunnlovi slær fast at det berre er kongressen som kann lysa krig, og president Nixon innsåg at han ikkje kunde få dei folkevalde til å stydja ein invasjon i Kambodsja. Difor starta han like godt krigen på eige tildriv, og hævda i ettertid at det ikkje var nokor utviding av krigen til Kambodsja, men snarare ein freistnad på å få avslutta krigen i Vietnam.

Det amerikanske engasjementet var ikkje langvarande, snarare var det ein stuttvarande aksjon som hadde til fyremål å få stabilisert Sud-Vietnam nokolunde fyre dei drog seg heilt ut or Sudaust-Asia. Og etter at amerikanarane var ute or landet, heldt den kommunistiske motstandskampen fram. Den 17. april 1975 var det slutt for Lon Nol. Hovudstaden Phnom Penh vart innteken utan sverdslag av kommunistane - Raude Khmer, som prins Sihanouk hadde valt å kalla dei, og som dei sidan er vortne heitande på folkemunne. Raude Khmer vart tekne imot som frigjerarar då dei kom.

Raude Khmer, leidde av den til då ukjende Saloth Sar, med dekknamnet Pol Pot, byrja straks arbeidet med å tøma byane for folk. Det finst ulike slags forklåringar på kvifor: Ei mogleg forklåring er at dei var rædde for at det gamle regimet med studnad frå CIA vilde starta ein motaksjon med base i byane. Ei onnor forklåring er det at landet var krigsherja og infrastrukturen øydelagd, og at byfolket laut ut på bygdi um dei ikkje kort og godt skulde svelta i hel.

Eit kollektivistisk rissamfund

På landsbygdi vart byfolki sette til å arbeida på rismarkane. Det meste av risen som vart produsert gjekk til utanlandseksport. Pol Pot hævda etter ei tid at landet var vorte sjølvforsynt, men realiteten var at dei fleste arbeidsfolki fekk altfor lite mat, og stødt fleire svalt i hel. Um utsveltingi var ein medviten taktikk eller um det var eit resultat av rangslegen politikk er framleides uvisst. Det som er sikkert er at dei ulike kollektivi hadde planar dei laut nå for kor mykje ris dei skulde levera. Produserte dei ikkje nok ris, tok dei av den risen som arbeidsfolki skulde liva av. Og næste år vart dei gjerne pålagde å levera endå meir ris, sidan dei året fyrr hadde greidd å nå den upphavlege målsetnaden. På denne måten laut folk arbeida stødt meir for stødt mindre mat. Og dei som ikkje arbeidde hardt nok vart straffa med daudedom - aller helst vart dei slegne i hel med stokkar eller hakkor slik at ammunisjonen vart spard.

Når den svenske delegasjonen vitja Phnom Penh i 1978, som fyre krigen tok til hyste 600.000 menneske, hadde byen 30.000 ibuarar att. Dei fleste var folk som arbeidde i partiet sitt toppskikt.

I det nye regimet skulde menner og kvinnor liva kvar for seg. Ekteskap skulde gjerast med Organisasjonen si godkjenning, og brudlaup vart haldne kollektivt utan vidare feiring. Ofta skulde arbeidet halda fram som vanlegt rett etterpå. Samstundes vart folk uppmoda um å få so mange born som råd var.

Sume stader vart familiane kløyvde upp. Born eldre enn seks år laut bu åtskilde frå foreldri sine, og vart sende på organisert barnearbeid. Når dei sumtid fekk gjesta foreldri sine var det ei ambivalent uppleving. Borni sin lojalitet var ikkje lenger til stades, dei var vortne Organisasjonen sine små spionar.

Organisasjonen ser og høyrer alt

Det var ein upersonlegdomskult i det nye regimet. Same kor mykje Pol Pot var kveikt av Stalin, Mao og Kim Il Sung, ynskte han ikkje å symbolisera revolusjonen. Fokus skulde vera på Organisasjonen. Og kor totalitært det nye kambodsjanske regimet verkelegt var kom snart for dagen. I alle kommunistparti er det til dømes vanlegt at partikadrane både kritiserar og tek sjølvkritikk. Dette for å kunna korrigera seg sjølve og andre. I Demokratisk Kamputchea fekk sjølvkritikken eit anna innhald. Organisasjonen visste i utgangspunktet alt um deg, og sjølvkritikken var soleides einast til for å stadfesta at ein var ærleg og sanna mistaki sine.

Det kambodsjanske kommunistpartiet vart grunnlagt i byrjingi av 1950-talet, men i 1976 slo Pol Pot fast at partiet hadde vorte skipa i 1960, og partiet vart med eitt slag ni år yngre. Pol Pot hadde sine grunnar til å umskriva partisoga, for 1960 var året då han vart vald inn i toppskiktet åt partiet. Året 1960 markerte samstundes slutten på den vietnamesiske innverknaden på dei kambodsjanske kommunistane. Etter Pol Pot sitt syn var Vietnam ute etter å skapa eit slags indokinesisk Sovjetunionen, og det vilde han ikkje vita noko av, nasjonalist som han var. Med den nye datoen frå 1960 såg det ut som revolusjonen åt dei raude khmerane var deira eige verk. Kommunistiske veteranar, som på 50-talet hadde kjempa på liv og daude i jungelen for den kommunistiske revolusjon, protesterte mot sogeumskrivingi. Dei protesterande veteranane vart førde til regimet sitt torturfengsel S-21. Under tortur "sannkjende" dei at partiet var vorte skipa i 1960. Dinæst vart dei avretta, skulda for å vera vietnamesiske infiltrørar.

Statsterroren

S-21, som tidlegare var ein skule med namnet Tuol Sleng, hev vorte synonymt med tortur og daude. So lenge Pol Pot-regimet stod ved lag, var det sers fåe som kjende til at fengselet eksisterte, men her vart 14.000 menneske sende til avhøyr, tortur og avretting. Det var likevel ikkje nokon serskilt unik institusjon. På landsbygdi fanst det ei rad fengsel der folk vart torturerte og avretta, det var berre dei viktugaste fangane som vart sende til S-21. "Staden der ein gjeng inn, men aldri ut", som partifunksjonærane i nærleiken av fengselet lakonisk pla segja det.

På slutten av 1970-talet byrja thailandsk marihuana å verta sterkt etterspurd i USA, med ein av dei høgste prisane i verdi. Dei amerikanske eventyrarane Lance McNamara og James Clark hadde bygt sin eigen båt, og i 1978 fekk dei ideen um å fara yver Stillehavet, fylla båten med stoff og tena seg rike på narkosal.

Utanfor den kambodsjanske kysten vart dei borda av ein kambodsjansk patruljebåt. Dei vart førde til S-21, fotograferte, torturerte og avretta, skulda for spionasje. Nokon dødsdato er ikkje skriven ned, men dei kann godt ha vore i live i torturfengselet då svenskane var på vitjing.

Det var fyrst i 1980 ein ven av Lance McNamara fekk nyss um kva som hadde hendt. Han reiste til Kambodsja, og vitja Tuol Sleng - i von um å ein slags fred med seg sjølv. Konfrontert med blodige torturreidskapar og stablar med daudingeskallar fekk han eit nervøst samanbrot.

Det kambodsjanske systemet var tufta på tysting. Um tri personar nemnde det same namnet var det nok til å få personen arrestert. Med tortur var det ikkje vandslegt å få fram listor yver kontrarevolusjonære. Dei torturerte uppgav alle dei som dei kjende. Og var ein fyrst arrestert, so var det umoglegt at Organisasjonen hadde arrestert nokon utan grunn. Ein gjorde best i å fyrst som sist sanna ugjerningane sine, vart det sagt i avhøyri, elles vanka det endå meir tortur. Både det kommunistiske S-21 og det nazistiske Auschwitz var utrydjingslæger, men i S-21 trudde dei at dei kunde få noko ut or fangane fyre dei var pinte i hel. Dei rekna med at det fanst leidetrådar i den framtorturerte informasjonen. Kann henda kunde han leida til kjernen i den konspirasjonen som dei trudde truga regimet.

Dødstali

Utrekningane av talet på drepne ymsar frå 750.000 til tri millionar. Talet på menneske som vart avretta ligg ein stad millom nokre hundrad tusund til meir enn ein million. Den store uvissa skriv seg frå at det ikkje finst tilgjengeleg statistikk. Utrekningane baserar seg på gissingar. Den siste pålitande folketeljingi vart gjord i 1962, då folkesetnaden talde 5,7 millionar menneske. Seinare kann ein berre spekulera i folkeauken. Kanskje 2,2 prosent pr år?

I 1969 tok USA til å bomba landet. Kor mange vart drepne då? Sume segjer 50.000, andre 500.000. Og sidan kom borgarkrigen, dinæst Pol Pot-regimet med avrettingar og utsvelting. Og etter at regimet fall, vart det endå ein svoltkatastrofe.

Spelar det nokor rolla um det var 750.000 eller 3.000.000 som døydde? Ein kann ikkje segja at 2,3 millionar menneskeliv er uviktuge. Men skulde brotsverki vera mindre ålvorlege um berre 750.000 miste livet?

Utviklingi etter 1978

Dei kommunistiske leidarane i Hanoi lika ikkje utviklingi i Demokratisk Kamputchea. Vietnam hadde valt å orientera seg mot Sovjetunionen, som låg i konflikt med Kina, og Vietnam vilde ikkje under noko umstende ha eit kinesisk lydrike langs vestgrensa si. Historisk set hadde Kina dominert Sudaust-Asia, og Vietnam gjorde seg difor ingen illusjonar um kva Kina vilde med studnaden sin til Pol Pot. I 1978 invaderte dei landet, med det fyremålet å setja inn eit nytt Vietnam-venlegt regime.

For Vietnam-rørsla i Vesten var konflikten millom Vietnam og Kambodsja ein sterkt desillusjonerande konflikt. Vietnam hadde vore symbolet for at eit lite folk kunde reisa seg mot ei stormakt. Med invasjonen i Kambodsja i 1978 var det Vietnam som var vorte "undertrykkjaren". Men for maoistar kringum i verdi var innmarsjen samstundes det endelege provet på at Sovjet-venlege Vietnam hadde synt sitt "sanne andlet". Å halda fram å stydja Pol Pot sin kamp var soleides naturlegt.

Frå fjellmassivi i grensetraktene mot Thailand heldt Pol Pot fram kampen etter den vietnamesiske invasjonen i 1978. Thailand vart deira nye allierte, studd av so vidt ulike land som USA og Kina. Men i 1981 vart Kambodsjas kommunistparti nedlagt. I staden lanserte Pol Pot og hans nestkommanderande Nuon Chea ein upolitisk "nasjonalarmè", med einaste fyremål å halda fram geriljakrigen mot dei vietnamesiskstudde styresmaktene. I ei samtala mange år seinare fortel Pol Pot at "[m]e valde kommunismen for å frigjera landet vårt. [...] Men no krigar kommunistane mot oss. Difor lyt me venda oss til vestmaktene og slå inn på deira veg".

Fyrst i 1998 var borgarkrigen i Kambodsja endeleg slutt, det same året som Pol Pot let livet. Det var ikkje fyrste gongen det var rapportert at Pol Pot var daud, men denne gongen var meldingi endeleg. Året fyreåt, I 1997, tok kambodsjanske styresmakter kontakt med SN for å få stabla på føtene ein domstol der ein kunde føra rettssak mot dei som var andsvarlege for massemordet. Her skal dei sentrale leidarane som framleides er i live få svara for ugjerningane sine - millom desse Khieu Samphan. Domstolen kjem millom anna til å fastsetja korleides Pol Pot-regimet sine brotsverk skal kategoriserast. Um det er tala um at nasjonale minoritetar, som kinesarar og vietnamesarar, eller religiøse gruppor, som dei kambodsjanske muslimane eller buddhistmunkane, vart forfylgde meir enn andre, kann det koma på tala å døma dei for folkemord. Kor som er so kann den komande sakførsla vonlegt til å få fleire fakta på bordet um kva som verkelegt hende millom 1975 og 1979.

Avslutning

Det må til slutt nemnast at forfattaren hev sett boki si saman på ein nokso spesiell måte. Boki er kløyvd upp i heile 259 ulike nummererte småstubbar, og rekkjefylgja av dei ulike stubbane kann for ein utanforståande verka meir eller mindre slumpesam. I den eigne augneblinken er me i Phnom Penh på 2000-talet, i den næste er me hjå Pol Pot og studiekameratane hans i Paris på 50-talet, so er me med forfattaren når han leitar i bøker og blad frå den vinstreradikale foreldreheimen, og innimillom dukkar det stødt upp nye fragment av kommunistisk propaganda, historiske hendingar og tragiske menneskelagnader. For meg som les kjennest det som eg er med på forfattaren sin eigen research til det som skal verta ei bok, og det er trulegt det som er meint med. Eit originalt grep, som gjer det spanande å fylgja forfattaren, men det gjev boki likevel den veikskapen at ho stend att meir som ei datainnsamling enn som ein analyse av det som gjekk fyre seg. Etter å ha lese boki er eg framleis ikkje akkurat imponert yver det som den svenske reisedelegasjonen hev havt å segja til sitt forsvar 25 år seinare, og me fær helder ikkje vita kva forfattaren sjølv tykkjer um orsakingsfreistnadene deira.

Den kambodsjanske rettsuppgjerdi som siglar upp i desse dagar kann kanskje hjelpa oss med å få eit svar på kva som var meiningi med å drepa og svelta ut so uhorvelegt mange menneske. Derimot kjem ho neppe til å gjeva oss noko nærare svar på kva som fekk vestlege vinstreradikalarar til å stydja massemordarane. Den siste boki um dette temaet er nok neppe skrivi enno.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!