Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Det politiske i målsaki

Av Lars Bjarne Marøy

Kvifor skal ein gjeva ut eit tidskrift som Målmannen, og det med den høgnorske rettskrivingi som bladet nyttar? Dette er eit spursmål som alltid melder seg for lesarar som er ukjende med målet og målsoga. Frå målrørsla eller meir kunnige lesarar reiser spursmåli seg gjerne med litt andre tilnærmingar. Kvifor hev til dømes Målmannen havt so mange artiklar um politiske spursmål, og det med skribentar der innfallsvinklane ofte vert assosierte med ein konservativ politisk stå-stad?

Det siste spursmålet er nok meir samansett enn det fyrste, men dei heng nok i hop.

Skal ein verta klokare, må ein sjå attende på soga. I andre land som det kunde vera naturlegt å jamføra seg med, hev det jamnast vore eit eige kulturberande lag som vakta um skriftkulturen. Men i Noreg vart adelen vatna ut av danske og tyske tilflytjarar, og det kulturberande sjiktet i Noreg vart knytt til dansk mål.

Då målrørsla stod fram på 1800-talet, var det bondestanden som kunde knyta upphavet sitt attyver gjenom det norske målet. Dette hev vorte nynorskens lagnad. Det norske målet hev vorte knytt til bygde-Noreg - og med det til dei uppgangs- og nedgangstidene som bygde-Noreg hev havt. Dinest hev mange leidande aktivistar i målrørsla aktivisert seg på vinstresida i politikken.

Den typiske målmannen skulde ikkje vera for rik og han skulde ikkje vera for sterkt uppteken av finkultur - og det hev mest vore ei norm at det ikkje skulde vera moglegt å laga til ei gruppering som skulde stå i opposisjon til desse ideali og til dei vinstreradikale straumdragi i målrørsla.

Det finst naturlegt nok målfolk i Noreg som ikkje er vinstreradikale, som til dømes Hallgrim Berg, og det finst aktive kristenfolk som nyttar nynorsk, som til dømes Karl Johan Hallaråker, men dei er einslege svalor. Det var soleis eit vendepunkt for bladet vårt då me strama upp profilen i 2005. Kvifor me hev kome fram til den profilen me hev no, er nok samansett. Men det stuttaste svaret er av di det mest ikkje er nokon andre som stend for dei synsmåtane me ynskjer å fremja.

Ei meir forvitneleg tilnærming er nok å leggja vinn på at det som vantar i målrørsla er ei sterk gruppering av medvitne skribentar som arbeider for å breida ut ei nynorsk rettskriving gjenom umfemnande skribentverksemd - ikkje berre knytt til målspursmål, men til dei mest mangslungne emne elles.

Dei nynorske akademikarane er lite samordna og lite medvitne målfolk - jamført med skribentar som kann knytast upp til riksmålsrørsla. Nynorskfolk hev vorte upplærde med at målet i stor mun er eit personlegt uttrykk for talemålet og ikkje knytt til ein litteratur og ei soga.

Serleg må ein kunna segja at denne ut-glidingi må ha gjenge fyre seg dei seinste 30-40 åri. Aldri fyrr hev det kome upp so mange ulike personlege rettskrivingar - samstundes som den offisielle rettskrivingi og mykje av det som vert skrive på nynorsk held seg i ei etter måten standardisert bokmålsnær leid med millom anna fylgjerett e-infinitiv.

I utgangspunktet skulde ein tru at då store mengder ungdomar på 1960- og 1970-talet reiste frå bygdene til byane og tok utdanning, so kom nynorsken til å standa sterkare. Men det paradoksale er at nynorsken som eit samlande og einskapleg mål stod langt sterkare um ein gjeng 70 år attende i tid. Det hjelper ikkje med datamaskinar og skriveføre folk som kann spreida informasjon yver heile verdi med eit tastetrykk, dersom ein vantar det viktugaste: eit mål som ein hev sams og som ein er byrg av og som ein vil arbeida og slita for å læra meir av og jamvel læra burt til andre.

Då dei fyrste akademikarane byrja å taka nynorsken i bruk, var dei og venene deira nyfikne på korleis målet fungerte i praksis. Dei vilde lesa bøkene åt kvarandre og studera korleis dei la fram faget sitt og kva ord og ordlag dei nytta. Dei skjønnlitterære forfattarane la tyngd i å ordleggja seg so norskt som råd, med sernorsk setningsbygnad og sernorsk stil.

Jamvel dei som ikkje hadde vit eller evna til å halda fylgje med dei hine respekterte dette. Dei hadde vyrdnad for dei som var kunnige.

I dag derimot hev dei ukunnige vorte dei leidande. Me høyrer um folk som ikkje skynar sermerkte norske ord. Leidande mediefolk frå nynorskdistrikt kann koma til å insistera på retten til å nytta bokmålsord og bokmålsvarianten av eit ord.

Ein må spyrja seg kva slags lesnad dei nynorske skribentane og upplesarane i vår tid er vortne uppfostra med. Kor som er so vil me ikkje døma nokon. Me ynskjer derimot å byggja upp våre eigne skribentar - dei høgnorske. Me vil ha eit toppsjikt av målfolk som ikkje treng vera sjølvlærde, og som gjerne kann ha sans for og gleda av finkultur. Og me vil gjerne kveikja til at det kjem fram fleire målfolk som vågar segja at dei stend for noko anna enn det som dei vinstreradikale gjer.

Kvifor vil me det? Jau, av di me vil hindra at me sit att med målfolk som sutrar yver at bygdeungdomen hev tapt målføret sitt av di dei reiste til byen. Me vil ha målbrukarar som lærer seg meir nynorsk med di dei studerer målet og samanhengen i målet, og gjerne saman med andre som vil lære seg meir um målet. Me vil ha språkbrukarar som godtek rettskrivingsreglane i Aasen-målet av di dei er vituge, helder enn å laga sin eigen nynorsknormal som alle andre må læra seg. Me vil ha målbrukarar som ser si æra i å læra seg sernorske ord og ordlag i daglegt um-gjenge med det norske målet.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!